Kvammen, Mena og Nordstoga
Foto: Scanpix

Er det framleis mogleg å skrive ekte og nært om kjærleik?

Odd Nordstoga, Maria Mena og Daniel Kvammen svarar.

Tekstar om kjærleik har eksistert i tusenvis av år. I mellomtida har vi opplevd vikingtider, svartedauden og at Nokia 3310 har blitt avleggs.

Men gjennom alle teknologiske framskritt og vitskapleg utvikling, har følelsen av forelsking og kjærleikssorg vore uforandra. «Romeo og Julie» er like sann/gyldig/sterk over 400 år etter at Shakespeare skreiv stykket.

Så kvifor klarer vi ikkje slutte skrive om eit tema som no burde vere uttømt. Og kvifor er det så mykje enklare å skrive om kjærleikssorg i staden for forelsking, Daniel Kvammen?

daniel kvammen
Foto: Gitte Johannessen / NTB scanpix

– Eg har tenkt ganske mykje på det opp igjennom. For mange av tekstane mine, sjølv om eg skjuler det med å putte ganske «upbeat» arrangement under, er jo ganske nitriste. Eg trur kanskje det handlar om tilstanden eg er i når eg er trist – at så mange sperrer blir borte. Om du går til nokon som har greie på psykologi trur eg dei ofte vil seie at du berre er riven open – du får tilgang til eit heilt anna register då.

Opplever du av og til at du nesten dyrkar tristessen, at det er ein fordel å vere trist i skrivinga?

– Det er jo ein fordel for karrieren. No deler eg kanskje for mykje, men det er nesten sånn inni mellom at eg blir oppslukt av ideen om å la dette ete meg opp, med full viten.

Hjerter

– Ingen vil vel høyre på glad musikk når ein har det kjipt. Som lyttar vil du jo også dyrke tristessen litt. Då er det jo ikkje rart om det er det same for de som skriv songane.

– Nei, eg søker nok mot eit eller anna som er veldig rått. Noko av det tristaste eg kan tenkje meg er låten til Thåström, «Fanfanfan». Det er verdas enklaste låt, berre tre-fire akkordar der han river ut veldig enkle linjer om at: «Faen heller, det skulle vore du, liksom, det skulle vore du.» Og det er vakkert. Eg merkar at eg får frysningar av det no for det er så ... ektefølt. Så det er det eg jaktar på då.

Du er ikkje redd for at det skal bli ein sjølvoppfyllande profeti? Viss du på ein måte merkar at: Faen, no har eg det kjipt, men det er då eg treffer folk?

– Jo, eg er veldig redd for det. Spørsmålet er i kor stor grad ein skal overlate seg til dette. Og er nok berre sånn: Eg følte at eg stod på ein kant, og så var det berre å hive seg utfor, så er resten berre eit fall inn i eit eller anna. Og eg veit ikkje kva botnen er. Det kan jo vere at det berre er ei stor seng av fjør, men eg må berre overgi meg til det. Det er ein mental livsstil som på ein eller annan måte berre har blitt ein del av meg.

SJÅ: Daniel Kvammen framførar ein nedstrippa og akustisk versjon av hit-låta «Du fortenar ein som meg» med Christer Gracia Slaaen på gitar for TV-serien «Lisenskontrolløren».

Daniel Kvammen er nok langt ifrå den einaste som har dyrka kjærleikssorga for å skrive betre songar. Maria Mena har delt si smerte sidan ho var i midten av tenåra, og har nesten gjort karriere av å ha kjærleikssorg. Som artist må ho oppleve smerta igjen, igjen og igjen, kvar gang ho framfører låtane sine.

Ville det ikkje vere betre om du heller skreiv om lukkeleg forelsking, Maria Mena?

Maria Mena
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

– Når eg er forelska har eg ikkje så jækla lyst til å setje meg ned å skrive. Då har eg mest lyst til å drikke champagne og kline.

Sidan du kom på musikkscenen føler eg at du nesten har blitt ei slags «postergirl» for kjærleikssorg?

– Eg fekk eit brev ein gong der det var ei som hadde høyrt: «No går det dårleg med ho, for no høyrer ho på Maria Mena.» Men eg trur folk misforstår, for songane mine handlar om trøyst. Breva eg dagleg får handlar om at «viss du klarer det, så skal eg også klare det, Maria». Nokon kan sjå på det som ei sånn kjærleikssorg-greie, men alle går på ein smell, og då treng dei Maria Mena.

... sa ho med eit smil.

– Ja, det er ingenting som er så skummelt at ein ikkje kan snakke om det. Eg fryktar kneippbrød og gråvêrsdagar. Kjærleiken skal vere stor. Han skal slå meg i bakken og gjere vondt. Det er slik eg er som menneske, det skal følast og vere stort. Sånn er eg, og eg respekterer at ikkje aller er sånn, men for meg er kvardagen litt skummel. Alt skal vere fallskjermhopp.

Men kan kjærleiken vere stor kvar dag i 40 år?

– Nei, då misforstår du. Eg kan nok vere overraskande kvardagsleg av meg, men følelsen skal vere stor. Når eg skal finne ein mann skal det ikkje vere sånn: Ja, han er hyggeleg, han er snill. Det er mange som er snille.

