Hopp til innhold

KEiiNO med comeback i MGP: – Vi skal ta trofeet heim

Dei fekk ein pangstart på karrieren. Men vegen til suksess har ikkje vore fritt for uhell og nederlag. Nå er dei tilbake sterkare enn nokon gong.

Keiino

KEiiNO under sceneprøva i forkant av tredje delfinale på laurdag.

Foto: Kjetil Solhøi

På utsida kan det verke som at vegen til musikkhimmelen kom lett for KEiiNO.

Fyrst vann dei Melodi Grand Prix i 2019 med låten «Spirit in the Sky». Enda meir imponerande blir det når du veit at trioen knapt hadde møttest før dei meldte seg på.

Deretter vann dei Europa. Vel nesten. Joik, pop og elektronika førte til at dei fekk flest folkestemmer.

Hadde det vore opp til publikum og TV-sjåarane hadde dei altså vunne Eurovision, verdas største musikk-konkurranse.

Juryen var derimot ikkje like i ekstase, og KEiiNO hamna totalt på ein 6. plass.

Likevel fekk dei ein enorm fanskare både nasjonalt og internasjonalt. Tyskarar, svenskar, australiarar og britar, blant mange andre, har plutseleg KEiiNO som favorittband.

  • KEiiNO

    Artist og låtskrivar Tom Hugo Hermansen, vokalist Alexandra Rotan og rapparen Fred Buljo etter å ha vunne MGP i 2019.

  • X90084

    KEiiNO under Eurovision-finalen i Tel Aviv i 2019.

  • Eurovision,

    KEiiNO blir intervjua etter Eurovision-finalen.

Dei har vind i segla og spelar inn debutalbumet sitt med gjesteartistar frå heile verda. Dei er på veg oppover.

Men heller ikkje artistar er skåna for nedturar.

For i 2020 kjem den fyrste knekken.

Pandemien.

– Eg vart deprimert

Pandemien set ein stoppar for alt. Promoteringsturnéen blir avlyst og den sterke medvinden dei hadde hatt vart plutseleg knapt ein flau bris.

For sørlendingen Tom Hugo Hermansen vart det ekstra tungt. Han kom inn i eit mørke han ikkje hadde kjent på før.

– Eg vart deprimert og måtte sjukmelde meg eit par månadar. Eg gjekk rett i kjellaren, fortel han.

Keiino

Tom Hugo Hermansen syntest nedstenginga var tøff.

Foto: Kjetil Solhøi

Når han hadde kome i vanskelege situasjonar tidlegare hadde han alltid hatt moglegheit til å gjere noko anna. Ta på seg andre type jobbar.

– Men under pandemien var ikkje det mogleg. Og det gjaldt også fleire enn meg sjølv, det gjaldt heile bandet og folk rundt oss – ein føler seg så hjelpelaus, understrekar Hermansen vidare.

Nytt nederlag

Heldigvis får Hermansen hjelp til å kome seg gjennom dei mørke tankane, og «KEiiNO» finn saman igjen.

Dei bestemmer seg for å prøve lykka i Melodi Grand Prix på nytt. To år etter dei sist vann deltar dei med låten «Monument». Nok ein gong er dei favorittar til å vinne MGP. Oddsen er på deira side.

Men igjen skjer det som ikkje skal skje.

Dei tapar for TIX og hans «Falne engel» – ein låt som hadde fått terningkast 2 av kritikar Grønneberg i Dagbladet.

Plutseleg var det KEiiNO som var dei falne englane. Dei var tydeleg skuffa.

Alexandra Rotan fra Keiino skuffet etter MGPfinalen

Fred Buljo, Alexandra Rotan og Tom Hugo Hermansen var skuffa etter å ha tapt mot TIX i MGP i 2021.

Foto: NRK

Vi melder oss ikkje på for moro skuld, men fordi vi tar det kjempeseriøst. Så klart var det kjedeleg, og ein blir lei seg når ein ikkje kjem heilt til topps. Men ein kjem seg også veldig styrka av det, fortel Rotan.

– Heilt sprøtt

Og styrka blir dei.

Ny sjanse opnar seg når dei endeleg får tilbod om å turnere i Australia, eit land dei er svært populære i.

Endeleg skal dei ut på vegen, vise seg fram og møte fansen sin.

  • KEiiNO i Australia

    KEiiNO på turné i Australia i 2022.

  • KEiiNO i Australia

    Trass i ein del hindringar fekk dei gjennomført fleire konsertar.

  • Alexandra Rotan på turnee i Australia

    – Det var veldig morosamt å vere i Australia, seier Alexandra Rotan.

  • KEiiNO i Asutralia

    Genuin lidenskap for musikken, og det at dei er ei trygg hamn for dei som føler seg utanfor majoriteten, er grunnane til at dei har fått fans over heile verda, trur Hermansen.

Heller ikkje denne gongen går ting som planlagt.

Australia opplever dei verste flaumane i landets historie. Turnéen står i fare.

– Vi var i Brisbane og såg utover elva. Plutseleg kjem det eit hus drivande. Det var heilt sprøtt. Da innsåg vi kor alvorleg det var, fortel Hermansen.

Flaumen fører til at fleire konsertar blir avlyste. Og om ikkje det var nok så blir Alexandra Rotan innlagt på sjukehus.

