Opning av Høstutstillingen i 2013
Foto: Gorm Kallestad / Scanpix

Huset med det rare i

I 90 år har skandalane stått i kø på Kunstnernes Hus.

Eit steinkast unna Slottet i Oslo ligg ein stor, karakteristisk kloss med ei rik historie. Sidan 1930 har Kunstnernes Hus provosert og begeistra.

Det som er spesielt med huset, er at det er eigd av norske kunstnarar. Og der kunstnarar får rå, skjer det mykje absurd, gøy og fint.

Så når huset fyller 90 år, er det rom for å kose seg i arkivet. Har du for eksempel høyrt om kunst-tjuven som la skulda på sitt eige spøkelse?

Her er ti av dei meir spesielle minna frå livet til jubilanten.

kultur1

Skandalemåleriet som lurte alle

Asbjørn Aamodt hadde ein noko uvanleg yrkeskombinasjon: Fotballspelar, kunstkritikar og kunstnar. I 1934 gjennomførte han eit av dei særaste stunta i husets historie.

Aamodt meinte at juryen som valde ut kunst til den årlege Høstutstillingen let seg styre av trendar. Han bestemte seg for å sende inn eit elendig «motemåleri» under pseudonym. Slik skulle han bevise at juryen favoriserte trendar over kvalitet.

Det mest trendy på 1930-talet var å lage sosialrealistiske måleri i all si elende. Difor måla Aamodt ei ung jente som blir dratt av garde av ein skummel fyllik. Etter ein og ein halv time var det samanraska verket ferdig.

Måleriet fekk tittelen «På vei til løkka» og Aamodt signerte med pseudonymet «Rolf Aakervik».

"På vei til løkka"

KLASSEMOTIV: I dag høyrer «På vei til løkka» passande nok heime hos Arbeidersamfunnet i Oslo.

Foto: Asbjørn Aamodt/BONO / O.Væring Eftf AS

Nålauget for å kome med i Høstutstillingen var trongt. Fleire hundre hadde sendt inn bidrag. Likevel kom «På vei til løkka» med.

Som ein god algoritme hadde Aamodt funne ut kva juryen ville ha, før dei sjølv visste det.

Ikkje nok med at måleriet kom med. No vart den fiktive «Rolf Aakervik» løfta fram som ein ny kunstsensasjon.

Dagbladet trykte måleriet på førstesida, og spekulerte i kven opphavsmannen var: «Det fortelles at han er født i Skjåk, ryktet vil vite at han ble funnet innpakket i et nummer av Gudbrandsdølen på trappen av Kunstnernes Hus, men da var han allerede 18 år gammel.»

I same avis kunne ein lese eit ope brev til juryen, signert Asbjørn Aamodt. Der kritiserte han sitt eige pseudonyms «makkverk». Slik starta han ein debatt om juryens metodar, utan at nokon visste at det eigentleg var Aamodt som hadde måla verket.

Neste dag hoppa Aamodt ut av kaka og ropte «overrasking». Ikkje bokstaveleg talt, då. Han gjekk ut i avisa og avslørte at han eigentleg var Rolf Aakervik. For eit stunt!

Juryen var i stuss om korleis dei skulle møte kritikken. Sjå for deg følgjande i kjapp hastigheit med sketsj-musikk i bakgrunnen: Dei tok biletet ned frå veggen, hengde det opp igjen, tok det ned igjen, før dei til slutt blei einige om at det framleis var godt.

Etter avsløringa steig skandalemåleriet i verdi. Til slutt kunne Aamodt håve inn 700 kroner, ein sum som svarar til 28.000 kroner i dag.

Den nye eigaren sendte skandalen ut på noregsturné.

kultur2

Picasso-sensasjon

Eit av 1900-talets viktigaste kunstverk kom til Oslo i 1938.

«Guernica» av Pablo Picasso er åtte meter langt, og tre og ein halv meter breitt, eller ifølgje Aftenpostens storleiksskala på den tida, «på størrelse med en middelstor villa i Aker».

