Informasjon fra NRK

Slik blir NRK-hausten

Her er noko av det du kan glede deg til i haust.

Hivju, Dancke og Vågenes

Smakebitar frå haustmenyen: I dramaserien «Twin» speler Kristofer Hivju dei einegga tvillingbrørne Adam og Erik. I «Haik» tek Christine Dancke populære artistar med på biltur, og i «Parterapi» møter vi både gamle kjente og nye par.

Foto: Erik Evejen/NRK/ Tor Eigil Scheide

Gå rett til:
Ekte historier, dokumentar og fakta

Helga
For barn

Seriar

Simon J. Berger, Pål Sverre Hagen, Tobias Santelmann, Jon Øigarden, Agnes Kittelsen og Ine Marie Wilmann har sentrale roller i dramaserien «Exit».

«Exit» - mørkt drama frå det norske finansmiljøet
Adam, William, Henrik og Jeppe er ein del av finanseliten i Norge. Dei har tilsynelatande alt: pengar, karriere og familie. Men dei kjedar seg. I jakta på spenning, tyr dei til vald, narkotika og prostituerte. Ønsket om ein “exit”, eit avbrekk i kvardagen, har gjort at dei fire har viska ut alle moralske grenser. Og enn så lenge har dei komme unna med det. Adams kone Hermine vil gjerne ha barn, men draumen om barn er lengre unna enn ho trur. «Exit» er ein mørk og sjokkerande dramaserie basert på historiene til fire menn i Norges finansmiljø. Samtalane med dei fire fann stad våren 2017 i Oslo.
Premiere: september

«Twin» med Kristofer Hivju i «dobbeltrolle»
Dei einegga tvillingbrørne Adam og Erik lever heilt forskjellige liv – den eine er ansvarleg familiefar, den andre ein surfeboms som til slutt mistar alt. Han søker hjelp hos broren, men får det ikkje. Det ender til slutt i ein slåsskamp mellom dei to, og når Ingrid, kona til Adam prøver å skilje dei, døyr Adam. Det er ei ulukke, men ser ut som eit mord. For å sleppe fengsel, overtaler Ingrid Erik til å overta identiteten til Adam. Men det er vanskeleg å leve som nokon ein ikkje er. «Twin» er ein av dei store dramaseriane på NRK i haust, og Kristofer Hivju speler både Adam og Erik. Les også: Game of Thrones-stjernen i Lofoten og Twin kommer til høsten
Premiere: Slutten av oktober

Bjarte Tjøstheim i Hellums kro

Bjarte Tjøstheim i rolla som kroverten som vil at allting skal vere slik det alltid har vore. Han elskar kroa slik ho er.

Foto: Ole Christian Michelsen

«Hellums kro» - humordrama med Bjarte Tjøstheim
Når eigaren av to vegkroer på kvar si side av E6 pensjonerer seg, bryt det ut full krig mellom dei to daglege leiarane. Begge ser seg sjølv som rettmessig arvtakar til «kro-imperiet». «Hellums kro» byr på biljakter, spionasje og sabotasjeaksjonar, for i kro, krig og kjærleik er alt lov. Samtidig er serien ein varm hyllest til kro-livet: kvil i bakken med brødskive, karbonade og steikt løk, plastblomar på bordet og gratis påfyll av kaffi.
Premiere: slutten av oktober.

«Skitten snø» - om frykt, ære, lojalitet og sterke vennskap
18 år gamle Sumera blir valdteken av ein ho kjenner. Etterpå pressar han Sumera for pengar, og trugar med å spreie nakenbilde av henne. Ho er livredd for at familien skal få vite noko, men vågar etterkvart å fortelje kva som har skjedd til bestevenninnene sine. Saman legg dei ein plan for å ta hemn på overgriparen. Serien er basert på Mahmona Khans populære ungdomsroman med same namn.
Premiere: november

Siluetten av mennesker løpende på en kirkegård

«Nattens arvinger»: Av dei fem vampyrklanane som er igjen i Europa er den norske klanen den sterkaste.

