Last ned stemmeskjema
Ein klassisk gjengangar når det gjeld MGP og Eurovision.
PDF-versjon:
Word-versjon:
I skjemaet er artistane oppført i den rekkefølgen de opptrer i. Her kan du fylle inn poengene dine etter kvart som artistane har framført nummeret sitt, og du kan gi poeng på alt frå sceneshow til styling.
Vidar Villa: «MER»
Det er seks år sidan Vidar Villa sist stod på MGP-scena. Sidan den gong har bandet spelt over 500 konsertar og vorte strøymt over 200 millionar gongar. Vidar Villas bidrag til årets MGP er den sprudlande energibomba «MER». Låten handlar om å omfamne alle delar av livet – både det gode og det vonde.
MISTRA: «Waltz of Death»
I den nye duoen MISTRA brakar to ytterpunkt i norsk musikkbransje saman: popdronning Benedicte Adrian og metal-pioneren Anders Odden. Saman skal dei framføre låten «Waltz of Death».
Thomas Jenssen: «Take Me To Heaven»
Thomas Jenssen er ein artist og låtskrivar frå Levanger i Trøndelag. Han har dei siste åra studert musikk ved Universitetet i Agder og går nå siste året på master i låtskriving. «Take Me To Heaven» handlar om å bli betatt av nokon og våge å vere sårbar.
Annprincess: «Save Me»
Annprincess er ein artist og låtskrivar frå Lier. 32-åringen elskar å skrive låtar som får andre til å føle seg sterke, sett og høyrt. MGP-låten «Save Me» handlar om einsemda ein kjenner på av at andre påpeiker kor annleis ein er. Bidraget handlar også om å akseptere det, godta korleis ein er og å stå opp for seg sjølv.
MiiA: «Green Lights»
MIIA erobra mange lyttarar rundt om i verda med singelen «Dynasty» i 2015. Låten vart omtalt av Billboard og var ein del av hitlister som New Music Friday globalt. Bak artistnamnet finn vi Mia Virik Kristensen frå Kragerø.
KEiiNO: «Damdiggida»
Fem år er gått sidan KEiiNO kombinerte urnorske melodiar, joik og dansbar pop for fyrste gang, og den unike sounden har fått eit stort internasjonalt publikum. Sidan KEiiNO vart favoritten blant sjåarane i Eurovision i 2019 har dei gjeve ut 28 låtar, toppa hitlistene, vorte radiofavorittar, vunne prisar og vorte nominert til Spellemann. Nå vil dei gjere eit nytt forsøk på å ta sigeren heim!