Tittelen tok Picasso frå ein by som vart sundbomba under den spanske borgarkrigen. Han ville vise den menneskelege kostnaden av krig.

"Guernica" av Pablo Picasso

SENSASJON: Hylla og debattert i Paris, 1937.

Foto: Pablo Picasso / Museo Nacional Centro De Arte Reina Sofia

Picasso hadde måla verket spesielt til den spanske stats paviljong på Verdsutstillinga i Paris i 1937. Der fekk antikrigsprotesten internasjonal hyllest. Kunstkjennarar frå heile verda stod i kø for å få verket til «sin» by.

At neste stopp for måleriet blei Kunstnernes Hus i Oslo, kan ikkje kallast anna enn eit grovt kupp.

Mannen som fekk den ettertrakta utlånsavtalen i hamn heitte Walter Halvorsen. Kunstkjennaren hadde kontakt med fleire av dei store franske målarane – også Picasso, som både hadde spansk og fransk pass.

Vel framme i Kunstnernes Hus dekte måleriet ein heil vegg i ein av salane i 2. etasje.

Til opninga kom prominente gjestar som dottera til kunstnaren Henri Matisse (representert i same utstilling, journ.merk.), den verdskjende kunsthandlaren Paul Rosenberg, kong Haakon, kronprins Olav og kronprinsesse Märtha.

Utstillinga fekk svært rosande omtale i pressa. «Eineståande» og «praktfullt» var adjektiv som gjekk att. Kunstnernes Hus opplevde rekordframmøte.

Picasso, derimot, var ikkje å sjå. I forkant av utstillingsopninga hadde arrangøren gitt følgjande forklaring til Aftenposten: «Franskmenn er vanemennesker, de forlater ikke gjerne sitt hjemsted, og de har slett ikke lyst på Norge ved vinterstid. De tror det er iskaldt her.»

kultur3

Skyttargraver og kulehol

9. april 1940 kom krigen til Noreg.

Dei første åra fekk Kunstnernes Hus vere i fred. Så bestemte tyskarane seg for at det vakre bygget eigna seg som lager.

1. april 1942 vart kunstnarane kasta ut.

Hyllemeter på hyllemeter med forsyningar og reiskapar tok plass der kunsten hadde rådd.

Kunstnernes Hus si administrative og økonomiske drift gjekk sin gang i eit anna bygg, men kunsten, han hadde dei ingen stad å vise fram.

Etter krigens slutt i 1945 fekk kunstnarane huset sitt tilbake. Det som møtte dei, var eit trist syn.

Opprydding på Kunstnernes Hus etter krigen, 1945

OPPRYDDING: Kunstnernes Hus, 1945.

Foto: O. Væring / Kunstnernes Hus arkiv/Nasjonalmuseet

Piggtråd-gjerde, skyttargraver og ein mur gjennombora av kulehol omringa huset. Eit stort hol førte inn til kjellaren, der all slags skrot låg strødd omkring.

Også innvendig var huset i ei elendig forfatning. Marmorgolva og søylene var skitna til.

Tyske fangar blei sett til å rydde opp.

Det var framleis såpass skittent då kunstnarane flytta inn igjen, at dei søkte kommunen om 25 kilo grønsåpe.

Huset vart reint til slutt, men oppryddinga trekte ut slik at Høstutstillingen ikkje kunne opne før i november 1945.

kultur4

Giga-prosjektet som blei økonomisk katastrofe

I 1956 heldt Kunstnernes Hus på å knekke nakken på éi enkelt utstilling då stormannsgalskapen tok overhand.

«Etruskernes gåte» inkluderte 500 kunstverk.

Forsikringssummen var på 267 millionar kroner etter dagens kurs.

Utstillinga var opphavleg sett i stand av den italienske stat, og tok for seg eit folkeslag som budde i Toscana-området 500 år før Kristus. Smykke og skulpturar i gull, sølv og bronse blei lånt inn frå 34 ulike samlingar i Tyskland, Italia og Frankrike.

