Monstera deliciosa

Som ein supermodell kan monstera-planten bli kjempehøg, men han har også eit delikat preg over seg. Jo større han blir, di fleire hol får blada, og di meir unik blir han.

Foto: Maren Kvamme Hagen / NRK

Planterikets supermodell

Historia om korleis ein vanskapt plante blei symbolet på den gode smak.

– Å forske på trendar er som å lage ei prikk-til-prikk-teikning. Først må du finne riktige prikkar. Så trekkje linjer. Deretter forstår du kva du eigentleg ser på.

Akkurat no ser trendanalytikar Cathrine Røsseland ein grøn plante.

Monstera deliciosa. Monstrøs, men delikat. Unik, men vanleg. Allsidig, men med ikoniske hol i blada.

Så populær at han kan klassifiserast som planterikets supermodell.

– Ein god supermodell kan ta på seg alle roller, og slik er også monsteraen. Alle er einige om at han er vakker, men ein kan style han på ulike måtar, seier Røsseland.

Viss du har følgt med på verda rundt deg i det siste, har du sett han i ein eller annan form. I vindauget til naboen. Som print på ei pute i interiørbutikken. Blant kaffimaskiner og hipsterar med skjegg. Bak bloggaren som tar selfie. Eller som lokkemiddel i bustadannonsar.

Korleis klatra den litt vanskapte kjempen seg til toppen i planteriket Noreg?

Takk, Mexico

Mexico har gitt oss tacoen og avokadoen - og monsteraen. På starten av 1900-talet dukka planten opp i Noreg for første gong, importert frå sitt naturlege habitat, regnskogen, til norske stovejunglar.

Fordi Monstera-planten vaks opp i regnskogen, er han vant til å klatre på andre plantar for å kome seg opp og fram. I stovene er det møblar og veggar som får gjennomgå. Bortsett frå dette, er han ganske grei å ha med å gjere.

– Han er ein av dei enklare plantane å stelle, seier Charlotte Sletten Bjorå.

Ho er botanikar og førsteamanuensis ved Universitetet i Oslo.

– Fordi han er ein epifytt (ein plante som klatrar på andre plantar, journ.merk.), toler han litt tørke. Du treng ikkje å avlyse alle feriar resten av livet.

Kan det vere så enkelt som at norske forbrukarar er late? Med ein Monstera får du venleiken til ein supermodell, men slepp divanykkene.

Det grøne skiftet

Eit upublisert foto frå arkivet til magasinet Bonytt gir oss ei anna forklaring.

Arkitektkontor i Sandnes

Eit upublisert foto frå Bonytt 1974–75 viser monsteraen i all si prakt. Likskapen til dagens interiørstil er slåande.

Foto: Jan Larsen / Norsk Folkemuseum

På midten av 70-talet er skandinavisk tre, naturtonar og grøne plantar på topp i interiør-næringskjeda. I ei ombygd sjøbod i Sandnes sit arkitektane Sigmund Torsvik, Peer Stokholm og Knud Madsen på sitt nye kontor. Dei plasserer ein gigantisk Monstera ved vindauget. Stilen er tidsriktig.

– Så fint! Bortsett frå antrekket og noko av furupanelet, så kunne dette lett vore 2017, seier trendanalytikar Røsseland.

70-talstrenden har slått inn med full styrke i mote, livsstil og interiør dei siste åra. Det handlar om å ta omsyn til naturen, om å ta tilbake tida. Om balkongbonden som vil dyrke eigne plantar, sjølv om han bur i by. Om heimelaga keramikk. Om hippien som er bytta ut med hipsteren.

– Vi, forbrukarane, har nokre ubevisste idear om kva vi treng og ynskjer. Designarar og trendbyrå plukkar opp desse ideane, og presenterer det til oss som eit produkt. Så ser vi planten i butikken, og skjønnar at det er han vi vil ha, forklarar ho.

Førebels i år har Mester Grønn seld dobbelt så mange Monstera som dei selde i heile 2016. Også Plantasjen ser ei auke i popularitet; dei har så langt i år seld 24.000 monsteraer, mot 20.000 totalt i 2016.

Veggpryd og skjermpryd

Har du levd gjennom 70-talet, er du kanskje ikkje like begeistra for planten. Det har Linda Elmin, stylist og eigar av interiørbutikken Hviit, reflektert over.

Linda Elmin

Linda Elmin har åtte monsteraer heime i stova si.

Foto: Maren Kvamme Hagen / NRK

Når ein bustad skal ut for sal, ynskjer folk ofte å friske han opp for å få ein betre pris. Då ringer dei til Elmin, som rykker inn med nye puter, stylingstriks, og gjerne ein plante. Monsteraen fungerer «nesten overalt», meiner ho, «bortsett frå i ein herskapeleg, klassisk stil», som kanskje appellerer til dei litt eldre. Då lar ho monsteraen kvile.

– Han fenger hos dei unge, moderne kundane.

Ho ser utover stova si. To monsteraer kastar skygge over ein plakat av Kate Moss.

– Monsteraen er veldig fotogen. Han er lett å bruke for stylistar, og folk ser han igjen i magasin, reklame og bloggar, seier ho.

Monstera-interiør

– Kven vil vel ikkje ha ein eigen emoji for monsteraen? Nyutdanna gartnar Therese Nybu legg ut bilete av planten kvar måndag på Instagram. Sjølv eig ho fem eksemplar.

Foto: Therese Nybu

Bloggarar over heile verda lagar eigne Instagram-kontoar til ære for planten, og ynskjer seg eigen Monstera-emoji. Kvar måndag er det #Monsteramonday, og planteportretta florerer. Spesielt bloggen Urban Jungle har gått i bresjen for dette.

