Hopp til innhold

Sommeråpent reiser på campingtur

I sommar er det campingliv som står i høgsetet når Sommeråpent legg ut på turne. Programleiarane lovar spennande gjester, konkurransar og mykje moro.

Sommeråpent 2019

UT PÅ TUR: Programleiarane for årets Sommeråpent på NRK er (f.v.) Linn Skåber, Øystein Bache, Robert Stoltenberg, Ida Rasch, Atle Bjurstrøm, Ole Rolfsrud, Nadia Hasnaoui, Ingrid Gjessing Linhave, Margrethe Røed, Christian Strand og Christer Johnsgård. I tillegg skal også Mikkel Niva, som ikkje var til stades, vere programleiar.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Dei siste åra har NRK teke sommarprogrammet Sommeråpent ut i landet. Programmet har blant anna gått i fjellet, teke Hurtigruten og reist med tog. I år blir det campingliv frå sør til nord i seks veker.

Ingrid Gjessing Linhave og Robert Stoltenberg startar turneen 1. juli på Moysand camping i Fevik, som også fyller 90 år i år.

– Det skal bli supert, og så synest eg at det bra av vi skal vere i ro. No har det vore mykje reising i fleire år. Det skal bli herleg å kunne sitte ned og ha internett, og slikt. Det blir luksus, seier Linhave som har fleire sesongar av Sommeråpent bak seg.

For Robert Stoltenberg blir dette derimot ei heilt ny erfaring.

– Det blir litt rart for meg å berre vere meg sjølv, utan å ha på kostyme. Det blir nok ei utfordring. Men heldigvis har eg rutinerte folk som Ingrid rundt meg.

FØRSTE PAR UT: Robert Stoltenberg og Ingrid Gjessing Linhave startar årets Sommeråpent 1. juli på Sørlandet.

Vil dykke ned i campinglivet

Kvar veke blir det i år «Campinglekene» i Sommeråpent, der familielag møtast til venleg kappestrid i konkurransen om å bli «konge av campingplassen».

I tillegg håper Margrethe Røed og Øystein Bache, som skal sende frå Larkollen ved Moss, at dei skal kunne få ta ein djupdykk ned i campinglivet.

– Det som er spesielt på ein del av dei større campingplassane, er at det er ein del fastliggarar som etablerer seg med gjerde rundt campingvogna, og så blir dei der i generasjon etter generasjon. Det er ei verd eg aldri har vore inne i tidlegare, og som skal bli spennande å dykke ned i, seier Bache.

DJUPDYKK: Margrethe Røed og Øystein Bache gler seg til å vise mangfaldet på campingplassen når dei besøker Larkollen utanfor Moss.

Dei har allereie hatt ein del kontakt med Larkollen, som mange kjenner frå NRK-serien «Campingliv» frå 2001, om folk vi skal få møte.

– Vi skal møte alt frå fireåringen til oldemor på nitti som ferierer på campingplassen. Det er svære luksuscampingvogner og bitte små campingvogner der familiane bur ein heil sommar.

Sommeråpent 2019

Campingminne

Camping er ei ferieform som er svært populær blant nordmenn, ifølgje fersk statistikk frå SSB. I april i år var det registrert 36 prosent fleire overnattingar på campingplass, samanlikna med i fjor.

– Eg gler meg veldig til å vere på ein campingplass. Eg elskar alt campingplassen står for, som grilling, prating, latter og bading, seier Linn Skåber, som skal vere programleiar saman med Atle Bjurstrøm frå Kabelvåg camping.

Ho har gode minner frå då ho var på campingtur med tanta og onkelen då ho var barn.

– Det var så mange andre barn der, og kjensla av å vere ein del av eit fellesskap ein heil sommar, var heilt fantastisk.

CAMPINGSTEMNING: Både Linn Skåber og Atle Bjurstrøm seier dei har liten erfaring med campinglivet, men dei ser fram til stemninga på campingplassen når dei besøker Lofoten i slutten av juli.

For Atle Bjurstrøm blir dette ei relativt ny erfaring, men han gler seg.

– Eg trur eg har vore på camping ein gong. Og dersom eg hugsar rett, reiste vi heim igjen fordi vi ikkje fekk det til. Men den stemninga som er på ein campingplass er uslåeleg. Og det å få oppleve det, blir bra.

Kulturstrøm

  • Tre store motehus blir bøtelagt av EU-kommisjonen

    Motehusa Gucci, Chloé og Loewe blir bøtelagt med over 157 millionar euro for å ha gjennomført prising som er i strid med EU sitt reglement, kjem fram i ei pressemelding frå EU-kommisjonen.

    Motehusa skal ha fastsett vidaresalsprisar i strid med EU sine konkurransereglar.

    Motehusa skal ha avgrensa moglegheita for uavhengige tredjepartsforhandlarar til å sette eigne prisar for produkt designa og selt under merkevarene.

  • Musikalen Les Misérables er 40 år

    I år er det 40 år sidan musikalen Les Misérables hadde premiere på West End i London.

    Les Misérables er ein av dei mest spelte musikalane i verda. Det trass i at musikalen ikkje blei godt mottatt i 1985. Etter kvart vann musikalen fleire prisar.

    Musikalen flettar saman fleire menneske sine skjebnar som lev i Frankrike på starten av 1800-talet.

    en gruppe mennesker som går nedover en gate med en brann i bakgrunnen
    Foto: Lasse Berre
  • Swift med flest førsteplassar på Billboards albumliste

    Taylor Swift har stor suksess med sitt nye album «The Life of a Showgirl». Artisten er no den soloartisten med flest førsteplassar på Billboard albumliste, melder NTB.

    Swift har med det gått forbi både Drake og Jay-Z. Det nye albumet til Swift debuterte på førsteplass ei veke etter at det blei gitt ut.

    Utanom hennar første album, har dei gått rett inn på førsteplass. Ho er oppe i 15 og nærmar seg å ta rekorden frå Beatles som har 19.

    Albumcover til Taylor Swift
    Foto: NTB