Som einaste galleri i Norden fekk Kunstnernes Hus overta dei verdifulle kunstverka etter Paris, Haag, Milano og Zürich.

Begeistringa var stor, men fallhøgda enda større.

Til Oslo kom fire jernbanevogner med 130 kasser fylt med kunst.

Dei tilsette ved Kunstnernes Hus jobba i eit bankande køyr for å få alt i stand til opninga.

Dei kommuniserte på tysk, italiensk, dansk, norsk, engelsk og fransk. Dei hyrte arkitekt, snikkarar, tapetserar, målarar og elektrikarar. Dei bygde opp eit heilt gravkammer i ein av salane.

Det var ingenting å seie på pågangsmotet.

Det vart sett opp buss frå Sverige til Noreg for å lokke til seg svenske besøkande.

Likevel var Titanic i ferd med å treffe isfjellet. Utgiftene var større enn venta.

Kronprins Olav ved opninga av utstillinga "Etruskernes gåte" ved Kunstnernes Hus i Oslo

GIGA-PROSJEKT: «Etruskernes gåte» blei promotert som den største hendinga i Kunstnernes Hus si historie. Kronprins Olav stod som beskyttar.

Foto: Scanpix

Skulle Kunstnernes Hus unngå økonomisk fiasko, måtte heile 150.000 menneske besøke utstillinga.

Trass i overveldande mediedekning enda utstillinga til slutt med 65.000 besøkande og eit underskot på 235.000 kroner, som svarar til 3,4 millionar kroner i dag. Revisoren konkluderte med at dersom Kunstnernes Hus hadde vore eit vanleg firma, så hadde han råda dei om å vurdere konkurs.

Etruskar-feberen hadde ridd huset, og berre ein effektiv kur kunne redde det. Heldigvis stod stat, kommune og kunstnarar klare som donorar. Etter ei stund vart huset friskmeldt.

kultur5

Tjuv hevda å vere mannen på biletet som han stal

Som alle kunstgalleri med respekt for seg sjølv har også Kunstnernes Hus vore utsett for tjuveri. I 1966 dukka ein spøkelsestjuv opp.

Kunstnernes Hus viste fram ei fotoutstilling med kjente kvinner og menn. Blant anna var den franske poeten Baudelaire avbilda i eit 100 år gamalt, sjeldan portrett. Det var det einaste originalfotoet av han i Skandinavia.

Ein dag var biletet borte frå veggen. Der portrettet hadde hengt, stod ei mystisk melding skriven med blyant: «Ikke happening, men hver dag!»

Happenings, eller framføringar, var vanleg på huset. Var dette ein protestaksjon? Eit uhyggeleg varsel?

Leiinga ved Kunstnernes Hus gjekk ut i avisene og bad om at tjuven måtte returnere fotografiet.

Faksimile av stelt måleri i Aftenposten 1966
Foto: Faksimile Aftenposten/ Kunstverk Gaspard-Félix Nadar.

Heile historia ber preg av å ha skjedd i Olsenbandens gulltid, for det viste seg at kjeltringen hadde eit «nobelt» motiv bak handlinga.

Kunstverket vart sendt tilbake i posten neste dag. Vedlagt låg eit langt og forvirrande brev, signert Charles Baudelaire. «Mitt spøkelse stod for tyveriet, jeg likte ikke plasseringen på utstillingen», siterte Aftenposten.

Baudelaire hadde på dette tidspunktet vore død i 100 år. Han vart raskt utelukka som mistenkt. Fotografiet måtte vere stelt av ein som var fornærma på vegner av mannen på fotografiet.

Vidare fortalde tjuven at han var sur for at Kunstnernes Hus hadde plassert «han» ved sidan av George Sand i utstillinga. Sand var ei kvinne som skreiv under mannleg pseudonym, men stod i bresjen for kvinnefrigjering. Tjuven hadde eit horn i sida til henne.

Han bad om at Baudelaire måtte få hengje ved sidan av den mannlege kunstnaren Eugène Delacroix.

