Hopp til innhold

«White Lotus»-regissør: – Eg er praktisk talt norsk!

Serieskapar Mike White hintar om at han har lyst til å spele inn «White Lotus» i Noreg.

Mike White, serieskaperen og regissøren av White Lotus, poserer i forbindelse med premieren av sesong 3

Mike White, har skrive manus og regissert serien «White Lotus». Her på premierefesten i forbindelse med sesong tre.

Foto: CHRIS DELMAS / AFP / NTB

– Hei, eg er Mike White, skaparen av «White Lotus».

Slik startar den personlege videohelsinga frå Mike White til NRK.

– Vær så snill å sjå på siste sesong av «White Lotus». Den er ikkje innspelt i Noreg, men kanskje den blir det ein dag, fortset han i videoen.

Det er programleiar Synnøve Svabø som har fått han i tale i forbindelse med radioprogrammet «Kvelden med Synnøve».

Her intervjuar ho celebritetar innafor musikk, teater, kunst, film og TV.

Det har gått rykte om at neste seong av «White Lotus» skulle spelast inn i Noreg, men produksjonsselskapet takka nei fordi støtta ikkje var god nok.

Regissøren av «White Lotus», Mike White, kjem med ei personleg helsing til Noreg

Regissøren av «White Lotus», Mike White, kjem med ei personleg helsing til Noreg

Sjå Mike White forsøke å snakke norsk nedst i saka.

Les også Internasjonal storserie tilbydt nær 90 millionar – droppar Noreg

Jon Gries og Jennifer Coolidge i sesong to av White Lotus.

Hjelp av ein nordmann

Mike White har lenge vore ein bauta i den amerikanske film- og TV-bransjen, og står bak titlar som «School of Rock», «Chuck and Berry» og «Enlightened».

Takka vere «White Lotus», som han har skrive og regissert, er han for tida ein av verdas mest populære regissørar.

Den tredje sesongen, som nyleg hadde norsk premiere, vart spelt inn i Thailand.

Men det mange ikkje veit er at bak suksessen til Mike White finst det ein nordmann.

Han heiter Hallvar Sigmundstad, og er personleg trenar med base i Hollywood.

– Eg er for augeblikket i Thailand, saman med Hallvar, som heldt meg i live gjennom det som var ei svært vanskeleg innspeling. Det var veldig varmt i Thailand, og eg trengde å vere i tipp topp form, fortel White.

Hallvar Sigmundstad og regissøren av White Lotus, Mike White

Hallvar Sigmundstad og Mike White har vorte gode venar. Her frå premieren i Bangkok i Thailand.

Foto: Privat

På premierefest saman

Norske Hallvar Sigmundstad har vorte ein av dei hottaste namna blant kjendisar i Hollywood.

På ein hemmeleg adresse i Santa Monica i Los Angeles trenar han nokre av verdas mest berømte personar. Deriblant «White Lotus»-regissøren.

Da han vart spurt om å vere med under innspelinga var det ikkje vanskeleg å seie ja:

– Eg kjente jo Mike frå før, og eg synest jo Mike er ein fantastisk person å snakke med, understrekar Sigmundstad.

Da Mike White var på premierefesten for White Lotus i Thailand førre veke, var så klart også Hallvar Sigmundstad med.

– Det var ein ganske wow-følelse å vere til stades på premierefesten. Det var veldig gøy, fortel Sigmundstad i radioprogrammet «Kvelden med Synnøve» torsdag kl. 22.

  • Hallvar Sigmundstad, den personlege trenaren til regissøren av White Lotus, bak MAX-symbolet

    Hallvar Sigmundstad i Bangkok i forbindelse med premierefesten til sesong tre av «White Lotus».

  • Mike White på premierefesten til White Lotus

    Mike White var avhengig av å ha norske Hallvar Sigmundstad på sett under innspellinga av «White Lotus». Her frå premierefesten.

  • Sarah Catherine Hook på premierefesten til White Lotus

    Sarah Catherine Hook på premierefesten til «White Lotus».

  • Lalisa Manobal på premierefesten til White Lotus

    Lalisa Manobal på premierefesten til «White Lotus».

  • Patrick Schhwarznegger på premierefesten til White Lotus

    Patrick Schhwarznegger på premierefesten til «White Lotus».

VIP-liste

Det var etter andre sesong av «White Lotus» at Mike White kjente at forma var på botn. Tolv timar jobb om dagen i fleire månader i strekk hadde tæra på kroppen.

Han trengde nokon som kunne byggje han opp og halde han i gang under den lange innspelinga i Thailand.

White, som kunne velje og vrake mellom kven som helst, valde nordmannen. Sigmundstad vart sett på HBOs VIP-liste.

I praksis betydde det at han var den nest viktige VIP-en, etter regissøren.

Hallvard Sigmundstad i ein lianer i Thailand

Hallvar Sigmundstad i Thailand.

