Den britiske avisa News of the World skal ha avlytta telefonane til pårørande etter London-bombene i 2005, avslørte The Guardian i dag.
Les:
Avisa skal også ha lytta til meldingar på telefonsvararen til 13 år gamle Milly Dowlers, som forsvann i 2002. Då telefonsvararen blei full skal journalistane til og med ha sletta fleire meldingar, noko som fekk politiet til å tru at jenta framleis var i live. Seks månader seinare vart ho funne drepen.
I spørjetimen i dag, Prime Minister's Questions, handla dei fleste spørsmåla om presseskandalen.
– Vi treng å undersøke kva som har skjedd. Vi snakkar ikkje om kjendisar eller politikarar lenger, vi snakkar om ofre som har fått telefonen sin avlytta. Det er absolutt avskyeleg, svarte statsminister David Cameron på spørsmål frå salen.
– Største presseskandale i moderne tid
Han vart pressa av opposisjonsleiaren Ed Miliband, som meinte Rebekah Brooks burde gå frå stillinga si. Brooks var redaktør i News of the World då Milly Dowlers telefonsvarar vart avlytta og er i dag sjef i Murdoch-selskapet News International, som eig fleire aviser.
– Ho burde ta ansvar og gå frå stillinga. Denne skandalen viser eit systematisk misbruk av makt. Det er den største presseskandalen i moderne tid og den blir verre dag for dag, sa Miliband og spurde om Cameron var einig med han.
– Alle i News International burde spørje seg sjølve om dei har ansvar i denne saka. Men først må vi la politiet gjere jobben sin og finne ut kven som er ansvarleg, sa Cameron til mykje buing.
Cameron var ein av gjestane i bryllaupet til Rebekah Brooks i 2008.
Han uttalte at politiet måtte få avslutte den pågåande etterforskinga av News of the World før ein eventuelt kunne starte ei ny etterforsking. Skandaleavisa har lenge vore i søkjelyset i Storbritannia, etter avsløringar om avlytting og hacking av telefonane til kjendisar, kongelege og politikarar.
– Tar ansvar for alle mine tilsette
Det britiske parlamentet har opna for ein ekstraordinær tre timar lang debatt om saka etter spørjetimen.
Cameron fekk også spørsmål frå Miliband om hans tidlegare pressesjef Andy Coulson. Han var redaktør i News of the World mellom 2003 og 2007, altså då avlyttinga fann stad.
– Eg tar fullt ansvar for alle mine tilsette, svarte statsministeren, men uttalte igjen at politiet måtte få gjere jobben sin.
Avsløringane har vekt avsky i Storbritannia, både blant politikarar, pressa og publikum. Ford, Halifax og Lloyds har trekt seg som annonsørar i avisa og fleire selskap vurderer å gjere det same. På Twitter skriv mange at dei vil slutte å kjøpe eller abonnere på avisa.
David Cameron fekk også spørsmål om han ville la News International sitt planlagte oppkjøp av mediegruppa BSkyB gå som planlagt.
– Offentlegheita vil ikkje akseptere at vi i løpet av dei neste dagane skal bestemme om dei skal ta over eit av dei største medieselskapa i landet, sa Ed Miliband, som vil at Konkurransetilsynet skal sjå på saka.
Statsministeren ville ikkje forsinke avgjerda.
Anti-Murdoch-demonstrasjon
Scotland Yard kontaktar no pårørande for å åtvare om at avisa har avlytta dei. Fleire av dei pårørande har bekrefta at dei har blitt kontakta av Scotland Yard.
På Twitter er det varsla at det vil bli ein anti-Murdoch-demonstrasjon utanfor det britiske parlamentet klokka 14.00 i dag, norsk tid. Dei fleste britiske aviser skriv på leiarplass i dag at Rebekah Brooks burde gå frå stillinga si.
Sjølv hevdar Brooks at ho er uskuldig og BBC melder i dag at eigarselskapet News International sit på bevis om kven som stod bak avlyttingane.