Hopp til innhold

Netflix braut avtale om filming av 22. juli

Netflix er i gang med å gjenskape scener frå 22. juli i regjeringskvartalet. Avtalen var å filme dei fleste scenane i helga for å skåne folk som jobbar i området. Den avtalen braut Netflix i dag.

FILMINNSPILLING 22. JULI

FILMINNSPELING: Her filmar Netflix i Akersgata utanfor regjeringskvartalet og VG-huset. Desse opptaka, som blei gjort laurdag, var ein del av avtalen med departementet.

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Regissør Paul Greengrass og resten av filmcrewet er i gang med opptak til 22. juli-filmen, som er basert på Åsne Seierstad si bok «En av oss».

Tidlegare har Netflix filma på Håøya i Vestfold. I helga har Netflix filma i regjeringskvartalet i sentrum av Oslo, der terroren skjedde 22. juli for seks år sidan.

SJÅ OGSÅ: Netflix gjenskapte 22. juli-scenene ved Regjeringskvartalet

– Blei de varsla om filming av 22. juli terroren?

Departmentsråd Eivind Dale i KMD

– UGREITT: Departementsråd Eivind Dale er ikkje nøgd med at Netflix braut avtalen om filming i regjeringskvartalet.

– Både ja og nei. Varselet om filming kom i førre veke. Dei filma framfor finansdepartementet og framfor VG på laurdag, det var ein del av avtalen, seier departementsråd Eivind Dale.

– Overraskinga var derimot stor då det sto ein stor kvit varebil midt framfor inngangen til departementsbygninga i Akersgata i dag. At dei skulle filme i Akersgata i dag tidleg var ikkje ein del av avtalen med produksjonsselskapet, seier Dale.

– Korleis reagerer du på det?

– Det er ganske ugreitt. Dei har brote avtalen, seier departementsråd Dale.

LES OGSÅ: Anders Danielsen Lie skal spille Anders Behring Breivik i Netflix-filmen om 22. juli

Det er Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) som har hatt dialogen med produksjonsselskapet av filmen og som har gitt tillating til filming. I førre veke blei det sendt ut varsel til tilsette i alle departement i regjeringskvartalet om at Netflix kom til å filme i regjeringskvartalet.

NRK har fått tilgang til varselet om filming som departementet sende ut til sine medarbeidarar førre veke.

I varselet står det at departementet har vurdert henvendelsen særleg nøye.

«Dette er en film om en av de mest dramatiske hendelsene i norsk historie, hvor regjeringskvartalet ble hardt rammet. Hendelsene 22. juli 2011 skal ikke glemmes. Det er derfor gitt tillatelse til filming i regjeringskvartalet, under visse forutsetninger.»

Avtale med Netflix

I avtalen frå Netflix står det at selskapet skulle gjere seg ferdig med alle scenane i Akersgata på laurdag.

«Filmselskapet skal filme på fremsiden av Høyblokka/i Akersgata lørdag 2. desember i tidsrommet 08.30-17.30. Mandag 4. desember i tidsrommet 08.30–18.00 skal det filmes på baksiden av Høyblokka, men denne filmingen skjermes for innsyn.»

Den delen av avtalen heldt ikkje Netflix, og klokka 09.00 i dag tidleg var Akersgata full av filmfolk i tillegg til den kvite store varebilen som sto parkert rett framfor inngangen til departementsbygningen, ifølge Dale.

– I det departementstilsette kom til jobb i dag tidleg var det fullt av filmfolk i gata som sette opp raude sperreband, og det var statistar som gjekk rundt, seier Dale.

– Kjem de til å reagere mot filmselskapet?

– Vi har sendt eit brev til filmselskapet i dag der vi skriv at vi reagerer på at dei har brote avtalen, seier departementsråd Dale.

Filminnspelinga skal etter planen halde på fram til slutten av januar 2018.

NRK har vore i kontakt med Netflix, men filmselskapet ønsker ikkje å kommentere saka medan filminnspelinga pågår.

Netflix gjenskapte 22. juli-scenene ved Regjeringskvartalet.

Kulturstrøm