Vaks opp utan bokhylle – blei forfattar

Zeshan Shakar (35) trassa alle odds. No vil han inspirere andre til å tråkke på statistikken.

Zeshan Shakar

PÅ STOVNER: NRK møtte forfattaren på staden den han vaks opp for å høyre om bakgrunnen for boka.

– Fortel meg kor mange bøker foreldra dine har i bokhylla, så skal eg fortelje deg kor godt du gjer det på skulen, seier Zeshan Shakar.

NRK møter forfattaren mellom høge grå blokker på Stovner i Oslo. Her vaks han opp, og det er her den kritikarroste romanen «Tante Ulrikkes vei», om to muslimske gutar sin oppvekst, utspelar seg.

Kor mange bøker hadde du i bokhylla då du var liten?

– Ingen. Eg er guten utan bokhylle, på ordentleg, svarar Shakar.

Zeshan Shakar

TANTE ULRIKKES VEI: Zeshan Shakar (til høgre) og broren framfor oppgangen til blokka han budde i på Stovner. Bildet er tatt på slutten av 80-talet.

Foto: privat bilde

Som spesialrådgivar i byrådsavdelinga for oppvekst og kunnskap, kjenner han godt til statistikken. Bokhyllene heime har mykje å seie for barna sine utdanningsløp.

– Bakgrunnen vår har så mykje å seie. Det er eigentleg ganske deprimerande å tenkje på, kor bundne vi er, og korleis han formar ambisjonane, ressursane og føresetnadene vi har.

Utdanningsgraf

TYDELEG: Grafen viser utdanningsnivået til foreldra i botnen og fullføringsgraden for barna på vidaregåande til venstre. Jo lavare utdanning foreldra har, jo større sjanse er det for at barna droppar ut av skulen.

Foto: SSB

– Fortel barna at du bryr deg

Sjølv om Zeshan Shakar blir trist av statistikken, meiner han likevel det er fullt mogleg å trosse oddsa – men det krev litt.

Kva krev det?

– Det krev sjølvdisiplin og hardt arbeid om du veks opp i eit miljø der du ikkje har mange rundt deg som drar i same retning. Då må du gjere mykje av jobben sjølv.

Shakar meiner også at det finst andre måtar for foreldra å støtte ungane sine, sjølv om dei kanskje ikkje har føresetnader til å hjelpe dei med skulearbeidet.

– Spør dei i det minste om skulekvardagen. Det går heilt fint å engasjere seg i barna sin skulekvardag sjølv om du ikkje kan hjelpe dei med norskleksene. Det er ikkje nødvendigvis hjelpa som er viktig, men engasjementet. Då fortel du barna at skule er viktig, og at du bryr deg, seier Shakar.

Høyr premieren på NRKs nye litteratruprogram «Åpen bok», der Shakar er gjest:

Bokmeldingar om «Tante Ulrikkes vei» av Zeshan Shakar:

Anbefalt vidare lesing:

De nominerte til P2-lytternes romanpris
Foto: Helge Skodvin, Stig Jaarvik, Miriam Butt, Håkon Mosvold Larsen, Ellen Lande Gossner, Terje Pedersen

En av dem har skrevet årets beste roman. Disse seks forfatterne er alle nominert til P2-lytternes romanpris 2017. Les saka.

Kulturstrøm

  • Filmstjerne tilbake frå rommet

    Den russiske skodespelaren Yulia Peresild og filmregissøren Klim Shipenko kom søndag tilbake til Jorda.

    Dei har vore på den internasjonale romstasjonen i 12 dagar for å filme scener til filmen «Utfordringen».

    Det er første gong ein film blir spelt inn i verdsrommet.

    Skuespiller Yulia Persild, regissør Klim Shipenko og kosmonaut Anton Shkaplerov.
    Foto: AP
  • Film og TV-streik i USA avverget

    En streik blant filmarbeidere som ville ha lammet filmproduksjon i Hollywood og hele USA, er avverget i siste liten. Etter flere dager med forhandlinger natt og dag kom filmarbeidernes fagforbund IATSE fram til enighet om en avtale med studioer og underholdningsselskaper (AMPTP) før fristen løp ut mandag.

  • 13.000 har sett Trier-film

    Rundt 13.000 personer har allerede sett filmen Verdens verste menneske.

    Det opplyser Nordisk Film Kino til NRK.

    Filmen hadde premiere i går, og over 4000 osloborgere har allerede tatt turen.

    Det er den siste filmen i Joachim Triers oslotrilogi, som har fått strålende kritikker.

    Verdens verste menneske
    Foto: SF Studios / Oslo Pictures