Måltidets Hus i Stavanger eit nasjonalt forskingssenter som er bygd på dei fire kunnskapane fra gastronomi og vitenskap, til industri og lidenskap. Norge Rundt tok turen for å læra meir om kva som ligg bak eit godt måltid.
- Det viktigaste er interessa
Første stopp gjer me hos kokk Ørjan Johannessen hos Gastronomisk Institutt. Gastronomi er læra om fin kokkekunst. Men ifølgje kokken kan alle bli ein gastronom, så lenge dei har ei stor interesse for mat. Og det er jo i grunn den felles interessa heile huset er bygd på fortel Johannessen.
Medan han laga til eit betre laksemåltid, tok me turen i resten av Måltidets Hus.
Ikkje berre vinkjennarar
No skal me smaka laks saman med ekspertane i smakspanelet.
Foto: John Arnt Nøstdal / NRKHos vitenskapen får me prøva oss i eit smakspanel. Der sit de menneske med trente ganer og naser som lett kjenner om laksen til dømes luktar kokte ullklede, eller nyslått gras.
Ei av kjennarane, Laila Budal, fortel at det ligg arbeid bak.
- Tenk deg at du opnar vaskemaskina etter ein vask på høg temperatur, då kjenner ein nærast ei lukt av kokte ullklede. Den lukta kan me kjenne igjen når me luktar på til dømes laks.
Budal seier det er eit spennende arbeid, men at dei også møter på utfordringar.
- For å testa haldbarheita på ei matvare må me nokre gonger smaka på gamal mat, nærast forderva. Så det har hendt at nokre har måtta kasta opp i testlokalet, humrar Budal.
Industri og oppskalering
Me går vidare til industri.
- Her arbeidar me med å oppskalera maten slik at den blir tilgjengeleg for folk flest, seier Gro Kleiberg frå Nofima.
Det er annleis å laga mat til tusenar, enn på eit forsøkskjøkken. Korleis skal ein på best muleg måte ta vare på maten til den kjem ut i butikkane eller til restaurantar? Her vil dei utvikla industri som skal møta ønskjer og behov hos folk og bransje.
Og ikkje minst lidenskap
Toril sat ikkje godt på kne.
Foto: John Arnt Nøstdal / NRKHar du høyrt om sanserom? Det hadde ikkje me før me kom til Måltidets hus. Her fekk me leika oss med mat i ulike omgivnader. I fira rom som er like i storleik, men innreda i heilt ulik stil. Eit japansk, eit med Chesterfield-møblar, eit romantisk med rødt lys, og til sist eit med svart-kvit kontrast.
Kor mykje har omgivnadane å seie for korleis maten smakar? Det skal dei forska på i desse romma. Her fekk me prøva ut eit flott laksemåltid laga til av kokk Johannessen, og fekk verkeleg oppleva lidenskapen. Og kor smaka laksen best? Det får du svar på i Norge Rundt førstkommande fredag.
Velbekomme!
I 'det raude rommet' sat me begge godt.
Foto: John Arnt Nøstdal / NRK