Hopp til innhold

– Tenkte «eg er sikkert feil person»

Då dronning Sonja vart spurd om å låne bort namnet sitt til ein klassisk musikkonkurranse, var ho i tvil.

Dronning Sonja

Då ideen til ein Sonja-konkurranse vart lansert, såg den dåverande Kronprinsessa eit høve til å lære meir om klassisk musikk og opera.

Foto: Øijord, Thomas Winje / NTB scanpix

Det var på 1980-talet representantar for ein ny klassisk musikkonkurranse kom til Slottet for å be om lov til å bruke den dåverande kronprinsessa sitt namn.

– Først tenkte eg: «dette har eg jo ikkje greie på i det heile tatt, eg er sikkert feil person, fortel dronning Sonja.

– Men så tenkte eg at dette kanskje var ein fin måte å lære om kva som skjer på det feltet. Og eg har verkeleg lært utruleg mykje, eg har fått treffe dei store stjernene i juryen og hatt svært mange flotte møte og opplevingar.

Konkurransen heiter «Dronning Sonja Internasjonale Musikkonkurranse» og arrangerast annakvart år.

– Ein trur nesten ikkje det er mogleg

Dronning Sonja har følgt sin eigen konkurranse på nært hald gjennom dei 25 åra sidan oppstarten i 1988. Etter to konkurransar for klaver har den sidan 1995 vore ein rein songkonkurranse, arrangert annakvart år.

– Finalane i konkurransane har vore som eventyr, utruleg flotte opplevingar, seier dronning Sonja.

– Når ein høyrer desse flotte stemmene, trur ein nesten ikkje det er mogleg. Eg er ikkje i stand til å avgjere kven av finalistane som er best.

(Artikkelen held fram nedanfor videoen.)

Sjå heile intervjuet med dronning Sonja:


Arild Erikstad intervjuer dronning Sonja i forbindelse med Dronning Sonja Internasjonale Musikkonkurranse 2013.

Arild Erikstad intervjuar dronning Sonja.

– Hadde store høgtalarar på grunn av Haakon

Både kronprins Haakon og Märtha Louise er som kjent svært musikkinteresserte, men dronninga er usikker på kor mykje ho har påverka dei.

– Synge kan eg ikkje, men eg har jo vore interessert, og eg ville veldig gjerne at dei skulle bli interessert i musikk også. Så vi tok dei med til kulturskolen i Bærum.

Les: NRK Lydverket » Rockeprinsen har blitt voksen

Dronninga erkjenner at det blir mindre musikklytting no då borna budde heime:

– Vi hadde store høgtalarar alle stader, ekstra store på grunn av Haakon. Men i min alder blir det ikkje like mykje «beat og rock» som i 40-årsalderen, slik vi nyleg opplevde med kronprinsen!

Les: Musikkgave til kronprins Haakon på Skaugum

Skulle gjerne gått oftare på jazzkonsert

Dronning Sonja får mange musikkopplevingar på sine reiser i Noreg, men set også stor pris på å høyre musikk når ho køyrer bil. Favorittsjangeren er jazz:

– Eg synest jazz er fantastisk. Eg var så heldig å ha ein bror som spelte klaver og saksofon i band, så eg høyrte på dei og song med allereie då eg var lita.

Av gode jazzopplevingar trekkjer dronninga fram sine besøk på jazzklubb i Washington – og opningskonserten under Oslo Jazzfestival i august.

– Eg skulle gjerne gått oftare på konsert, det må eg bli flinkare til!

Norske Hamida Kristoffersen i finalen

Hamida Kristoffersen

Hamida Kristoffersen.

Foto: Fred Olav Vatne / NRK

40 songarar frå 24 land kom gjennom nålauget til årets utgåve av Dronning Sonja Internasjonale Musikkonkurranse. Etter dei innleiande rundane er no fem songarar frå Noreg, USA, Frankrike og Russland klar for finalen.

