Hopp til innhold

– Barnetimen er gammaldags

Få barn høyrer på barnetimen på radio. Dårlege lyttartal får radiosjefen i NRK til å vurdere framtida til barnetimen.

Alf Prøysen i barnetimen for de minste

Alf Prøysen var ein av dei som gjorde barnetimen på radio svært populær.

Foto: Scanpix / SCANPIX

Laurdagsbarnetimen strøymde ut på radioeteren for første gong i 1924, og vert rekna som det eldste radioprogrammet i verda som framleis vert sendt. Men no sviktar barna barneprogram på radio.

– Eg trur dei fleste som har barn, veit at det å få barn i dag til å velje å setje seg ned ved radioen på eit spesielt tidspunkt kvar dag, og kanskje høyre ei historie som kanskje går over fleire dagar, det tilhøyrer ei litt anna tid, seier radiosjef i NRK, Marius Lillelien.

Låge lyttartal

Marius Lillelien

Radiosjef i NRK, Marius Lillelien, meiner barnetimen må fornyast.

Foto: Anne Liv Ekroll / NRK

I barneundersøkinga frå TNS Gallup svarer berre sju prosent av barna mellom tre og elleve år at dei har vore innom laurdagsbarnetimen den siste månaden. Og ingen av barna svarer at dei høyrer på kvar laurdag. Bare ein prosent svarer at dei hører barnetimen kvar dag.

Dei nedslåande lyttartala gjer at NRK må vurdere framtida til barnetimen slik vi kjenner den i dag, meiner Lillelien.

– Barnetimen har utvikla seg heile tida. Det kan godt hende at eit framtidig barneprogram på P1 også skal heite «Barnetimen», men innhaldet vil nok endre seg, det er heilt naudsynt.

Andre tilbod har skulda

Lillelien trur barnetimen har vorte litt gammaldags. Han gjev eigne tv-kanalar for barn, og PC-spel skulda for at lyttartala til barnetimen er så låge.

– Det er konkurransen frå dei andre tilboda som gjer at den litt gamle forma for barneradiolytting er under press, seier Lillelien.

Barnetimen for de minste

For 50 år sidan lytta svært mange barn til barnetimen på radio.

Foto: Børretzen, Sverre A. / SCANPIX

– Barnetimen var veldig populært 50 år tilbake i tid. Det var det einaste tilbodet for barn, seier Vebjørg Tingstad, førsteamanuensis ved Norsk senter for barneforskning.

Ho synest ikkje det er overraskande at barnetimen taper lyttarar i dag.

– Det er to hovudgrunnar. Det er veldig mange tilbod samanlikna med ein generasjon tilbake. Det andre er at foreldregenerasjonen no kanskje ikkje sjølve hadde det som ein dagleg rutine å høyre på barnetimen.

Familieprogram?

Barnetimen

Ein ny gjengen er mellom dei som har hatt barnetimen på 2000-talet.

Foto: Ekroll, Anne Liv / Anne Liv Ekroll, NRK

Tala fra TNS gallup viser at kvart tredje barn under 12 år høyrer på radio dagleg, men dei lyttar mindre og mindre til program som er laget spesielt for dei. Ifølgje undersøkinga høyrer barna på radio saman med foreldra sine. Detgjer at NRK vil tenkje nytt.

– Ein kan i større grad tenkje seg at ein kan nå ungane gjennom foreldra, lage radioprogram som foreldra i større grad kan høyre saman med ungane. Familieradio har vore eit omgrep, men det skal framleis vere radio for barn, seier Marius Lillelien.

Vebjørg Tingstad er derimot skeptisk til om familieprogram er rette vegen å gå.

– Det kan igjen føre til at programprofilen vert lagt på andre premiss enn ungane sine.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.


Kulturstrøm

  • Tupac-mistenkt arrestert

    Politiet i Las Vegas har arrestert en mann mistenkt i drapssaken etter at Tupac ble skutt og drept i 1996, melder nyhetsbyrået Associated Press.

    Mannen som er pågrepet har angivelig tilknytning til personen politiet mistenker står bak drapet på Tupac.

    Det er foreløpig ikke kjent hva mannen er siktet for, men vedkommende har lenge vært kjent for etterforskerne. Mannen har selv innrømmet i intervjuer og i en egen selvbiografi fra 2019 at han var i bilen da skuddvekslingen skjedde, skriver NTB.

    Tupac var bare 25 år da han døde.

    Tupac Shakur var også kjent som 2Pac og etter hvert Makaveli – og solgte over 80 millioner album på den tida da folk kjøpte fysiske plater.

    Han var involvert i flere skyteepisoder og var en del av konflikten mellom rapperne på øst- og vestkysten av USA.

    Tupac
    Foto: AP / NTB