Hopp til innhold

Norsk-britisk fiolinkomet i Vogue

Charlie Siem byggjer opp fiolinistkarrieren på uvanlege arenaer. Motebladet Vogue og Lady Gaga er mellom dei som har fått opp augene og øyrene for virtuosen, som i desse dagar gir ut sitt tredje album.

Charlie Siem

Charlie Siems nye album inneheld mellom anna ein av dei mest populære fiolinkonsertane, Max Bruchs fiolinkonsert nr. 1.

Foto: Presse

Det vekte oppsikt då Charlie Siem sist veke lanserte albumet med ein konsert i Apple Store i Covent Garden i London. Butikken er verdas største Apple Store, og inviterte den norsk-britiske 25-åringen til å halde konsert midt i lokalet.

Det nye albumet, med musikk av Max Bruch, Henryk Wienawski og Siems fjerne slektning Ole Bull, vart også vekas album i radiostasjonen Classic FM.

Høyr frå det nye albumet til Charlie Siem og London Symfoniorkester:

Fotografert av Bryan Adams

Det er på ingen måte tilfeldig at Vogue har laga reportasje i det britiske septembernummeret av bladet og videosak på Vogue.com om den over snittet stilige fiolinisten. Siem har nemleg ein parallell karriere som fotomodell, mellom anna som frontfigur for luksusvareprodusenten Dunhills vårkampanje.

Allereie i 2009 vart Siem avbilda i den italienske utgåva av Vogue. Biletet var teke av den canadiske rockestjerna (og fotografen) Bryan Adams. Adams og Siem har også stått på scenen i lag, i ein versjon av megahiten «Heaven».

Spelte for Lady Gaga

Charlie Siem er son til den norske milliardæren Kristian Siem, og vaks opp i London. Med prins Harry mellom medelevane på den legendariske kostskulen Eton, er det ikkje rart om han er blitt van med å ha megakjendisar rundt seg.

I juni spelte han Vittorio Montis klassikar «Czardas» under festen for Lady Gaga då ho fekk Fashion Icon Award 2011 i New York, og fekk eit kyss på kinnet som takk.

– Denne fyren kan verkeleg spele

Siems nye album er på veg mot medias meldarspalter – så langt har den første meldinga i Classic FM Magazine gitt plata ein varm velkomst.

Elles gir den profilerte journalisten, forfattaren og klassisk-bloggaren Jessica Duchen Siem ein solid attest i ein bloggpost mandag, under den spøkefulle overskrifta «Sjokk-nyheiter: Pen fiolinist kan verkeleg spele»:

– Denne fyren kan verkeleg spele. Og ikkje berre fordi han har Menuhins Guarneri del Gesu, ikkje berre fordi han er i slekt med Ole Bull ... og ikkje berre fordi Lady Gaga likar han ... det beste av alt er at han kan spele Paganini.

Video Charlie Siem speler Paganini i Sommeråpent

Charlie Siem speler Paganini-stykket «Net cor piu non mi sento» i Sommeråpent.

Inspirert av Arve Tellefsen

Charlie Siem var nyleg i Oslo for å halde konsertar under Oslo kammermusikkfestival, og fekk møte ein av sine barndomsheltar, festivalsjef Arve Tellefsen. Han kunne fortelje ein overraska fiolinistkollega om eit møte backstage då Charlie var gut:

– Du huskar det nok ikkje, men eg møtte deg etter ein konsert i Royal Festival Hall i London, sa Siem.

– Eg fekk vere med foreldra mine backstage etter konserten, og eg huskar svært godt at eg tok på fiolinen din og fekk ta deg i handa.

Charlie Siem speler i dag på ein fiolin laga av same fiolinmaker som den Arve Tellefsen har – ein Guerneri del Gesu-fiolin som tidlegare altså tilhøyrde den berømte britiske fiolinisten Yehudi Menuhin.

Sjå Arve Tellefsen og Charlie Siem i Sommeråpent:

Video Charlie Siem og Arve Tellefsen i Sommeråpent

Charlie Siem og Arve Tellefsen deler minne om sine første møte i Sommeråpent.

Kulturstrøm

  • Taylor Swifts «reklamefilm» for det nye albumet inn på kinotoppen i USA

    To uker før utgivelsen av Taylor Swifts nye album, «The Life of a Show Girl», ble det offentliggjort at albumet ville få følge av en 89 minutter lang kinofilm med musikkvideoer, bak scenen-filmer og låttekster.

    På tre dager – 3. til 5. oktober – som filmen «The Official Release Party of a Show Girl» var å se på 3702 amerikanske kinoer, spilte den inn 33 millioner dollar, ifølge Deadline. Det tilsvarer nærmere 330 millioner norske kroner.

    (NTB)

    Taylor Swift - nært kvinne med mørk blondt langt hår, rød leppestift og vi ser kanten på en rød kjole
    Foto: Jordan Strauss / AP
  • Robbie Williams-konsert i Tyrkia avlyst

    En kilde ved provinsmyndighetene i Istanbul oppgir «sikkerhetsbekymringer» som årsak overfor nyhetsbyrået AFP uten å utdype. Williams skriver også på Instagram at sikkerhet er årsaken til at konserten blir avlyst, og beklager sterkt for at han ikke får opptrådt.

    Konserten i Istanbul ville funnet sted på samme dato som Hamas-angrepet mot Israel i 2023 som førte til krigen i Gaza. I forkant av konserten hadde mange aktivistorganisasjoner tatt til orde for at den måtte avlyses, og Williams ble omtalt som «sionist». Det var også planlagt demonstrasjoner.

    Williams, som har en kone som er jødisk, opptrådte i Israel både i 2015 og 2023. Han måtte tåle mye kritikk for at han gjorde det.

    (NTB)

    Robbie Williams - nærbilde av mann med mørk grått hår og rosa dress
    Foto: Chris Pizzello / AP