Utruleg nok fekk han ynsket sitt oppfylt. Kunstnernes Hus ynskte nemleg at damene og herrane på veggen skulle halde fred med kvarandre.

Til og med politimeldinga trekte dei tilbake igjen.

kultur6

Warhol-utstilling gav vaktmeisteren hovudbry

Kunst medfører ofte praktiske utfordringar.

I 1968 stilte Kunstnernes Hus ut 400 pappesker av oppvaskmiddel-merket Brillo. Det var popkunstnaren Andy Warhol som stod bak, og verket var ein kommentar til forbrukarsamfunnet.

Kunsten hans har seinare håva inn nokre av dei høgste salssummane i kunstverda.

For Kunstnernes Hus var det topp å få ei Warhol-utstilling til Oslo. For vaktmeisteren skapte det hovudbry.

Dei 400 pappeskene kom først til Oslo dagen før utstillingsopninga. Saman med styreformannen bretta vaktmeisteren pappesker heile natta.

Kvar dag var det dessutan fare for at uforsiktige eller sinte publikummarar skulle dytte rundt på eskene, slik at han måtte gjere alt på nytt att.

For fleire i publikum vart forvirra eller sinte då dei såg den provokative kunsten.

Å stille ut reklame for såpe og den elektriske stol – var dette kunst? Det tidlause spørsmålet blei mumla ut i lokalet.

Eit avsnitt frå Aftenposten 9. desember 1968 viser haldninga enkelte hadde:«En dame blar indignert i katalogen og oppdager at Warhol er 38 år. Utbryter at da har han ingen unnskyldning for å lage slikt. Hadde han vært tyve så…»

Andy Warhol-utstilling på Kunstnernes Hus i 1968

400 ESKER: Vaktmeisteren stabla oppvaskmiddel-eskene oppå kvarandre, slik Andy Warhol hadde planlagt kunstverket.

Foto: Andy Warhol / Ukjent fotograf / Kunstnernes Hus arkiv/Nasjonalmuseet
kultur7

Danske studentar blei kasta ut av riket

Betyr «pot» marihuana, og «sprit» alkohol?

Spørsmålet var sentralt i ein heilt spesiell rettssak i 1970. Slaget stod mellom det norske rettsvesenet og danske kunststudentar.

I samband med ei nordisk ungdomsmønstring på Kunstnernes Hus campa fleire danske kunststudentar i Slottsparken saman med sine 50 vener, som skulle vere levande skulpturar i utstillinga. Dette likte politiet dårleg. Dei vart bryskt kasta ut av parken.

Mønstringa på Kunstnernes Hus gjekk sin gang, men også her fekk danskane gjennomgå. 29. mai 1970 skreiv VG: «Som barn tiltrekkes av skrothauger, slik ble tilskuerne i Kunstnernes Hus tiltrukket av danskenes utstillingsskrot.»

Ungdomsbiennal ved Kunstnernes Hus i 1970

PROVOSERANDE: Danskane hadde laga eit multimedia-rom med ein komfyr, ein fjernskrivar som sende ut pressemeldingar frå NTB, eigenproduserte aviser, eit mørkerom og eit måleri av kronprins Harald med tre 17. mai-sløyfer på.

Foto: Scanpix

I den danske delen av utstillinga var det mellom anna stilt ut porno og karikaturar av kongehuset.

Danskane var ikkje nøgde med behandlinga i Noreg. Dei gjekk no ut i VG og oppfordra til okkupasjon av Slottsparken. «Ta med sovepose, sprit og marihuana,» var bodskapen.

Situasjonen eskalerte kjapt. I media vart det snakka om «det syndige landet» Danmark, medan danskane på si side var lei av dei «pietistiske» nordmennene.

Politiet sikta danskane både for å oppfordre til forstyrring av ro og orden, samt etter pornografi-paragrafen, fordi dei hadde stilt ut fotografi av samleie.

Kunststudentane hevda at park-okkupasjonen var ei slags utviding av kunstutstillinga og dermed omfatta av kunstnarisk fridom.

