Hopp til innhold

Ukraina gjer narr av Russland på Twitter

Ukraina sin eigen twitterkonto tvitrar humoristiske memes om konflikten med Russland. Ein effektiv strategi, meiner medievitar.

Yarema Dukh

START: Yarema Dukh var hjernen bak Ukraina sin offisielle twitterkonto frå den blei starta i 2016 fram til 2018.

Foto: Privat

START: Yarema Dukh var hjernen bak Ukraina sin offisielle twitterkonto frå den blei starta i 2016 fram til 2018.

Foto: Privat

«Kan det verkeleg vere den offisielle twitterkontoen til Ukraina?» var det nok fleire som tenkte etter at Ukraina den 7. desember la ut eit såkalla meme, kor dei spøkte med korleis det var å vere nabo med Russland. Tweeten spreidde seg raskt, og over ein halv million brukarar har likt tweeten.

ukraina tvitrer memes

Meme: Ukraina sin twitterkonto legg ofte ut twittermeldingar som tullar med konflikta dei har med Russland.

Foto: Skjermbilde

Alle veit at det å grense mot Russland, spesielt i ei tid kor dei stadig prøvar å invadere delar av landet vårt, er ei skikkeleg hovudpine, og «pain in the…».

Yarema Dukh kallar seg sjølv far til @Ukraine. Han har vore koordinator for utanlandske medium og spesialassistent for pressesekretæren til den dåverande presidenten Petro Porosjenko.

– Om vi var usikre på om noko var for kontroversielt til å leggje ut, så bad vi utanriksdepartementet om godkjenning.

I dag jobbar han ikkje der lenger, men var med å drive kontoen fram til 2018.

Dukh kom med ideen om å lage ein eigen twitterkonto til Ukraina. Han hadde sett at den canadiske ambassadøren hadde gjentvitra ein tweet frå Canada sin offisielle twitterkonto.

Eg blei veldig overraska, fordi eg hadde ikkje høyrt om at land kan ha sin eigen twitterkonto.

Kontoen blei laga for å spreie informasjon om Ukraina på engelsk, mellom anna om den pågåande konflikten mellom Ukraina og Russland.

Ukraina og Russland-flagg

GJENGANGAR: Dei fleste av Ukraina sine memes handlar om konflikten med Russland.

Eit moderne verktøy

Yarema Dukh skjønte fort at dette kunne vere ei god moglegheit for dei til å nå ut til utanlandske medium.

I dag har kontoen over 200.000 følgjarar. Store internasjonale medium som BBC, CNN og Wall Street Journal har skrive om twitterkontoen.

Dette er ikkje tilfeldig, det er ein bevisst strategi.

Fordi nyheitssaker hadde ikkje berre tweeten, dei hadde og bakgrunnen for at det blei tvitra, at vi var i ein konflikt med Russland, fortel Dukh.

På alle måtar har strategien til teamet bak kontoen fungert.

Det å bruke memes som kommunikasjon for ein stat, er ikkje noko å skamme seg over. Det er essensielt om du ynsker å drive med ein effektiv og moderne kommunikasjonsstrategi.

Sosiale medier-ansvarlig i Høyre, Cecilie Victoria Jensen.

Latter=Interesse: Sjef for digitale medium, Cecilie Victoria Jensen, håpar det å dele memes på Instagram vil gjere fleire interessert i Høgre.

Foto: Privat

Skapar interesse

Òg i Noreg har vi seriøse aktørar som driv med humor og memes på sosiale medium. Det nest største partiet i landet er med god margin det største partiet på Instagram. Høgre har over 40.000 følgjarar.

Vi har sett ei markant auking i talet på følgjarar, vi når ut til fleire folk enn då vi hadde ein Instagram-konto som blei brukt til å dele litt bilde av då vi sto på stand til dømes, fortel sjef for digitale medium i Høgre, Cecilie Victoria Jensen.

høyre på instagram

Meme: Høgre har lenge lagt ut memes på sine sosiale medium.

