Hopp til innhold

Spektrum x 10

Karpe tar over Spektrum i ein heil månad i august 2021. – Nå planlegg vi det største vi nokosinne har gjort.

Karpe Diem i Oslo Spektrum

I SPEKTRUM: Karpe fylte Spektrum tre gonger i 2017 med prosjektet «Heisann Montebello».

Foto: Kim Erlandsen / NRK P3

Chirag og Magdi i rapgruppa Karpe er kjent for sine ambisiøse prosjekt. I 2017 fylte dei Oslo Spektrum tre gonger som ein del av prosjektet «Heisann Montebello», som seinare blei kinofilm.

Les også: Karpe Diem solgte ut to av tre konserter på under én time

I fjor slapp dei eit 29 minutt langt rap-høyrespel.

Dei har erta med eit prosjekt i sosiale medium i fleire veker. I dag lanserer rapgruppa det som skal vera deira neste og største prosjekt til nå.

Sist Karpe booka Spektrum blei to av dei tre konsertane utselt på under ein time.

Ti datoar i 2021

Karpe varsler hele 10 konserter i Spektrum i Oslo.

TI KONSERTAR: Karpe varslar heile 10 konsertar i Spektrum i Oslo.

– Nå planlegg vi det største vi nokosinne har gjort. Ein månad i Oslo Spektrum med ti shows, seier Magdi Omar Ytreeide Abdelmaguid til NRK.

– Av den gjengen som kjem dit, kjem vi til å plukke ut 100 personar som får den mest intime opplevinga i Skien.

I tillegg til dei ti konsertane i Spektrum skal Karpe altså halde fem intimkonsertar med plass til 20 personar på kvar konsert.

– Har de blitt stormannsgale?

– Nei det får tida vise. Vi liker ideen med å gjere store show i Spektrum. Men så skal vi også gjere det meste intime vi nokosinne har gjort med konsertar med 20 menneske per kveld, det er ikkje så veldig stormannsgalskap. seier Chirag Rashmikant Patel.

Karpe Diem

RAPDUO: Magdi Omar Ytreeide Abdelmaguid og Chirag Rashmikant Patel utgjer gruppa Karpe, tidlegare Karpe Diem.

Foto: Magnus Lutnæs Aas / NRK

– Det handlar om å utfordre seg sjølve, ved å gjere noko så kontrastfylt som det. Så står att det å sjå om vi klarer å få det til, seier Chirag.

– Det er mykje meir morosamt å dra det ut til det ekstreme enn konsertar som er sånn midt i mellom.

Vil bygge den råaste produksjonen i Spektrum

– Har det blitt viktig for dykk å dra det ut i det ekstreme?

– Vi kjeder oss veldig fort, seier Magdi.

– Ja, han kjeder seg veldig fort, eg er berre med, Seier Chirag.

– Har de planar om å gje ut musikk i forbindelse med dette?

– Dette er det einaste vi skal jobbe med dei neste åra. Så meir musikk håper vi at vi kan mose ut av dei små hovuda våre, seier Chirag.

– Er dette eit forsøk på å sette ein rekord?

– Nei det handlar berre om kva moglegheiter du har. Viss vi har ein månad i Spektrum, så kan vi bygge den råaste produksjonen nokosinne.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kulturstrøm

  • – Bare så vidt han er en artist

    Flo Rida (46) er for mange unge studenter selve lyden av barndommen deres, og torsdag kveld opptrådte han i Norge.

    Han byr på nostalgi – ikke ulikt nylig norgesaktuelle Pitbull, en annen 2010-tallshelt innen partymusikk fra Florida.

    Og nostalgi selger tydeligvis: Amerikanerens konsert på studentfestivalen Uka – Norges største kulturfestival – ble fullstendig utsolgt.

    Men var det kveldens forestilling verdt de 800 kronene som hver student punget ut med? Overhode ikke, mener NRK P3s anmelder Even Samir Kaushik.

    Flo Rida på UKA 2025 i Dødens dal, Trondheim
    Terningkast 2 Konsert

    «Minimal innsats og gigantisk gevinst»

    ANMELDELSE: Flo Rida på Uka

  • Tidligere Kiss-gitarist er død

    Familien bekrefter til Variety at Ace Frehley er død, 74 år gammel. Litt tidligere meldte TMZ at han lå i respirator etter hjerneblødning.

    Frehley fikk en hjerneblødning etter at han falt i studio for et par uker siden.

    Frehley var med å starte Kiss i 1973, sammen med Gene Simmons, Paul Stanley og Peter Criss, Bandet som er kjent for pyro, ansiktssminke og kostymer.

    Kiss fikk ordentlig suksess da de ga ut konsertalbumet Alive! i 1975. Ace Frehley forlot bandet i 1982, men ble gjenforent med bandet i en periode på midten av 90-tallet.

    Han har holdt flere solokonserter i Norge, blant annet på Rockefeller i Oslo i 2015.

    En gruppe mennesker med masker som spiller instrumenter på en scene
    Foto: PAUL WARNER / AP / NTB
  • – Meir nedtona, meir angst

    Kor roleg, tilslørt og plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre nedstemt og trist?

    På «How Did I Wind Up Here?» tøyar Spellemannprisen-vinnande Jouska (30) grensene for kor mykje skjør angst sjangeren toler, og lagar eit nydeleg album i prosessen, skriv NRK P3s kritikar Sofie Martesdatter Granberg.

    Albumet blir gitt ut 17. oktober.

    en person som sitter på gulvet ved siden av en gitar
    Terningkast 5 Musikk

    «Kor plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre trist?»

    ANMELDELSE: «How Did I Wind Up Here?» av Jouska