Dei hevda dessutan at ordvalet på flygebladet og i media var tilfeldig. Striden om ordvalet kan minne om «Kamelåså»-sketsjen i «Ut i vår hage». Hjeeelp, vi forstår hinanden ige!

Advokaten spurte danskane om kva dei meinte med «pot». Nei, det var eit ord som ikkje betydde noko som helst. I alle fall ikkje narkotika. Kanskje det betydde noko gøy. Det same med ordet «sprit». Det betydde ikkje sprit. I verste fall øl.

Dommaren hevda lakonisk at då han var i Danmark, så forstod danskane utmerka godt kva sprit var.

Til slutt fekk studentane valet mellom å bli eskortert til Danskebåten eller å bli fengsla i Noreg. Dei valde det første.

Den nordiske ungdomsbiennalen vart stengt, og sidan har det ikkje blitt arrangert fleire slike på Kunstnernes Hus.

PS: I etterkant presenterte kunstnarane ei rekning på 48 tur-retur-billettar til det danske kulturdepartementet for sine levande skulptur-vener. Verken den danske eller norske stat ville ta reiserekninga.

kultur8

Då dei var redde for attentat

I 1981, lenge før Palestina-skjerf blei eit moteplagg, samarbeida Kunstnernes Hus med Den palestinske frigjeringsorganisasjonen, PLO.

Det kunne gått skikkeleg gale.

På 1970- og -80-talet var Israel-Palestina-spørsmålet svært brennbart. Begge partar stod bak terror og vald.

PLO hadde ein svak posisjon i Vesten samanlikna med Israel. At Kunstnernes Hus inngjekk eit samarbeid med PLOs kunstutval var difor kontroversielt.

Det kunne også vere potensielt farleg.

Israel hadde drepe på norsk jord før. I 1973 vart ein marokkansk mann skutt på open gate av den israelske etterretningstenesta i det såkalla Lillehammer-drapet.

Tilsette ved Kunstnernes Hus var bekymra for attentat eller aksjonar i samband med utstillinga.

Yassir Arafat i 1974

KONTROVERSIELT SAMARBEID: Yasir Arafat utanfor FN-bygningen i New York, 1974.

Foto: MARTY LEDERHANDLER

Leiinga ved Kunstnernes Hus gjekk likevel vidare med planane, av di dei meinte at kunsten hadde ei viktig rolle å spele.

PLOs kunstutval var med på å velje ut kunstnarar og betalte for halvparten av transportkostnadane. Forordet i utstillingskatalogen var signert Arafat.

Tre av dei palestinske kunstnarane takka ja til å bli med på opninga, blant anna leiaren for PLOs kunstorganisasjon. Kunstnernes Hus orienterte politiet om besøket.

Trass i det brennbare temaet: 7. november 1981 opna den første utstillinga i Noreg og Skandinavia med palestinske kunstnarar.

NRK kjenner ikkje til om nokon aksjonar vart forsøkt gjennomført.

kultur9

Flyspons og Internett på Høstutstillingen

Som ei kvar mellomstor bedrift har Kunstnernes Hus desperat prøvd å hengje med i den teknologiske utviklinga.

I 1996 gjorde Høstutstillingen eit forsøk på spons lengje før «rumpeimplantat» og «influencer» var daglegdagse ord.

Juryleiaren kunne stolt forklare at eit ukjent flyselskap flaug inn performance-artistar frå Bergen til Oslo kvar dag for å opptre som sikkerheitsvakter og levande kunstverk.

Ved slutten av dagen flaug selskapet mennene tilbake igjen.

«Mystiske snauklipte menn beveget seg forsiktig i bakgrunnen mens jurylederen orienterte kunstanmeldere og reportere,» fortalde NRKs reporter på pressekonferansen.

Kvifor det var viktig å hente inn vakter nettopp frå Bergen, er ukjent. Det som er sikkert, er at «flyskam» ikkje var eit ord i 1996.

Eksponeringa for flyselskapet var det så som så med. Dei fekk i alle fall ikkje namnet sitt nemnt.

