Hopp til innhold

Kva skjedde på rom 708?

Anna Elisabeth Westerlund er kjend som Norges mest profilerte synske i det tjuande århundre.

Anna Elisabeth Westerlund.
Foto: Stig Næss/VG / Scanpix

Hør radiodokumentaren: Kva skjedde på rom 708?

Ein dokumentar om politiets samarbeid med synske Anna Elisabeth Westerlund

Av Kari Hesthamar

Politiet i Bergen jobba saman med Westerlund i omkring 20 saker gjennom 80-talet. Det var pårørande som ba om at ho vart trekt inn. Dåverande sjef for ettersøkingsavsnittet, Sigurd Selheim, ringde Westerlund for dei, og ofte kom ho med fly frå Oslo alt neste dag. Den vesle gruppa frå ettersøkingsavsnittet møtte Anna Elisabeth Westerlund på hennar faste rom på hotell Norge etter arbeidstid. Westerlund fekk ingen saksopplysningar på førehand, men ein pårørande var med i fyrste del av seansen for å sikra at Westerlund ”såg” rett.

Søk på rom 708

Professor i folkloristikk, Bente Gullveig Alver, har i mange år forska på fenomenet ”kloke”, og følgde Westerlund over ein periode på 25 år. Alver gjorde kassettopptak av Westerlund då ho sat på rom 708 og forsøkte å finna folk som var forsvunne. Desse opptaka har aldri tidlegare vore frigitt, men i denne dokumentaren får lyttaren høyra opptaka frå ei konkret forsvinningssak, saman med intervju med politiet og Bente Alver.

Leitar etter svar

Mange kryssar grensa frå det offentlege hjelpeapparatet til det alternative når dei ikkje får hjelp hos politi eller helsevesen. 3. juli 1988 forsvann ni år gamle Therese Johannessen frå Fjell i Drammen. 21 år seinare veit ingen kva som skjedde med henne. Mor hennar leitar framleis etter svar, og har vore i kontakt med mange synske som har hevda at dei har opplysningar om Therese – utan at det har gitt resultat.

Westerlund døydde i 1995, 88 år gammal. Ho donerte hjernen sin til Universitetet i Bergen, i håp om at dei kunne finna vitskapleg bevis for at ho var synsk.

Kva skjedde på rom 708?

Ein dokumentar om politiets samarbeid med synske Anna Elisabeth Westerlund.

Av Kari Hesthamar
Teknisk regi Kåre Johan Lund.

Konsulent Berit Hedemann.

NRK P2:

  • Laurdag 10. oktober kl 10:03 og
  • Søndag 11. oktober kl 21:03.

Kulturstrøm

  • Rekordbesøk til Høstutstillingen

    Norske billedkunstnere sin høstutstilling – også kjent som bare Høstutstillingen – har hatt over 30.000 besøkende denne høsten.

    Det er over ti år siden utstillingen har hatt så mange besøkende.

    Utstillingen er Norges store årlige arena for samtidskunst og arrangeres hvert år på Kunstnerens hus i Oslo.

    Alle kan sende inn verk, og en jury velger ut det som skal stilles ut.

    Kunstnernes Hus
    Foto: Morten Holm
  • Sigrid: – Frustrerende å se at det internasjonale rettssystemet ikke fungerer

    Artisten Sigrid mener vi har et fantastisk system i Norge som vi må ta vare på, spesielt i disse «ekstra urolige tidene», kommer det frem i et intervju med NRK P3.

    – Det er frustrerende å se rett foran øynene at det internasjonale rettssystemet ikke fungerer. Det er jo helt jævlig.

    Hun fortsetter:

    – Det er ikke rart vi blir nostalgiske i popkultur som mote og musikk. Men jeg føler vi har vært nostalgiske de siste ti årene. Det sier kanskje noe om de siste ti årene.

    Artisten slipper sitt tredje album «There’s Always More That I Could Say» den 24. oktober. 28. november opptrer hun også på «P3 Gull».