- Denne boka inneheld store tankar, skreve med små ord, seier prisvinnaren Rune Belsvik.
Stille alvor
Belsvik er veldig fornøgd med å få prisen for nett denne boka.
- Eg klarte å nå inn til eit stille alvor utan å bli patetisk eller ironisk. Eg arbeidde lenge med boka, meir enn tre år, fortel forfattaren.
Det er ikkje fyrste gongen Rune Belsvik får pris av Noregs Mållag. I 1993 fekk han og Nynorsk barnelitteraturpris, og i 1980 og 1993 fekk han Noregs Mållags litteraturpris.

I grunngjevinga framhever juryen at Rune Belsvik har markert seg som ein av dei mest nyskapande barne- og ungdomsbokforfattarane i Noreg. Eit av særmerka hans er ei sjeldan medviten haldning til det poetiske språket. Eit anna særtrekk er at han skriv innanfor modernistisk tematikk og livskjensle, heiter det i grunngjevinga.
Siste bok om same gut
Boka "Ein naken gut" er den fjerde om den unge guten Arne Bu. "Alle dei fine jentene" (1988), "Kjærleiken er eit filmtriks" (1992) og "På nippet" (1995) fortel om den unge guten frå han er om lag 14 år til han i denne siste boka har vorte 18 år. Bøkene tematiserer guten sitt strev med å finne ut av seg sjølv og "alle dei fine jentene".
"Ein naken gut" stadfestar at Rune Belsvik med bøkene om Arne Bu erobrar nytt land for ungdomsromanen; både tematisk, språkleg og formelt. Med sterk intensitet framstiller den unge forteljaren i boka kjærleiken som eit villniss av motstridande kjensler, eit spel med livet og identiteten som innsats, seier juryen.
Vâr og poetisk
Juryen framhever og at boka er ei vâr og poetisk skildring av ungdomsliv. Med det sprenger denne boka også grensene for det som normalt blir forstått som "ungdomsroman", og det ville vera meiningslaust å vurdere den berre i forhold til ein slik avgrensa kategori, seier juryen.
I juryen for denne prisen sat Svein Erik Brodal, Gunnar Foss og Sylvie Penne.
Av Synne Hedlo/Tori Skrede
Nettkultur, 27. juli 2001