Men kva er det du fryktar med kvardagen?

– Eg fryktar å bli tatt for gitt, og gå over i noko som ikkje blir sett pris på. Eg synest «Dagane» med Odd Nordstoga er ein av dei vakraste songane i heile verda, men det er samtidig ei utruleg trist låt. Det han fortel i den songen er: «Tenk at vi var så forelska, tenk at vi fekk lov til å oppleve dette, men så gjekk også den dagen bort.» – samtidig minner han meg på å ta innover det som er fint når det er fint. Eg er ein av dei som blir redd når eg forelskar meg, fordi eg veit at ein eller annan gong går det over. Eg skriv mykje betre om dei veldig låge botnane og høge toppane, men er ikkje like flink til å skrive om kjærleiken i kvardagen.

SJÅ: Maria Mena framførar «Miss You Love» i NRKs studio for TV-serien «Lisenskontrolløren».

I kjærleiken, som i livet er det flest kvardagar. Forelskinga kan følast som ein festleg fredag, og brotet som ein vond dagen derpå. Og det er kanskje lettare å skrive når livet følast sterkast. Men kven syng om tysdagen, eller om ein grå onsdag i mars? Korleis skal ein skrive om den uspektakulære kjærleiken som ligg der stødig gjennom heile veka? Korleis skreiv du «Dagane», Odd Nordstoga?

Odd Nordstoga
Foto: Tore Meek / NTB scanpix

– Eg hadde akkurat sett filmen «Walk the line» om Johnny Cash, og tenkte eg ville lage ein slags kjærleikscountry om alt som var så bra før, men som no har gått til Helvete.

«Ein gong kom kjærteiken heilt av seg sjølv, og kvar dag den var av sølv ...»

– Sjølv og sølv? Det var litt på kanten, men eg let det gå. Det var starten på det som skulle bli ein trist countryballade. Men så må du fortsette, og då gjekk eg veldig fort til notida. Eg er gift, har familie, og korleis er det kjærleikslivet? Jo, den eine dagen tek den andre og det er kvardag.

Dette er ikkje ein song om dei store bølgjedagane og den stormande forelskinga, dette er kjærleiken frå a til å?

– Ja, eg gjorde ei oppdaging i denne låten. Når kjærleiken tek slutt ser vi for oss folk som kranglar, slåst, er utru og kjem fulle heim frå byen. Men det må vere ein gong tidlegare at den tendensen snur. Det er eit eller anna djevelsk som grip inn når du står med guarden open og trur at alt er fryd og gaman. Det er då «antiamour» skyt giftpila si. Erkjenninga er at både det som skil og foreiner ligg i dei heilt daglegdagse småtinga.

Hjerter

– «Dagane» er ikkje den største radiohitten din på nokon som helst måte, men han betyr likevel veldig mykje for veldig mange – utan at ho har blitt ei allemannseige-låt.

– Eg tenkjer eg ikkje er noko smartare eller meir intellektuell enn andre, så det er stor sjanse for at når eg prøvar å finne noko sant i meg sjølv, så er nok det sant for mange andre også. Eg trur det er det som gjer ho til ein av mine største låtar. Det er ein eksplisitt kjærleikssong.

Kjærleiken er jo det vanlegaste å skrive om, men dermed også det vanskelegaste å skrive om. Korleis skriv ein noko nytt og ekte om kjærleik?

– Det er jo den mest grunnleggjande følelsen menneska har. Men du balanserer på ein slags knivsegg der du har klisjear på begge sider. Om du greier å ikkje dette ned kan du klare å kome deg til mål. Det handlar om å hente noko daglegdags og vere ærleg.

Du snakkar om det å gå inni seg sjølv og vere ærleg, men det finst jo tusenvis av kjærleikssongar. Og «Dagane» er jo ein som har fått eit liv. Korleis finn du fram til det ekte og skaltar unna dei tomme orda og klisjeane?

– Ein gong var det ein journalist som spurde meg: «Kva gjer du for noko som gjer at folk blir rørt?» Då tenkte eg at svaret på det vil eg helst ikkje vite. Då er sjansane så enormt store for at eg blir avslørt. Det verste som finst er når ein artist kompenserer med overfølsemd fordi stoffet ikkje er bra nok. Då er det dødt, og han som syng er ein kvakksalvar eller løgnar. Då er det han formidlar: «Sjå på meg, blir du ikkje rørt?» Viss eg er publikumar då, så vil eg bli avskriven med ein gong. Du må ikkje tulle med følelsar.

SJÅ: Odd Nordstoga syng om den kvardagslege kjærleiken i låta «Dagane» for TV-programmet «Lydverket».

Sjå Lisenskontrolløren utforska lykka her:

Norge er verdens nest lykkeligste land å bo i, men hva er det som gjør oss lykkelige? Lisenskontrolløren treffer kvinnen som har hatt suksess med å være trist, lottomillionæren som er som andre millionærer og en voksen mann som jakter lykken han opplevde som 13-åring.

Noreg er verdas nest lykkelegaste land å bo i, men kva er det som gjer oss lykkelege? Lisenskontrolløren treffer kvinna som har hatt suksess med å vere trist, lottomillionæren som er som andre millionærar og en vaksen mann som jaktar lykka han opplevde som 13-åring.