Hopp til innhold

Kunstnarar reagerer på millionstipend til Melgaard

Kulturrådet har tildelt biletkunstnaren Bjarne Melgaard eit stipend for etablerte kunstnarar. Stipendet på nær 2,8 millionar kroner vert utbetalt over ei periode på ti år. No meiner fleire kunstnarar at ein må vurdere ordninga på nytt.

Bjarne Melgaard i sitt atelier på Frogner i Oslo , januar 2019

TIÅRIG STIPEND: Melgaard vil årleg få 276 805 kr i stipend for etablerte kunstnarar. Frå 1997 til 1999 fekk han også eit stipend frå Kulturrådet. Då var det eit arbeidsstipend på mest 400 000 kroner utbetalt over tre år.

Foto: Petter Sommer / NRK

– Det er ein liten pott med pengar som mange dyktige kunstnarar arbeider beinhardt for. Då tenker eg at dei som har tent svært godt på kunsten sin og som har gode utsikter for å gjere det også framover, ikkje er rettkomne søkarar, seier biletkunstnaren Ingunn Skogholt.

Ho er ei av fleire i kunstnarmiljøet som reagerer på tildelinga av stipendet til den framgangsrike kunstnaren Bjarne Melgaard, som har tent godt på kunsten sin dei seinaste åra.

I fjor hadde Melgaard ei inntekt på mest seks millionar kroner, og 2,2 millionar året før, ifølgje bladet Kapital.

Skogholt meiner det er nødvendig å sjå på dagens kriterium for å gjere tildelinga meir rettferdig.

– Kunstorganisasjonane burde snakke om ei øvre inntektsgrense før ein rettmessig kan få tildelt stipend. Ti år er også ei lang periode og ein bind mykje pengar. Eit treårig arbeidsstipend er kanskje noko ein heller kan vurdere.

Biletkunstnaren Lotte Konow Lund meiner ein må diskutere dei strukturelle problema rundt tildelinga av stipend.

– Dette er ein mykje større diskusjon enn å seie at den og den gjorde feil i å søke, eller at den og den gjorde stipendkomiteen feil med å gje stipend. Vi må snakke om korleis vi vurderer kvalitet og korleis ein skal fordele midlane, seier ho og held fram:

– Men det er også viktig å ikkje gå ut mot enkeltkunstnarar, for då vert det vi kallar uthenging, og det er vi ikkje for i det heile.

NRK har vore i kontakt med Bjarne Melgaard. Han ønskjer ikkje å kommentere kritikken og viser til Kulturrådet sine vedtak og legat.

Etter at nyheita om stipendtildelinga vart kjend oppstod det ein debatt i det norske kunstmiljøet. Under eit innlegg på Facebook som kritiserte tildelinga av stipendet til mellom anna Melgaard har desse kommentarane blitt skrive:

Fekk dei stipend? Utruleg, dei er jo kjemperike. Då eg sat i stipendkomiteen var dette eit tema. Om ein kunstnar som komiteen visste at selde for millionar søkte, så var det vanskeleg å gje denne kunstnaren stipend...

Kjetil Skøien

Christine Istad: – ... Melgaard har absolutt gjort seg fortent til det, men spørsmålet er heller om det er kollegialt å søke om ein har ein solid økonomi frå før ... Nokon tener godt eit år og dårleg neste, også Melgaard og andre i hans liga. Difor kan ein ikkje ha eit behovsprøvd stipend.

Det er verkeleg interessant at dei søker stipend. Eg trudde at etter å ha oppnådd ein viss suksess, så slutta kunstnarar å søke. Nettopp for å gje rom til dei som treng det meir og som arbeider mindre kommersielt.

Kari Gretudottir

Birgit Hatlehol: – Det er det vanlege, men så var det dette med å la tvilen kome til gode. Dei kan begge vere i ein vanskeleg økonomisk situasjon. Dei skuldar oss inga forklaring.

– Få stipend fører til frustrasjon

Over 800 søkte på stipendet for etablerte kunstnarar. Melgaard er ein av 27, altså ein av tre prosent som fekk tildelt dette stipendet i år. Kunstnarane vert vurdert på kunstnarisk kvalitet og aktivitet. Stipendkomiteen har vurdert at søknaden til Melgaard oppfyller kriteria for å få dette stipendet.

Ruben Steinum

FORSTÅR FRUSTRASJONEN: Ruben Steinum er styreleiar for Norske Billedkunstnere og forstår godt frustrasjonen til kunstnarane.

Foto: Ola Hana

– Det er ytst få av dei kunstnarane som søker som får tilslag hos Statens kunstnarstipend. Dei melder kvart år at det er mange fleire kvalifiserte søkarar, enn det er stipend. Eg har forståing for at mange vert frustrerte, forklarer Ruben Steinum som er styreleiar for Norske Billedkunstnere.

Han meiner at løysinga er å auke talet på stipend og påpeiker at det vert gjort ei vurdering av inntekta til kunstnarane som får tiårsstipend etter fem år:

– Om snittinntekta er over 600 000 kroner årleg over dei fyrste fire åra, får ein ikkje stipend dei siste åra.

