KJEM LANGT: Lise Davidsen er lyrisk sopran, og av tre konkurransar ho meldte seg på i sommar, så kom ho til finalen i samtlege.
Foto: Charlotte Gundersen– Den nermaste familien forstår det som skjer no, og det gjer også dei nermaste venene mine, seier Lise Davidsen.
Ho kjem frå Stokke i Vestfold, er lyrisk sopran, og har mellom anna studert ved Det Kongelige Operaakademi i København. Berre i sommar var ho påmeldt til tre konkurransar, og ho kom til finalen i samtlege.
– Eg får meldingar der det står: «Det er ikkje sikkert eg forstår kor stort dette er for deg», og det er eigentleg veldig hyggeleg, for dei har nok rett, seier Davidsen.
– Det er ikkje sikkert eg forstår det sjølv heller. Eg forstår det i ettertid, kanskje til hausten, seier ho.
- HØYR INTERVJUET: Lise Davidsen - gjest i Spillerom
- HØYR OGSÅ: Lise Davidsen - ei ny norsk operastjerne
Vinn konkurransar
PRIS: I Dronning Sonja Internasjonale Musikkonkurranse har Lise Davidsen fått pris for beste framføring av norsk musikk.
Foto: Camilla StorvollenI konkurransen Operalia i London, der målet er å få fram operaverda sine mest lovande talent og personligheiter, vann Lise Davidsen både hovudkonkurransen, og to andre prisar.
I Belvedere i Amsterdam fekk ho andreplass, og no er ho ein av fem finalistar i Dronning Sonja Internasjonale Musikkonkurranse. Konkurransen blir arrangert annakvart år, og i år søkte heile 223 songarar frå 42 ulike land om å delta.
FINALISTAR: I Dronning Sonja Internasjonale Musikkonkurranse er det fem finalistar (f.v): Yuriy Yurchuk (Baryton, Ukraina), Alexey Lavrov (Baryton, Russland), Elsa Dreisig (Sopran, Frankrike), Leon Kosavic (Baryton, Kroatia), og Lise Davidsen (Sopran, Norge).
Foto: Camilla Storvollen– Om eg kunne gjort det om igjen er det ikkje sikkert eg hadde gjort tre konkurransar etter kvarandre. Det er ikkje akkurat det eg har øvd meg fram til, seier Davidsen.
– Eg har vel øvd meg litt på det som kjem no etterpå, det å vera songar, å gjere produksjonar, og det å vera ein operasongar som lever av det, seier ho.
- LES OGSÅ:
Samanlikna med førebiletet
Sjølv om dei innleiande rundane i konkurransar føregår midt på dag, så stiller både Lise Davidsen og andre i full gallakjole med sminke og oppsett hår.
KJOLE: Lise Davidsen stiller pynta til konkurransar, sjølv om ho skal opptre midt på dag. Sopranen seier det er til god hjelp å late som om det er ein kveldskonsert når ho skal konkurrere. Finalen føregår på Hovudscenen i Den Norske Opera og Ballett.
Foto: Camilla Storvollen– Me går inn i ei form for rolle, og for meg hjelper det å pynte meg og late som om det er kveld, å late som om det er ein konsert. Ein gjer det nok for å gi seg sjølv ein «sjøvtillitsboost», seier Davidsen.
Å bli samanlikna med førebiletet Kirsten Flagstad er også noko som aukar sjølvtilliten til sopranen, og ho kan også forstå samanlikninga.
– Eg føler meg på ein måte i heime i det tyske repertoaret, språket, og kulturen, og det var på ein måte det som var Kirsten Flagstad sitt store felt, seier ho.
– Og så trur eg det er noko med denne nordiske vikingklangen, både det fysiske, men også reint teknisk, legg ho til.
Finalen føregår på Den Norske Opera & Ballett, fredag 21. august, og blir sendt på NRK2 frå klokka 19.30, og deretter på NRK1 frå klokka 20.45.
SJÅ OGSÅ:
SJÅ INNSLAGET: Lise Davidsen - gjest i Dagsrevyen den 18. august 2015.
SJÅ OGSÅ: