Hopp til innhold

«Ein trykk-kokar av frykt»

«Moralske skruplar? Sjeldan». Ein tidlegare tilsett fortel om det indre livet i News of the World.

News of The World har stått for mange avsløringer
Foto: Faksimile: News of The World

– Mistru og paranoia var måten å overleva på. Miljøet på kontoret var brutalt. Eg høyrde andre journalistar fortelja at sakene deira vart telt opp i løpet av året, for å finna ut kven som skulle få sparken.

Det skriv Dan Arnold, som arbeidde som reporter i skandaleavisa News of the World frå 1994 til 1996.

Avisa vart lagt ned søndag etter avsløringane om at kjendisar, politikarar og pårørande etter ulukker og falne soldatar skal ha blitt avlytta av journalistane til den britiske tabloidavisa.

Siste avlyttingsoffer skal vera tidlegare statsminister Gordon Brown.

Dan Arnold skriv i ein artikkel i BBC om eit konkurranseprega og kynisk arbeidsmiljø i News of the World.

News of the World

Søndag kom siste utgåva av News of the World. Avisa er involvert i ei omfattande avlyttingsskandale.

Foto: Matt Dunham / Ap

25 000 pund til søppelkøyrar

Dan Arnold var 23 år då han starta som journalist i News of the World. Han hadde alt tre år med erfaring frå London-pressa.

– News of the World var heilt annleis. Journalistane der var både frykta og hata. Folk ville sjeldan snakka med oss, så me måtte få tak i historiene våre med andre middel, skriv Arnold.

Han hevdar at avisa ikkje bad han gjera noko ulovleg, men dei gav han til gjengjeld frie hender og nok med kontantar til å gjera eit godt «scoop».

«Få tak i historia til ein kvar pris, for me betalar meir enn alle andre» var premissen for alle artiklane, fortel Dan Arnold.

Ein gong fekk han autorisasjon til å gje 25 000 pund (rundt 220 000 kroner), ein ny bil og ei feriereise til ein søppeltømmar. Det var betaling for ei god historie.

Milly Dowler

Telefonen til 13 år gamle Milly Dowler skal ha blitt hacka då ho vart meld sakna i 2002. «Menneske med stressande karrierar og store lån kan bli drivne til å ta dei mest sinnsjuke vala» skriv ein tidlegare News of the World-tilsett.

Foto: Ap

Namngav pedofile

– Moralske skruplar? Sjeldan. Kjendisar, politikarar og ordinære drittsekkar var det rett å ta, skriv Dan Arnold på BBC sine heimesider.

News of the World sitt varemerke var avslørande journalistikk retta mot nettopp kjendisar, politikarar og «ordinære drittsekkar». I 2000 starta avisa "Named, Shamed"-kampanjen der dei namngav antekne pedofile. Den førte til at fleire uskulde vart angripne av mobben.

– Kven bryr seg om etikk når du avslører ein tvilsam politikar eller ein pedofil? I alle fall ikkje eg, skriv Dan Arnold, som missa jobben i 1996, etter omstruktureringar i News International.

Han er glad han ikkje fortsette, og trur sjølv han ikkje hadde vore i stand til å hacka telefonen til den sakna 13-åringen Milly Dowler.

– Men menneske med stressande karrierar og store lån kan bli drivne til å ta dei mest sinnsjuke vala.

Kulturstrøm

  • – Bare så vidt han er en artist

    Flo Rida (46) er for mange unge studenter selve lyden av barndommen deres, og torsdag kveld opptrådte han i Norge.

    Han byr på nostalgi – ikke ulikt nylig norgesaktuelle Pitbull, en annen 2010-tallshelt innen partymusikk fra Florida.

    Og nostalgi selger tydeligvis: Amerikanerens konsert på studentfestivalen Uka – Norges største kulturfestival – ble fullstendig utsolgt.

    Men var det kveldens forestilling verdt de 800 kronene som hver student punget ut med? Overhode ikke, mener NRK P3s anmelder Even Samir Kaushik.

    Flo Rida på UKA 2025 i Dødens dal, Trondheim
    Terningkast 2 Konsert

    «Minimal innsats og gigantisk gevinst»

    ANMELDELSE: Flo Rida på Uka

  • Tidligere Kiss-gitarist er død

    Familien bekrefter til Variety at Ace Frehley er død, 74 år gammel. Litt tidligere meldte TMZ at han lå i respirator etter hjerneblødning.

    Frehley fikk en hjerneblødning etter at han falt i studio for et par uker siden.

    Frehley var med å starte Kiss i 1973, sammen med Gene Simmons, Paul Stanley og Peter Criss, Bandet som er kjent for pyro, ansiktssminke og kostymer.

    Kiss fikk ordentlig suksess da de ga ut konsertalbumet Alive! i 1975. Ace Frehley forlot bandet i 1982, men ble gjenforent med bandet i en periode på midten av 90-tallet.

    Han har holdt flere solokonserter i Norge, blant annet på Rockefeller i Oslo i 2015.

    En gruppe mennesker med masker som spiller instrumenter på en scene
    Foto: PAUL WARNER / AP / NTB
  • – Meir nedtona, meir angst

    Kor roleg, tilslørt og plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre nedstemt og trist?

    På «How Did I Wind Up Here?» tøyar Spellemannprisen-vinnande Jouska (30) grensene for kor mykje skjør angst sjangeren toler, og lagar eit nydeleg album i prosessen, skriv NRK P3s kritikar Sofie Martesdatter Granberg.

    Albumet blir gitt ut 17. oktober.

    en person som sitter på gulvet ved siden av en gitar
    Terningkast 5 Musikk

    «Kor plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre trist?»

    ANMELDELSE: «How Did I Wind Up Here?» av Jouska