Trude Gomnæs Ugelstad er leiar for utvalet i Statens kunstnarstipend og har forståing for reaksjonane frå kunstnarane.

– Eg har stor forståing for at mange kunstnarar er skuffa. Utvalet i Statens kunstnarstipend arbeider politisk med å få fleire stipend til ordninga.

– Det er litt guffent.

Det er stipendkomiteen for biletkunstnarar som har vurdert søknaden til mellom anna Melgaard. Stipendkomiteen består av profesjonelle kunstnarar som sit i periodar på to år, og som er valde av medlemmane i Norske Billedkunstnere. I år består komiteen av desse:

Sverre Bjertnes/Bjarne Melgaard: Climate Confusion tegning /innstallasjon.

CLIMATE CONFUSION: Dette måleriet har dei gode venene og samarbeidspartnarane Bjarne Melgaard og Sverre Bjærtnes laga saman.

Foto: Mona Pahle Bjerke / NRK

Sverre Bjærtnes (Oslo), André Kamran Tehrani (Oslo), Gunvor Nervold Antonsen (Rollag), Snorre Ytterstad (Oslo), Anna Marie Sigmond Gudmundsdottir (Sør-Fron), Sverre Malling (Oslo), Siri Austeen (Oslo), Kirsti van Hoegee (Bergen), Karolin Tampere (Kabelvåg) og Anders Eiebakke (Oslo).

Den nære venen og samarbeidspartnaren til Melgaard, Sverre Bjærtnes sit i juryen som har behandla søknadane frå biletkunstnarane. Det har mellom anna fått den unge kitschmålaren William Heimdal til å stille spørsmål ved habiliteten til Bjærtnes:

Eg er skeptisk til at det er Bjarne Melgaard som får tiårig stipend, når bestevenen hans Sverre Bjærtnes sit i juryen. Det er litt guffent.

William Heimdal

NRK har fått innsyn i eit dokument som bekreftar Sverre Bjærtnes vart rekna som inhabil i behandlinga av søknaden til Melgaard. Han var ikkje til stades og deltok ikkje i vurderinga av søknaden.

Ruben Steinum i Norske Billedkunstnere er trygg på avgjersla til juryen.

– Eg er trygg på habilitetsreglane og har full tillit til at stipendkomiteen har tatt gode og trygge avgjersler. Det er ein komité på ti stykk som har tatt avgjersla, og ikkje ein enkeltkunstnar åleine, seier Steinum.

NRK har vore i Kontakt med Sverre Bjærtnes. Han ønskjer ikkje å kommentere saka.

Det er ikkje fyrste gong dette skjer; Fleire forfattarar reagerte sterkt då Knausgård i mars fekk tildelt eit treårig stipend frå Forfatterforeningen.

Kulturstrøm

  • – Bare så vidt han er en artist

    Flo Rida (46) er for mange unge studenter selve lyden av barndommen deres, og torsdag kveld opptrådte han i Norge.

    Han byr på nostalgi – ikke ulikt nylig norgesaktuelle Pitbull, en annen 2010-tallshelt innen partymusikk fra Florida.

    Og nostalgi selger tydeligvis: Amerikanerens konsert på studentfestivalen Uka – Norges største kulturfestival – ble fullstendig utsolgt.

    Men var det kveldens forestilling verdt de 800 kronene som hver student punget ut med? Overhode ikke, mener NRK P3s anmelder Even Samir Kaushik.

    Flo Rida på UKA 2025 i Dødens dal, Trondheim
    Terningkast 2 Konsert

    «Minimal innsats og gigantisk gevinst»

    ANMELDELSE: Flo Rida på Uka

  • Tidligere Kiss-gitarist er død

    Familien bekrefter til Variety at Ace Frehley er død, 74 år gammel. Litt tidligere meldte TMZ at han lå i respirator etter hjerneblødning.

    Frehley fikk en hjerneblødning etter at han falt i studio for et par uker siden.

    Frehley var med å starte Kiss i 1973, sammen med Gene Simmons, Paul Stanley og Peter Criss, Bandet som er kjent for pyro, ansiktssminke og kostymer.

    Kiss fikk ordentlig suksess da de ga ut konsertalbumet Alive! i 1975. Ace Frehley forlot bandet i 1982, men ble gjenforent med bandet i en periode på midten av 90-tallet.

    Han har holdt flere solokonserter i Norge, blant annet på Rockefeller i Oslo i 2015.

    En gruppe mennesker med masker som spiller instrumenter på en scene
    Foto: PAUL WARNER / AP / NTB
  • – Meir nedtona, meir angst

    Kor roleg, tilslørt og plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre nedstemt og trist?

    På «How Did I Wind Up Here?» tøyar Spellemannprisen-vinnande Jouska (30) grensene for kor mykje skjør angst sjangeren toler, og lagar eit nydeleg album i prosessen, skriv NRK P3s kritikar Sofie Martesdatter Granberg.

    Albumet blir gitt ut 17. oktober.

    en person som sitter på gulvet ved siden av en gitar
    Terningkast 5 Musikk

    «Kor plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre trist?»

    ANMELDELSE: «How Did I Wind Up Here?» av Jouska