Foto: Maipo Film

«Nattens arvinger» - internasjonalt fantasy-drama
Tre europeiske kringkastarar, NRK, tyske NDR og nederlandske NPO samarbeider om denne storsatsinga spekka med magi og spenning: Det er slutten på 1800-talet, og vampyrar blir jakta på. Gjennom femten år gamle Alisa følgjer vi dei fem vampyr-klanane som er igjen i Europa. Klanane stoler ikkje på kvarandre, men om vampyrane skal overleve, må dei unge frå kvar klan samarbeide.
Målgruppe: 12-15 år.
Les også: Vampyrserie på NRK og Lager vampyrserie til 100 millioner kroner
Premiere: oktober

Trailer Nattens arvinger

Trailer Nattens arvinger

«Nudes» – når alle har sett deg naken
Sofia (16) og Axel har sex på ein fest, og neste dag sirkulerer ein film av dei rundt på skulen. Kven var det eigentleg som filma? I ungdomsserien «Nudes» møter vi Sofia (16), Viktor (18) og Ada (14) som alle står i si første livskrise. På kvar sin måte prøver dei å vinne tilbake kontrollen når nakenbilde av dei blir spreidd.
Premiere: september

Emrah i 18

Med «18» ønsker NRK å gjere fleirkulturelle gutar frå Oslo aust stolte av eigen identitet, men og å skape refleksjon rundt vedtekne sanningar i miljøet.

Foto: NRK

«18» - om identitet, status og machokultur
«18» er eit tenåringsdrama frå Groruddalen som handlar om identitet, status og machokultur. Manus er skrive basert på grundig research og djupneintervju med målgruppa. Første sesong, «17», blei sendt i 2018 og handla om 17 år gamle Abdi. I «18» møter vi Emrah som er på veg inn i eit kriminelt gjengmiljø der eit hardt ytre og pengar betyr makt, men ingenting er så verdifullt som lojalitet. Når han blir forelska i Aisha, som utfordrar machomiljøet han har vekse opp i, hamnar han i eit dilemma: Kva liv ønsker han å leve? Historia tel ned gjennom 18 dagar i 18 år gamle Emrahs liv med ein ny episode kvar dag.
Premiere: oktober

Verda i flammar (World on fire) – episk om 2. verdskrig
Denne dramaserien fortel historiene til vanlege folk i Storbritannia, Polen, Frankrike, Tyskland og USA. BBC spenner opp eit stort lerret, frå okkupasjonen i Warszawa til bombinga av London. «Verda i flammar» har med seg stjerneskodespelarar frå fleire land, inkludert Helen Hunt. Det handlar om små menneske i ein stor krig, om lojalitet og brutalitet, mot og frykt, håp og tap.
Premiere: september

«Fred til lands» - psykologisk dramaserie frå Danmark
Fem innbyggarar planlegg det perfekte drapet på Mike, ei hata plageånd i den vesle bygda. Men kor perfekt er planen, eigentleg? Å gjere seg til gud – å sette seg til doms over andre - viser seg å ha konsekvensar dei ikkje føresåg. Serien kan minne litt om Twin Peaks, Peaky Blinders og Breaking bad.
Premiere: oktober

«Parterapi»
Humorserien med Kevin Vågenes held fram og til hausten kjem sesong tre. Vi møter både nye par og «gamle kjente» som forsøker å redde forholdet gjennom terapi.
Premiere: oktober

Ekte historier, dokumentar og fakta

Vignett kommune og fylkestingsval
Foto: NRK

Kommune- og fylkestingsvalet

NRK legg opp til brei dekning av årets kommune- og fylkestingsval i heile landet. Den populære valomaten er allereie lansert og vil dekke 356 kommunar, som er den nye kommuneinndelinga av landet vårt frå 2020. Når valkampen startar for alvor etter sommaren vil lokalvala prege NRK på mobil, TV og radio.

Under oppkøyringa til kommune- og fylkestingsvala reiser NRK land og strand rundt for å dekke – og skape - dei mest spennande debattane. NRK inviterer til både debatt og folkefest i på Driv i Tromsø, på Sakrisøy i Lofoten, i Korskirken i Bergen, på brygga i Flåm og på torget i Drammen. Ingerid Stenvold skal leie desse TV-sendingane.

Den første partileiardebatten går av stabelen måndag 12. august, og blir leia av Fredrik Solvang. Samtidig vil Yama Wolasmal stå for ei utvida Dagsrevyen 21-sending gjennom valhausten. Den utfordrande og varme trioen Adam Ezzari, Cengiz Al og Mutazim Billah frå NRK P3 er tilbake når «Andregenerasjonen tar valget».


