Maurstad sovna stille inn fredag ettermiddag, opplyser familien til NTB.
Toralv Maurstad blir særleg hugsa for tolkingane sine av Ibsens «Peer Gynt». Han har spelt tittelrolla ei rekkje gonger.
Første gong var ved Nationaltheatret i 1955 og i 1985. I 2018 spelte den då 92 år gamle Maurstad rolla som den gamle Peer i Det Norske Teatrets framsyning.
Maurstad fekk prøvd seg i eit vidt spekter av roller, alt frå klassikarar til samtidsdramatikk og roller i lystspel og musikalar.
Toralv Maurstad som Peer Gynt i Nationaltheatrets framsyning frå 1955.
Foto: Jan Stage / NTB scanpixToralv Maurstad markerte seg også som regissør. Han har mellom anna iscenesett farsane «Panikk i kulissane» ved Oslo Nye i 1986 og «Arsenikk og gamle kniplingar» ved Det Norske Teatret i 1987.
Han har også vore på turné med Riksteatret både som skodespelar og regissør.
Son av skodespelarar
Han starta tidleg. Som barn spelte han både i filmar og på teater saman med foreldra Alfred og Tordis Maurstad, som også var blant Noregs fremste skodespelarar.
Første gong Toralv Maurstad dukka opp i ein film var i Tancred Ibsens «Fant» frå 1937, der faren spelte hovudrolla.
Då han seinare fekk roller ved Nationaltheatret, var det ofte i farens regi, og med Wenche Foss som motspelar.
Toralv, mor Tordis og far Alfred Maurstad. Ein sentral trekløver i norsk kulturliv.
Foto: NTB ScanpixHan utdanna seg ved Royal Academy of Dramatic Art i London, og debuterte i 1949 ved Trøndelag Teater i rolla som Holt i «Det lykkelege valet». Han var tilsett ved Det Nye Teater i Oslo mellom 1951 og 1954. Deretter var han tilsett i Nationaltheatret i perioden 1954–67.
Turbulente tider
Frå 1967 følgde ein periode som teatersjef. Først ved Oslo Nye Teater mellom 1967–1978. Under hans leiing blei teateret gjort om til eit komedieteater, og faste kontraktar blei oppheva.
Maurstad engasjerte blant andre Wenche Foss, Aud Schønemann, Elsa Lystad og Arve Opsahl til ulike produksjonar. Tida ved teateret blei både ein kunstnarisk og kommersiell suksess.
Toralv Maurstad spelte mot Wenche Foss i fleire framsyningar. Her er dei to under festframsyninga på Nationaltheatret som markerte Foss 60 år som scenekunstnar i 1995.
Foto: Aleksander Nordahl / NTBI 1978 blei han teatersjef ved Nationaltheatret. Det blei ei langt meir turbulent tid for Maurstad.
Då åtte skodespelarar måtte gå i 1979, førte det til skodespelarstreik og negative presseoppslag om Maurstad.
Året etter måtte hovudscenen stenge på grunn av ein brann. Det tok fem år med reparasjonsarbeid før det kunne bli spelt teater igjen. I mellomtida måtte teateret bruke andre scener og provisoriske scener for å spele.
Men sjølv om sjefstida ved Nationaltheatret var omstridd, hadde Maurstad også fleire kunstnariske sigrar som sjef, med blant anna fleire store og kjende framsyningar av Shakespeare og Dario Fo på Torshovteatret.
Han slutta i 1986, og jobba etter det som frilansskodespelar.
Ungdomsidol og Flåklypa
Sjølv om det var teateret som Maurstads viktigaste scene, spelte han også i fleire filmar og TV-seriar.
Gjennombrotet på film kom i rolla som sonen i «Kranes konditori» frå 1951. Han fekk fleire roller i norsk film utover 1950-talet, og fekk status som ungdomsidol.
Seinare hadde han også roller i mellom anna filmatiseringa av Axel Jensens roman «Line» frå 1961 og som Edvard Grieg i filmen «Song of Norway» frå 1970.
Toralv Maurstad spelte i to sesongar av TV 2s «Hotel Cæsar».
Foto: Marit Hommedal / ScanpixMaurstad vil også bli hugsa som stemma til Ludvig i Ivo Caprinos «Flåklypa Grand Prix» frå 1975, og oppfølgjaren «Solan. Ludvig og Gurin med reverumpa» i 1998.
I 1998 overraska Toralv Maurstad mange med å spelte rolla som hotelldirektør Georg Anker-Hansen i TV-serien «Hotel Cæsar» på TV 2.
Maurstad blei skriven ut av serien i 1999. Men då var det som skulle bli Skandinavias lengstlevande såpeserie med over 3000 episodar, godt etablert og blitt ein suksess.
Ærespris og St. Olavs Orden
Toralv Maurstad fekk ei rekkje utmerkingar for innsatsen sin, både på scena og i film og TV.
Han har mellom anna fått Aamot-statuetten, som organisasjonen Film og Kino deler ut til personar for framifrå innsats i eller for norsk filmproduksjon. Han fekk Kritikerprisen i 1963 for rolla som Richard i «Skjønne ungdom» av Eugene O'Neill.
Og i 2017 fekk Toralv Maurstad Heddaprisen i klassen for beste mannlege medspelar i framsyninga «Overføring» av Tyra Tønnessen.
I 2017 fekk ein tydeleg rørt Toralv Maurstad Heddaprisen for beste mannlege medspelar.
Foto: Terje Pedersen / NTBMaurstad har også fått fleire utmerkingar. I 1999 fekk han æres-Amanda, medan han og Espen Skjønberg fekk Heddaprisens ærespris i 2005 for innsatsen sin i Samuel Becketts «Vente på Godot». I 2014 fekk han Oslo bys kulturpris.
I 2007 vart Toralv Maurstad utnemnt til kommandør av St. Olavs Orden. Han var også æresmedlem i Norsk Skuespillerforbund.
I 2007 fekk Toralv Maurstad St. Olavs Orden for innsatsen han gjorde for norsk scenekunst.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB