Hopp til innhold

Kina forbyr tidsreiser på film og TV

Kommunistpartiet vil hindre at kinesarane lengtar tilbake til tida før partiet fekk makta, og forbyr kinesiske filmskaparar å skru tilbake klokka.

China

Folk drikk te og ser på TV i Beijing 13. mars i år. No har kommunistpartiet bestemt at kinesarane ikkje får sjå tidsreiser på film eller TV lenger.

Foto: Andy Wong / Ap

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.
Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ein helt som reiser 1000 år tilbake i tid og får kultursjokk, men så blir sjarmert av det antikke Kina. Det har lenge vore formelen til nokre av dei mest populære filmane og TV-seriane i Kina.

No må kinesiske filmskaparar finne på noko anna, for 1. april kom det statlege film- og TV-byrået i Kina med forbod mot tidsreiser på film og TV. Og det er ingen aprilsnarr.

Respektlause mot historia

Forbodet kjem i 90-årsjubileet for skipinga av det kommunistiske partiet i Kina. Journalist Jonas Hågensen bur i Beijing og fortel til NRK Radioselskapet at fleire av sjåarsuksessane i Kina dei siste åra har hatt tidsreiser som tema.

Høyr heile rapporten. Programleiar er Nina Stensrud Martin:

Mellom anna var TV-serien «Shen Hua» («Myte») ein stor suksess i fjor.

– Den offisielle forklaringa bak forbodet er at filmskaparane ikkje behandlar fortida eller historiefaget med respekt. Kommunistpartiet meiner det ikkje er seriøst nok, har mange faktafeil og så vidare, seier Hågensen.

– Tidsreisene er eit pusterom

Men kinesiske kommentatorar har ikkje tru på den offisielle forklaringa frå kommunistpartiet.

– Dei fleste kommentatorane er einige om at tidsreisene inn i eit Kina som ikkje er styrt av kommunistane er eit pusterom for dei mange unge sjåarane som dagleg blir intellektuelt kvalt av sensuren. Kommunistpartiet føler seg så usikre på seg sjølve at når historia om eit Kina utan dei blir populært, må dei ta affære, seier Jonas Hågensen.

Dette er ikkje eit svart-kvitt forbod, men kjem i ei rekkje av liknande tiltak og vil fungere sjølvsensurerande for kinesiske kunstnarar, skriv The Hollywood Reporter.

Tidsreiseforbodet gjeld førebels ikkje for litteratur og teater.

Kommunistpartiet

Kommunistpartiet fyller 90 år i år, og innfører fleire nye sensurtiltak.

Foto: STR / Afp

Kulturstrøm

  • – Meir nedtona, meir angst

    Kor roleg, tilslørt og plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre nedstemt og trist?

    På «How Did I Wind Up Here?» tøyar Spellemannprisen-vinnande Jouska (30) grensene for kor mykje skjør angst sjangeren toler, og lagar eit nydeleg album i prosessen, skriv NRK P3s kritikar Sofie Martesdatter Granberg.

    Albumet blir gitt ut 17. oktober.

    en person som sitter på gulvet ved siden av en gitar
    Terningkast 5 Musikk

    «Kor plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre trist?»

    ANMELDELSE: «How Did I Wind Up Here?» av Jouska

  • Hederspris til P4-profil

    Bjørn Faarlund (61) er tildelt Prix Norges hederspris for 2025. Det er den høyeste utmerkelsen i norsk radio- og podkastbransje.

    Faarlund har vært programleder for P4s Radiofrokost i 25 år, og var før det en profilert nærradiostjerne i Radio 1 Oslo.

    – Årets hederspris går til en programleder som har vært en fast følgesvenn for det norske folk gjennom flere tiår - en ekte venn i øret, skriver juryen i sin begrunnelse.

    Prisen ble delt ut under åpningen av bransjekonferansen Lyddager.

  • Operaen vann pris for operaalbum

    Innspelinga Den Norske Opera & ballett gjorde av Richard Wagners «Den flyvende hollender» er kåra til årets operaalbum av Gramophone, som er det leiande tidsskiftet for klassiske innspelingar.

    – Gramophone-prisen er ei stor anerkjenning for heile Nasjonaloperaen – for Operakoret, Operaorkesteret og solistane på scena, seier operasjef Randi Stene i ei pressemelding.

    Prisane blei etablert i 1977, og blir sett på som ein av dei mest prestisjefylte utmerkingane innan klassisk musikk.