Cathrine Røsseland har ei forklaring på kvifor planten dukkar opp så hyppig på skjermen din. Ho peikar på at vi går lite på besøk til kvarandre, og at sosiale media blir eit utstillingsvindauge for heimen.

– Spesielt utvalde detaljar, som monsteraen, får plass der. Vi lagar ein digital heimebase.

Meir enn ein plante

Monsteraen slo røter i elitemiljø allereie i 1949, hos to kjente møbeldesignarar: Charles og Ray Eames. Då dei fekk i oppgåve å byggje det perfekte hus, plasserte dei planten ved sidan av dei ikoniske lenestolane som dei seinare blei så kjent for. Det skada ikkje monsteraens coolness-faktor.

Henri Matisse i studioet sitt

Henri Matisse framfor ein vegg av utklipt kunst på Regina Hotel, Nice.

Foto: Afp

I 1953 dukkar planten opp i studioet til den franske målaren Henri Matisse. To svære eksemplar «eig» rommet i Regina Hotel, der Matisse held til på sine eldre dagar. Her klipper han ut kvinnekroppar og plantar frå farga papir. Nokre av blada liknar mistenkjeleg på monsteraens, sjå berre verket «La Gerbe» frå same år.

Samtidig er planten blitt populær i norske heimar. Det er monsteraens ikoniske blad som får pryde omslaget av boka «Våre stueplanter», gitt ut i 1955.

I 1987 er planten tema i ein «Norge rundt»-reportasje på NRK. Eit fuktig inneklima ved Statens vegvesen i Sør-Trøndelag viser seg å gi nesten like god grobotn som regnskogen.

Monstera-mote

Designar Junko Shimada presenterte eit Monstera-liknande hodeplagg under moteveka i Paris nyleg.

Foto: GONZALO FUENTES / Reuters

Botanikar Charlotte Sletten Bjorå har ein teori om at inneklimaet må ta sin del av skulda for plantens popularitet.

– Ein må ha ordentlege vindauge og god isolasjon for å huse ein slik plante. Hus frå 1800-talet hadde ikkje sjanse i havet til å ha ein Monstera, noko lys må han trass alt ha, seier ho.

For lenge sidan var det plantar frå Middelhavet og subtropane som passa best inn i norske heimar. Dei tolte kulden i dårleg isolerte gangar og finstover. Dette endra seg etter kvart som norske hus fekk betre isolering og nye varmekjelder.

– No har vi det varmt heile året, så det er supert med tropeplantar som monsteraen, seier Sletten Bjorå.

Monstera i bok

Monsteraen side om side med påskelilja i boka «Våre stueplanter».

Foto: Maren Kvamme Hagen / NRK

I det gode selskap

Bortsett frå eit kort tidsrom på 1990-talet, der den strenge super-minimalismen råda og alt skulle vere kvitt og grått, har monsteraen stort sett alltid lurt i bakgrunnen i norske stover. I større eller mindre grad. Ein kan lure på om planten nokon gong har vore ute av det gode selskap?

Våre stueplanter

Monsteraen fekk æra av å pryde omslaget på denne boka, som kom ut i 1955.

Foto: Maren Kvamme Hagen / NRK

– Fram til no har monsteraen høyrt til dei som veit kva dei skal sjå etter, som kjenner igjen referansane. Når noko blir for «vanleg» og treff ein del av befolkninga som ikkje er rekna for å vere dei kulaste, så vil eliten snu seg bort. Om onkel går i same jeans som deg, vil mange sjå etter nye bukser, seier Røsseland.

Monsteraen er allereie representert på Ikea, på putetrekk og tapet. Er det fare for at det går åt skogen med han?

Trendanalytikaren trur ikkje det.

– Vi kan bli lei av å sjå på han, eller stelle med han, men det er vanskeleg å sjå at ein grøn plante som monsteraen forsvinn frå trendbiletet med det første.

Kaktustida er nær

Charlotte Sletten Bjorå

Charlotte Sletten Bjorå i kaktusrommet i Palmehuset til Botanisk hage. Botanikaren forklarar at inneklima påverkar kva type plantar vi omgir oss med. Snart er det berre tøffingar som kaktusen som kan overleve i varme norske stover.

Foto: Maren Kvamme Hagen / NRK

I horisonten ser botanikar Charlotte Sletten Bjorå kaktusar. Mange kaktusar. Det er nesten berre han som kjem til å overleve i våre dampande heite stover.

– Sirkulerande varmluft tørkar ut plantane ekstremt, så no blir norske stover fylt av meir og meir ørkenplantar.

Likevel er botanikaren samd med trendanalytikaren: Monsteraen forsvinn ikkje med det første. Så lenge moderplanten er importert frå Mexico, kan norske blomsterbutikkar produsere norske variantar av han. Sjølv om han ikkje har piggar, er monsteraen ein hardhaus. Han toler varmen godt.

Stylist Linda Elmin gir eit enkelt argument for å behalde monsteraen i stova:

– Ein blir jo glad i han.

Førebels går det berre ein veg for den delikate vanskapningen. Oppover.

P.S: Er du ein av dei som sit og ventar på ein Monstera-emoji? Organisasjonen The Unicode Consortium har ansvaret for å vurdere og innføre nye universelle emoji-teikn. Dei opplyser til NRK at ingen har søkt på vegne av monsteraen, og at neste sjanse for opptak er i 2019. Så spørs det om monsteraen er like heit då.

LES: Langsaker frå NRK Kultur