– Var livredd

Det skjedde etter noko som uskuldig som å kose med ein koala. Omfamninga var vel hard og klørne festa seg i ryggen og nedover armane til Rotan. Noko som førte til at huda vart infisert.

Symptoma kom dagen etter under konserten deira.

– Eg fekk veldig høg feber, og heldt på å kollapse i gangen på hotellet.

– Eg var livredd. Eg ringde sjukehuset og dei sa eg måtte kome med ein gong.

Med full konsertsminke blir ho innlagt på sjukehuset i byen Ballarat søraust i Australia. Der er ho i trygge hender, trass i at situasjonen i fyrste omgang ser bekymringsfull ut.

– Dei tulla med at eg var den mest fancy pasienten dei hadde fått inn, der eg låg og såg «dausjuk» ut med blå glittersminke på, ler Rotan.

Alexandra Rotan på sjukehuset i Australia i 2022

Alexandra Rotan på sjukehuset etter å ha blitt klort av ein koala.

Foto: Privat

Også denne hendinga førte til at dei måtte avlyse konsertar.

Null alkohol

Heldigvis gjekk alt bra med Rotan. Og nå er dei tilbake i rampeljoset. Ny delfinale i MGP står for tur.

Også denne gongen er dei favorittar til å kome til finalen, og det er ikkje vanskeleg å forstå kvifor.

Dei leikar ikkje Melodi Grand Prix.

– Vi er som toppidrettsutøvarar. Det er knallhard trening kvar einaste dag, og ingen alkohol før etter finalen, forhåpentlegvis, seier Tom Hugo og ler.

  • Keiino

    KEiiNO ankjem NRK på veg til MGP-prøver.

  • Keiino

    Alexandra Rotan strålar i raud dressjakke.

  • Keiino

    Tom Hugo Hermansen prøver på seg sko.

  • Keiino

    Tom Hugo Hermansen sjekker om skjorta passar.

  • Keiino

    Kostymeprøve også på Fred Buljo.

Aerobic-KEiiNO

Med seg i år har dei låten «Damdiggida» som handlar om det som gjer deg lukkeleg. Songen har blitt beskrive som ei blanding av Aqua, A-ha og Lady Gaga, og viser ei litt anna side av KEiiNO enn det vi har høyrt tidlegare.

– Det blir aerobic-KEiiNO frå nå av, seier Alexandra Rotan lattermildt.

– Vi har gira opp. Det er høgare tempo og meir energisk enn det KEiiNO har gjort før. Vi har erfart at det er når vi skrur opp tempo at publikum er skikkeleg med, skyt Tom Hugo inn.

  • Keiino

    Alexandra Rotan på scena under MGP-prøvene,

  • Keiino

    Tom Hugo Hermansen i eit konsentrert augeblikk.

  • Keiino

    Det blir spektakulært på sceneshowet til KEiiNO.

  • Keiino

    Alexandra Rotan er klar for å ta scena.

KEiiNO er kjent for spektakulære sceneshow og ekstraordinære kostyme – og lovar at det blir det på laurdag også.

– Det blir energi, glede og dansing, seier Rotan.

Dei tar ikkje sigeren for gitt, men målet er klart:

– Vi skal ta trofeet heim, avsluttar ho.

Kulturstrøm

  • NRK vant pris under Prix Europa

    NRK vant pris for beste digitale medieprosjekt i 2025 under Prix Europa fredag kveld.

    Prosjektet Darcula Exposed avslører flere av bakmennene bak en global meldingssvindel og var et samarbeid med den franske avisen Le Monde og de tyske allmennkringkasterne ARD og BR.

    Pris til NRK for beste digitale medieprosjekt under Prix Europa 2025
    Foto: NRK
  • «Blücher» årets mest sette film – etter bare to uker

    Krigsfilmen «Blücher» er sett av nesten 200.000 kinogjengere på to uker.

    Dermed passerer den «Affeksjonsverdi» som den mest sette kinofilmen i år.

    Totalt er det solgt 197.212 billetter til «Blücher», filmen om det tyske krigsskipet som ble senket i Drøbaksundet 9. april 1940.

    Filmen hadde premiere på norske kinoer 26. september og hadde den best besøkte premierehelgen for en norsk film siden 2021.

    (NTB)

    Bjørn Sundquist, Odin Waage, Daniel Fahre m.fl. poserer for et bilde foran et skilt
    Foto: Geir Olsen / NTB
  • – Bruker eit samansurium av referansar

    I 2024 var Roc Boyz Noregs mest spelte nasjonale artist på Spotify. No gir dei tre gutane frå Bærum ut sitt fjerde album.

    – «Blueprint» beheld i høgste grad tematikken Roc Boyz har blitt kjende for, noko låtar som «Narco freestyle» og «Drugs N love» gjer klinkande klart, skriv NRK P3s musikkritikar Sofie Martesdatter Granberg.

    – Tekstane på det nye albumet verkar ikkje som om dei er skrive for å provosere. Men dei er heit openbert skrive for å engasjere og egge opp publikum, om det er i ei stue på heimefest eller i mengda på ein festival, konkluderer ho.

    En gruppe menn i en boksering
    Terningkast 4 Musikk

    «Ikkje skrive for å provosere»

    ANMELDELSE: «Blueprint» av Roc Boyz