Hamida Kristoffersen (25) frå Bjarkøy i Troms er den einaste norske songaren som har nådd heilt til finalen. Ho har allereie vunne ein pris under konkurransen – for beste framføring av norsk musikk, nærare bestemt Fartein Valens «Ave Maria.»

Del 1 av finalen går på NRK2 frå kl 19.00, del 2 og prisutdelinga går på NRK1 kl 20.40.

Marita Sølberg vann konkurransen i 2001 og Audun Iversen i 2007. I 2011 gjekk sørkoreanske Donghwan Lee til topps.

Les: Portrett av Hamida Kristoffersen

Les: Sørkoreansk seier i Dronning Sonja-konkurransen

Kulturstrøm

  • TMZ: Limp Bizkit-bassist Sam Rivers er død

    Limp Bizkit-bassisten Sam Rivers er død, skriver TMZ.

    Han ble 48 år. TMZ viser til en post på bandets offisielle Instagram-konto.

    – I dag mistet vi vår bror. Vår bandkamerat. Vårt hjerte, skriver bandet.

    Det amerikanske bandet ble i september presentert som et av de store på festivalen Tons of Rock i 2026 i Oslo. De har aldri spilt i Norge før.

    Rivers var med å starte bandet, kjent for «Break Stuff», «Rollin’» og «Nookie» på 90-tallet, men forlot det i 2015. Årsaken var en leversykdom forårsaket av mye alkohol. Etter en levertransplantasjon kom han tilbake tre år etterpå.

    Dødsårsaken er ikke kjent.

    en mann som spiller gitar foran en folkemengde
    Foto: Yalonda M. James / AP / NTB
  • Ingen nordmenn har klart det etter dem

    Lørdag 19.oktober 1985 ringte telefonen i leiligheten der Morten, Magne og Pål bodde i London. Det var med beskjeden om at låta deres Take On Me hadde nådd 1.plass på den amerikanske Billboard Hot 100-lista. Nå hadde a-ha den singelen som var mest spilt på radioer og mest kjøpt av folk i hele USA. Etter det har ingen nordmenn hatt musikk på toppen av den listen!

    -Vi startet på toppen sier Magne Furuholmen i intervjuet du kan høre i Musikklivet, og denne endret alt.

    Take On Me startet som "The Juicy Fruit Song", med bare melodien og riffet til Magne og Pål i deres første band Bridges. Mortens sang på refrenget er inpirert av Richard Strauss «Also sprach Zarathustra». Tempoet er like raskt som en moderne technolåt. Og videoen med tegneseriesekvensen var banebrytende, og ofte etterlignet siden.

    40 år senere listes Take On Me fortsatt opp blandt popens beste låter. Riffet gjør sangen gjenkjennlig på få sekunder. Og fortsatt er det nesten umulig å synge som Morten på refrenget, som går over 2 1/2 oktav.
    - Den var ikke laget for å være noen sing-a-long, forteller Magne i Musikklivet.

    Morten Harket, Magne Furuholmen og Paul Waaktaar-Savoy
    Foto: Michael Ochs Archives / Getty Images
  • – Bare så vidt han er en artist

    Flo Rida (46) er for mange unge studenter selve lyden av barndommen deres, og torsdag kveld opptrådte han i Norge.

    Han byr på nostalgi – ikke ulikt nylig norgesaktuelle Pitbull, en annen 2010-tallshelt innen partymusikk fra Florida.

    Og nostalgi selger tydeligvis: Amerikanerens konsert på studentfestivalen Uka – Norges største kulturfestival – ble fullstendig utsolgt.

    Men var det kveldens forestilling verdt de 800 kronene som hver student punget ut med? Overhode ikke, mener NRK P3s anmelder Even Samir Kaushik.

    Flo Rida på UKA 2025 i Dødens dal, Trondheim
    Terningkast 2 Konsert

    «Minimal innsats og gigantisk gevinst»

    ANMELDELSE: Flo Rida på Uka