«Einar» - om landsfaderen
Ved inngangen til 1945 var Einar Gerhardsen døden nær i konsentrasjonsleir. På slutten av same år var han statsminister i Norge. I 17 år leia han landet. Ingen andre har vært statsminister i Norge like lenge som han. «Einar» er dokumentarserien om fattigguten og barnearbeidaren som blei Norges landsfader. Serien inneheld hittil heilt ufortalde historier om Gerhardsen, og er laga av Erling Borgen.

Hotell Kash King

Det blir ein bratt lærekurve for Kash og Anoushka.

Foto: Fjords TV

«Hotell Kash King» - oppdagingsferd og kulturreise i Rwanda
Kva gjer du om bestemor di vil at du skal ta over hotellet hennar i Rwanda? Du tek henne på ordet, sjølvsagt. I denne dokumentarserien blir vi med når skodespelar og programleiar Kashfa King Gashamura (også kjend som Kash King) og kjærasten Anoushka reiser til Rwanda, landet kjent for sine tusen åsar. Men det viser seg at det oppstår omtrent like mange utfordringar når dei vil oppfylle sin eigen og bestemors hotelldraum.
Premiere: september

«Haik»
Ditt første kyss, di første forelsking, den store kjærleikssorgen – oppturar og nedturar: Alle store augeblikk i livet har sitt eige lydspor. I musikken ligg minne og tusenvis av historier om livet. I «Haik» tek Christine Dancke med seg populære artistar på ein biltur som startar heime hos artisten og som endar med ein eksklusiv konsert.
Premiere: oktober

Erlend Elias

Norske kjendisar utforskar den norske naturen og villdyra våre i «Safari Norge» .

Foto: Odd Arne Olderbakk / NRK

«Safari Norge» - kjende nordmenn møter ville, norske dyr
I dette naturprogrammet dreg kjende nordmenn på safari for å oppfylle draumen om å møte ville norske dyr på nært hald. Nokre av dei vi møter er: Yosef Wolde-Mariam (Madcon), som reiser til Svalbard for på oppleve isbjørn. Erlend Elias Bragstad som dreg på safari til Flatanger i Trøndelag for å få nærkontakt med havørna. Silya Nymoen som drøymer om å komme tett på gaupa og skogen i Telemark.
Premiere: oktober

Det blir også gjensyn med:

  • «Helene sjekker inn»
  • «Team Ingebrigtsen»
  • «Eides språksjov»
  • «Symesterskapet»

Helgeunderhaldning

I helga blir det nye rundar med mange av NRKs mest populære program.

  • «Side om side» - inkludert ein julespesial
  • «Lindmo»
  • «Ti på topp»
  • «Nytt på nytt»
  • «Stjernekamp»
  • «Beat for beat» med nytt band
  • «Jorden rundt på 6 steg»


Nytt å lytte til

Peder Kjøs, Therese og Alexander
Foto: Andris Søndrol Visda / Anti/NRK

«Hos Peder» sesong 2 - kvardagsterapi for individ og par
I denne podkasten møter vi både småbarnsforeldre og enkeltindivid i terapirommet. Lyttarane blir mellom anna kjent med Therese og Alexander, som lurer på om den ein gang så store kjærleiken er i ferd med å drukne i bleier, barnehyl og søvnlause netter, Marit, som slit med over-eting og kredittkortgjeld, og Morten, som er nyskilt og utan venner i ein ny by. Han treng ein ny kurs for livet sitt.
Premiere: august

NRK Super

På NRK Super til hausten: «Sjuende», dokumentarserie frå Tøyen skole har premiere: 8. september. Dramaserien «Klassen» har premiere 6. september og det blir meir Bamselegen, som operer både blindtarmar og gipsar brukne bein.

«Fantasity» nytt, ellevilt konsept
Ekte leik og fantasiar bestemmer kva som skjer i byen Fantasity, og alt er mogleg: gatene kan bli til lava, plutseleg kan innbyggarane måtte bygge alle hus av bæsj eller kanskje invaderer mikrofon-aliens byen. Målgruppe 5-7 år.

«BliMe»
Dette er NRK Supers vennskapsfeiring. 6. september er alle skular i landet invitert til å danse BliMe-dansen.

Det blir også ny sesong av sanntidsdramaet Lik meg, denne gongen handlar det om å begynne på ungdomsskulen.