Hopp til innhold

Skulle betre situasjonen for musikarane – brukte ein million på «ingenting»

Kunstnarorganisasjonen Creo skulle lage ein plan for å gjere livet enklare for frilansmusikarar. Då planen var ferdig og pengane brukte opp, ville ingen ha han.

Tollef Østvang

INGEN ALLIANSE: Frilanstrommeslagar Tollef Østvang trur ein musikarallianse kunne gjort situasjonen som frilansar enklare.

Foto: Peter Purgar

– Ofte kjenner ein seg som kontorrotter i staden for kunstnarar.

Slik beskriv trommeslagar og frilansmusikar Tollef Østvang sin arbeidssituasjon.

Han opplever også situasjonen som krevjande og uføreseieleg økonomisk.

– Nokre månader tener ein godt, så kan det gå tre månader utan inntekt, seier han.

Med ein million kroner frå regjeringa, greidde kunstnarorganisasjonen Creo ut ein plan for det som skulle bli «Musikaralliansen». Som ein slags arbeidsgjevar skulle den gje faste tilsetjingsforhold og betre levevilkår til profesjonelle frilansmusikarar.

Men førebels har ikkje pengane til å starte opp alliansen kome.

Frilanstrommisen trur ein allianse kunne betra situasjonen.

– Eg trur det ville gitt lågare skuldrer, betre psykisk og fysisk helse og gitt gode kunstnariske resultat for mange.

Tollef Østvang

UFØRESEIELEG: Tollef Østvang beskriv situasjonen som frilansar og sjølvstendig næringsdrivande innanfor musikk som krevjande og uføreseieleg.

Foto: Peter Gannushkin

– Noko av det viktigaste vi kan gjere for musikkfeltet

Hans Ole Rian er forbundsleiar i Creo, Noregs største kunstnarorganisasjon. Han fortel at Østvang ikkje er åleine.

Det er tøft å vere frilansar i Noreg. For dei fleste er inntektene låge og framtida usikker. Du går også glipp av ein del rettar som dei faste tilsette har, seier Rian.

For å betre situasjonen starta Creo planlegging av «Musikaralliansen».

Ei slik ordning finst for skodespelarar og dansarar i Noreg, men førebels ikkje for musikarar.

Kunstnarorganisasjonen fekk ein million kroner frå kulturdepartementet i statsbudsjettet for 2022 til å greie ut ein plan for ein slik allianse.

Men då rapporten var klar og levert til kulturdepartementet fekk ikkje Creo midlar til oppstart i statsbudsjettet for 2023. Heller ikkje i det reviderte budsjettet, som nyleg vart lagt fram, fekk dei midlar.

Hans Ole Rian, Forbundsleder CREO

INGEN ALLIANSE: Forbundsleiar i Creo, Hans Ole Rian, meiner dei vart lova å starte ein Musikerallianse, men har førebels ikkje fått midlar til oppstart.

Foto: Jonas Ørbeck Sire / NRK

Vi skjønar at det er tronge tider, men dette tiltaket er noko av det viktigaste vi kan starte opp på musikkfeltet spesielt no, seier Rian.

Han peikar på forskingsrapportar frå Kulturrådet som mellom anna viser at musikkbransjen gjekk glipp av fleire milliardar kroner under pandemien.

Brukt som eit kunnskapsgrunnlag

Statssekretær i Kultur- og likestillingsdepartementet Odin Adelsten Aunan Bohmann seier at dei ikkje kan love midlar til oppstart av Musikeralliansen i framtida.

– Kvifor har ein brukt ein million kroner på det som no ikkje blir noko av?

– Regjeringa trong eit betre kunnskapsgrunnlag for vurdering, og det som ligg der no er interessant.

Det å styrkje kunstnarøkonomien og gje kulturarbeidarane betre arbeidsvilkår er eit av våre viktigaste kulturpolitiske prosjekt, seier Bohmann.

Odin Adelsten Aunan Bohmann

#KUNNSKAPSGRUNNLAG: Statssekretær i Kultur- og likestillingsdepartementet, Odin Adelsten Aunan Bohmann, seier at utgreiinga til Creo blir brukt som eit kunnskapsgrunnlag.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

I Hurdalsplattforma står det at regjeringa vil «leggje til rette for fleire kulturarbeidsplassar og kompetansemiljø over heile landet»

Bohmann peikar på at alliansen ikkje skaper fleire arbeidsplassar, men heller gjer faste tilsetjingsforhold til ei gruppe profesjonelle musikarar.

– Ein allianse i seg sjølv løyser noko for nokon, men det må mykje større grep til viss ein skal løyse kunstnarøkonomien i det store biletet.

– Du har ei slik ordning for skodespelarar og dansarar – er ikkje musikk like viktig?

– Det er absolutt like viktig som scenekunst og dans, seier Bohmann.

Han kan fortelje at regjeringa skal setje i gang med ei offentleg utgreiing av rettane og økonomien til musikarane over sommaren.

– Ulogisk

Rian er skuffa over at utgreiinga førebels berre har vorte brukt som eit kunnskapsgrunnlag og at det ikkje blir ein allianse, som han meiner dei var lova.

– For meg blir det svært ulogisk å først løyve ein million til ei utgreiing, utan oppstart av alliansen, seier forbundsleiaren.

– Enkelte vil kanskje spørje seg kvifor musikarar ikkje berre kan få seg fast jobb ein annan stad - Treng vi eigentleg frilansmusikarar?

Musikarar lagar lydspora til liva våre. Om vi ikkje hadde hatt musikken som følgjer oss gjennom kvardagen på øyret, konsertar, og festivalar, så trur eg det hadde vorte rimeleg stille.

Frilanstrommis Østvang fryktar for at dagens situasjon gjer at vi kan gå glipp av både kunst og kunstnarar.

Han ser for seg ein kvardag der det er meir tid til å fokusere på musikken.

– Vi må klare å finne løysingar som gjer at vi kan vie mesteparten av tida vår til det vi faktisk skal gjere, som er å øve, spele konsertar og produsere kunst, seier Østvang.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober