NRK Meny
Normal

Unge Ferrari om å fylle Spektrum: – Det er surrealistisk

Arif og Unge Ferrari speler for 8000 i Spektrum.

Arif og Unge Ferrari

RETT FØR: Arif og Unge Ferrari backstage få timar før dei går på scenen i eit fullsett Spektrum.

Foto: Helga Tunheim / NRK

Det er tre timar til de skal på scena i Spektrum, korleis kjennest det nå?

– Akkurat nå kjennest det heilt vanleg. Det har ikkje gått opp for nokon av oss heilt ennå trur eg, det er litt surrealistisk, seier Stig Joar Haugen, betre kjent som R&B-artisten Unge Ferrari.

Dei to hyperaktuelle artistane Arif og Unge Ferrari er dei einaste norske rap-artistane etter Karpe Diem som har fylt Oslo Spektrum. 8000 fans er på plass på konserten fredagskveld.

Unge Ferrari

LYDPRØVAR: Unge Ferrari testar lyd før konserten i Spektrum.

Foto: Helga Tunheim / NRK

– Nervøsiteten kjem rett før vi skal gå på scena, då begynner vi å skjelve litt. Så gjer vi ei låt, så går det over, og plutseleg er heile konserten ferdig. Ting går fort der oppe. Altfor fort, seier Unge Ferrari.

I haust har Arif og Unge Ferrari vore på utselt turné over heile landet, og i kveld avsluttar dei turneen i Spektrum.

Først hadde dei tenkt å avslutte turneen på den mykje mindre scena på Rockefeller, men det var før Spektrum dukka opp som eit forslag.

– Då Spektrum blei nemnt såg vi på kvarandre og blei einige om at det må vi gjere, fortel Unge Ferrari.

– Har løfta sjangeren

Rap-sjangeren er i ferd med å bli allemannseige i Norge. Det har blitt stuereint å høyre på rap. Arif og Unge Ferrari meiner sjølv dei har ein del av æra for den norske rap-bølga som nå skyl over landet.

– Det er heilt sjukt. Eg meiner vi er blant dei som har fått fleire folk til å høyre på det vi driv med og som har klart å løfte sjangeren, seier Arif Salum.

– Eg vil berre gje ungdom gode låtar på norske, som eg ikkje hadde når eg var ung, seier Unge Ferrari.

Sju gjesteartistar

Under konserten i Spektrum sparer dei ikkje på noko. I alt sju gjesteartistar har dei fått med seg, inkludert Hkeem, Tomine Harket og sjølvaste Karpe Diem.

LES OGSÅ: Hkeem: Glemmer aldri hvor jeg kommer fra

– Det betyr sjukt mykje å stå på scenen i Spektrum. Med unntak av Karpe Diem er det få i vår sjanger frå Norge som har stått her før oss. Det blir ikkje siste gong vi står her, seier Arif.

– Det er den mest legendariske arenaen i heile Norge, seier Unge Ferrari.

– Kjenner de noko press i kveld?

– Nei eigentleg ikkje. Det som er flaks er at vi har gjort ein del festivalar før vi kom hit, der er det endå meir folk. Men her har alle kome berre for oss, det er forskjellen, seier Unge Ferrari.