Foto: skjermdump / instagram

Målet deira er enkelt. Dei skal gjere folk interessert i Høgre og deira politikk, og kanskje til og med få nye veljarar. Dei når òg ut til ei viktig målgruppe, nemleg dei mellom 18 og 34 år, som er den største delen av følgjarane.

– Vi syntets det låg eit potensial i Instagram som vi ikkje heilt utnytta.

Mona Abdel-Fadil

PARODI?: Forskar Mona Abdel-Fadil meiner det dukkar opp mange spørsmål rundt twitterkontoen til Ukraina, som gjer at fol ynsker å finne ut meir.

Foto: Kirsti Falch-Nilsen / NRK

Lettfatteleg

Forskar ved Holocaust-senteret Mona Abdel-Fadil. som mellom anna har forska på sosiale medium, humor og satire, meiner memes kan vere ein effektiv og lettfatteleg måte å formidle kritikk på.

– Mange menneske som ikkje nødvendigvis veit så mykje om Ukraina eller Russland eller konflikten dei imellom, kan likevel sjå memes av det og le.

Forsking har og vist at memes kan engasjere på tvers av politiske ståstader, og det kan og engasjere spesielt ungdommar på ein heilt annan måte.

Abdel-Fadil, synest det er mykje interessant ved ein slik type kommunikasjonsstrategi, og trur vi vil sjå meir av det i framtida.

– Når ein ser twittermeldingar frå til dømes Ukraina, kan ein lure på om det er ein parodi, eller om nokon har brote seg inn på kontoen. Det er allereie der mange spørsmål som skapar blest rundt innhaldet.

Og no les du ein artikkel om dette, og ein journalist har valt å skrive om det, så då har strategien til Dukh lukkast nok ein gong.

NRK har forsøkt å kontakte den russiske ambassaden for kommentar.

Kulturstrøm

  • NRK vant pris under Prix Europa

    NRK vant pris for beste digitale medieprosjekt i 2025 under Prix Europa fredag kveld.

    Prosjektet Darcula Exposed avslører flere av bakmennene bak en global meldingssvindel og var et samarbeid med den franske avisen Le Monde og de tyske allmennkringkasterne ARD og BR.

    Pris til NRK for beste digitale medieprosjekt under Prix Europa 2025
    Foto: NRK
  • «Blücher» årets mest sette film – etter bare to uker

    Krigsfilmen «Blücher» er sett av nesten 200.000 kinogjengere på to uker.

    Dermed passerer den «Affeksjonsverdi» som den mest sette kinofilmen i år.

    Totalt er det solgt 197.212 billetter til «Blücher», filmen om det tyske krigsskipet som ble senket i Drøbaksundet 9. april 1940.

    Filmen hadde premiere på norske kinoer 26. september og hadde den best besøkte premierehelgen for en norsk film siden 2021.

    (NTB)

    Bjørn Sundquist, Odin Waage, Daniel Fahre m.fl. poserer for et bilde foran et skilt
    Foto: Geir Olsen / NTB
  • – Bruker eit samansurium av referansar

    I 2024 var Roc Boyz Noregs mest spelte nasjonale artist på Spotify. No gir dei tre gutane frå Bærum ut sitt fjerde album.

    – «Blueprint» beheld i høgste grad tematikken Roc Boyz har blitt kjende for, noko låtar som «Narco freestyle» og «Drugs N love» gjer klinkande klart, skriv NRK P3s musikkritikar Sofie Martesdatter Granberg.

    – Tekstane på det nye albumet verkar ikkje som om dei er skrive for å provosere. Men dei er heit openbert skrive for å engasjere og egge opp publikum, om det er i ei stue på heimefest eller i mengda på ein festival, konkluderer ho.

    En gruppe menn i en boksering
    Terningkast 4 Musikk

    «Ikkje skrive for å provosere»

    ANMELDELSE: «Blueprint» av Roc Boyz