Hopp til innhold

Rekordstrøymer norsk musikk i utlandet

Tre fjerdedelar av dei som strøymer norsk musikk bur utanfor landegrensene. Norge er på 20.-plass over nasjonalitetar som blir mest strøyma i verda.

Kygo

STRØYME-KONGE: Kygo er strøyma over ein milliard gonger på Spotify så langt i år.

Foto: Kim Erlandsen / NRK P3

Bergensartisten Kygo, åleine, er strøyma over ein milliard gonger på Spotify så langt i år. Men det er ikkje berre han som har hatt suksess i 2016.

Alan Walker

1500%: 2016 har vore eit rekordår også for artisten Alan Walker.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

For Alan Walker auka strøymetalet med nesten 1500 prosent. 2016 er eit rekordår for norsk musikk internasjonalt, med ei markant auke i strøymetal, viser tal frå Spotify.

LES OGSÅ: Høyt på listen over verdens beste DJer

LES OGSÅ: Alan Walker droppar maska

Musikkmeldar i VG, Sandeep Singh, trur den internasjonale marknaden ser til Noreg for eit annleis og særeige sound.

– Vi har ein skandinavisk identitet med den kjølige elektronikaen, som nesten er litt stereotypisk. Utlandet elskar artistar som Astrid S og Aurora, seier Sandeep Singh.

astrid s

ELSKA I UTLANDET: Artisten Astrid S har ein skandinavisk identitet som er godt likt i utlandet, meiner musikkritikar.

Foto: Tom Øverlie/NRK

Norge tidleg ute

Bransjeorganisasjonen Music Norway meiner Norden var såpass tidleg ute med strøyming, at det kan ha gitt norske artistar ein fordel.

– Det at vi strøymer så mykje gjer at vi blir synlege på internasjonale spelelister og digitale plattformer, seier Kathrine Synnes Finnskog, direktør i Music Norway.

Men det er ikkje berre dei store EDM-artistane og hitmakarane som står for dei høge norske strøymetala.

– 750 000 amerikanarar lyttar til norsk black metal, seier bransjedirektøren.

Den norske jazzen er også populær i utlandet. Og artistar som Todd Terje har leia ei bølge av norsk elektronika ut i verda. Synnes Finnskog trur årsaka er samansett.

Kathrine Synnes Finnskog

BRANSJE: Kathrine Synnes Finnskog, direktør i Music Norway, meiner det er samansett at Norge scorar høgt på strøyming internasjonalt.

Foto: ILJA C. HENDEL FOTOGRAF/ / © Ilja C. Hendel

– Vi har vore flinke digitalt, vi har gode musikkprodusentar og låtskrivarar og vi har hatt nokre store kommersielle hits. Dette bidreg til at ein får lyst å sjå til Norge, meiner Synnes Finnskog.

Berre det siste året har Music Norway opplevd at internasjonale aktørar i større grad snusar på kva som føregår her oppe. Kritikar Sandeep Singh trur den norske musikksuksessen kjem til å halde fram.

– Vi har ikkje nådd toppen ennå. Kygo og Cashmere Cat er berre starten, seier Singh.

Kulturstrøm

  • – Bare så vidt han er en artist

    Flo Rida (46) er for mange unge studenter selve lyden av barndommen deres, og torsdag kveld opptrådte han i Norge.

    Han byr på nostalgi – ikke ulikt nylig norgesaktuelle Pitbull, en annen 2010-tallshelt innen partymusikk fra Florida.

    Og nostalgi selger tydeligvis: Amerikanerens konsert på studentfestivalen Uka – Norges største kulturfestival – ble fullstendig utsolgt.

    Men var det kveldens forestilling verdt de 800 kronene som hver student punget ut med? Overhode ikke, mener NRK P3s anmelder Even Samir Kaushik.

    Flo Rida på UKA 2025 i Dødens dal, Trondheim
    Terningkast 2 Konsert

    «Minimal innsats og gigantisk gevinst»

    ANMELDELSE: Flo Rida på Uka

  • Tidligere Kiss-gitarist er død

    Familien bekrefter til Variety at Ace Frehley er død, 74 år gammel. Litt tidligere meldte TMZ at han lå i respirator etter hjerneblødning.

    Frehley fikk en hjerneblødning etter at han falt i studio for et par uker siden.

    Frehley var med å starte Kiss i 1973, sammen med Gene Simmons, Paul Stanley og Peter Criss, Bandet som er kjent for pyro, ansiktssminke og kostymer.

    Kiss fikk ordentlig suksess da de ga ut konsertalbumet Alive! i 1975. Ace Frehley forlot bandet i 1982, men ble gjenforent med bandet i en periode på midten av 90-tallet.

    Han har holdt flere solokonserter i Norge, blant annet på Rockefeller i Oslo i 2015.

    En gruppe mennesker med masker som spiller instrumenter på en scene
    Foto: PAUL WARNER / AP / NTB
  • – Meir nedtona, meir angst

    Kor roleg, tilslørt og plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre nedstemt og trist?

    På «How Did I Wind Up Here?» tøyar Spellemannprisen-vinnande Jouska (30) grensene for kor mykje skjør angst sjangeren toler, og lagar eit nydeleg album i prosessen, skriv NRK P3s kritikar Sofie Martesdatter Granberg.

    Albumet blir gitt ut 17. oktober.

    en person som sitter på gulvet ved siden av en gitar
    Terningkast 5 Musikk

    «Kor plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre trist?»

    ANMELDELSE: «How Did I Wind Up Here?» av Jouska