Foto: privat

– Eg fekk lov til å bestemme ganske mykje. Treningsform, kosthald, søvn. Planen var å finne ut korleis vi kunne klare å gå ut og prestere maks kvar einaste dag, forklarer Sigmundstad.

– Han er jo på sett i altfor mange timar, altfor mange dagar i altfor lang tid, eigentleg. Det er tøft å vere regissør på eit så stort show, reflekterer Sigmundstad.

Les anmeldelsen av «The White Lotus»: Djevelsk god satire «Djevelsk god satire»

Skuespillerne Morgana O'Reilly, Arnas Fedaravičius, Christian Friedel, Dom Hetrakul, Lalisa Manobal hilser fra stranden.

Norske aner

Mike White, er ifølgje Sigmundstad, veldig opptatt av opphavet sitt. Gjennom ein test på Ancestry kom det fram at den anerkjente regissøren hadde både svenske og norske aner.

At White er stolt av de norske anane sine, kjem også fram i videohelsinga:

– Ein annan grunn til at de bør sjå «White Lotus» er fordi eg er praktisk talt norsk. Eg er frå Fagernes. Familien min er frå ein gard, rett i nærleiken av Aurdal, seier White.

Serieskaparen av White Lotus, Mike White, prøver å snakke norsk

Serieskaparen av White Lotus, Mike White, prøver å snakke norsk

– Så støtt ein av dykkar eigne, avsluttar han og smiler.

Du kan høyre meir om livet til Hallvar Sigmundstad og jobben som kjendis-PT i radioprogrammet «Kvelden med Synnøve» på torsdag.

Kulturstrøm

  • Ingen nordmenn har klart det etter dem

    Lørdag 19.oktober 1985 ringte telefonen i leiligheten der Morten, Magne og Pål bodde i London. Det var med beskjeden om at låta deres Take On Me hadde nådd 1.plass på den amerikanske Billboard Hot 100-lista. Nå hadde a-ha den singelen som var mest spilt på radioer og mest kjøpt av folk i hele USA. Etter det har ingen nordmenn hatt musikk på toppen av den listen!

    -Vi startet på toppen sier Magne Furuholmen i intervjuet du kan høre i Musikklivet, og denne endret alt.

    Take On Me startet som "The Juicy Fruit Song", med bare melodien og riffet til Magne og Pål i deres første band Bridges. Mortens sang på refrenget er inpirert av Richard Strauss «Also sprach Zarathustra». Tempoet er like raskt som en moderne technolåt. Og videoen med tegneseriesekvensen var banebrytende, og ofte etterlignet siden.

    40 år senere listes Take On Me fortsatt opp blandt popens beste låter. Riffet gjør sangen gjenkjennlig på få sekunder. Og fortsatt er det nesten umulig å synge som Morten på refrenget, som går over 2 1/2 oktav.
    - Den var ikke laget for å være noen sing-a-long, forteller Magne i Musikklivet.

    Morten Harket, Magne Furuholmen og Paul Waaktaar-Savoy
    Foto: Michael Ochs Archives / Getty Images
  • – Bare så vidt han er en artist

    Flo Rida (46) er for mange unge studenter selve lyden av barndommen deres, og torsdag kveld opptrådte han i Norge.

    Han byr på nostalgi – ikke ulikt nylig norgesaktuelle Pitbull, en annen 2010-tallshelt innen partymusikk fra Florida.

    Og nostalgi selger tydeligvis: Amerikanerens konsert på studentfestivalen Uka – Norges største kulturfestival – ble fullstendig utsolgt.

    Men var det kveldens forestilling verdt de 800 kronene som hver student punget ut med? Overhode ikke, mener NRK P3s anmelder Even Samir Kaushik.

    Flo Rida på UKA 2025 i Dødens dal, Trondheim
    Terningkast 2 Konsert

    «Minimal innsats og gigantisk gevinst»

    ANMELDELSE: Flo Rida på Uka

  • Tidligere Kiss-gitarist er død

    Familien bekrefter til Variety at Ace Frehley er død, 74 år gammel. Litt tidligere meldte TMZ at han lå i respirator etter hjerneblødning.

    Frehley fikk en hjerneblødning etter at han falt i studio for et par uker siden.

    Frehley var med å starte Kiss i 1973, sammen med Gene Simmons, Paul Stanley og Peter Criss, Bandet som er kjent for pyro, ansiktssminke og kostymer.

    Kiss fikk ordentlig suksess da de ga ut konsertalbumet Alive! i 1975. Ace Frehley forlot bandet i 1982, men ble gjenforent med bandet i en periode på midten av 90-tallet.

    Han har holdt flere solokonserter i Norge, blant annet på Rockefeller i Oslo i 2015.

    En gruppe mennesker med masker som spiller instrumenter på en scene
    Foto: PAUL WARNER / AP / NTB