Dette var også det første året Høstutstillingen var tilgjengeleg på Internett. Reportasjen gir eit koseleg bilete over ei tid som kanskje høyrest nær ut, men samtidig er så fjern, så fjern:

Juryleiar Hilmar Fredriksen orienterer pressa medan mystiske vakter følgjer med.

REPORTASJE FRÅ 1996: Høstutstillingen på Internett med flyspons. Juryleiar Hilmar Fredriksen og performance-kunstnar Finn Eirik Modahl blir intervjua.

kultur10

Inn i bårebilen til jublande applaus

Ein av Noregs mest fargerike kunstnarar, både på lerret og i personlegdom, var så glad i Kunstnernes Hus at han vart bisett der i 2018.

Terje Brofos, med kunstnarnamnet Hariton Pushwagner, hadde eit sterkt forhold til huset gjennom mange år, både profesjonelt og privat.

I 1997 hadde han si første separatutstilling der, med blant anna eit verk fargelagt av 30 assistentar. Lengde: 134 meter, breidde: 3,9 meter.

Til Aftenposten, 31. januar 1997, fortalde kunstnaren at å stille ut på Kunstnernes Hus gav status. Han heldt fram: «Den største belønningen jeg kan få nå, er om publikum lar seg begeistre. Om de roper «mer, mer», og håper at «han der Pushwagner kan lire av seg enda noe nytt før han gir seg.»

Han fekk løn for strevet. Pushwagner vart kjent for eit stort publikum.

Etter kvart seig Kunstnernes Hus også inn i kunsten hans. I 2013 stilte Pushwagner ut verket «Kunstnernes Hus» på Høstutstillingen.

"Kunstnernes Hus" av Pushwagner

TIL ÆRE: Fargeeksplosjonen «Kunstnernes Hus» viser fiffen som kosar seg i restauranten. Verket blei stilt ut på Høstutstillingen i 2013.

Foto: Gorm Kallestad / Scanpix

7. mai 2018 blei ein kunstnar for første gong bisett frå Kunstnernes Hus.

Eit av dei siste ynskja til Pushwagner var at bisetjinga hans skulle bli ein stor fest.

Mange hadde møtt opp tidleg og hadde på seg spesialsydde klede med «Pushwagner» eller «Push» på ryggen. NRK-programleiar Thomas Seltzer var konferansier, skodespelar Aksel Hennie las, og familien kom fram med sine minner.

Til saman deltok rundt 700 menneske.

– Det var ei fin, lun stemning prega av høgtid og seremoni, mimrar direktør for Kunstnernes Hus, Anne Hilde Neset.

Kista vart sett ved toppen av trappa, slik at alle gjekk forbi ho på veg ut av huset og tok eit siste farvel.

Så forsvann kista til Pushwagner inn i bårebilen til jublande applaus.

Bisetjinga av Pushwagner ved Kunstnernes Hus i Oslo

FOLKSAMT: Mange møtte opp då ein kunstnar for første gong vart bisett frå Kunstnernes Hus i 2018.

Foto: Gorm Kallestad / NTB Scanpix

PS: 28. mai 2020 opnar Kunstnernes Hus si jubileumsutstilling.

Kjelder: «Høstutstillingen» av Ingrid Lydersen Lystad, «Kunstnernes Hus 1930-1980» av Steinar Gjessing, intervju med Steinar Gjessing, Kunstnernes Hus si nettside, NRKs TV- og radioarkiv, intervju med Anne Hilde Neset. Siterte brev, presseklipp og anna arkivmateriale er henta frå Kunstnernes Hus arkiv/Nasjonalmuseet.

Hei!

Har du tips til kva mi neste sak bør handle om? Ta gjerne kontakt. Tidlegare har eg mellom anna skildra eit gamalt måleri som blei foreina med sin betre halvdel, lurt på kvifor det er einhjørningar overalt, og fortalt historia om då Edvard Munch fekk visittkortet til Josef Terboven

Anbefalt vidare lesnad: