Eg er siste jente inn i Newtonredaksjonen. Her jobbar eg som reporter og er elles ein slags altmulig-person. Det er midt i blinken, for då kan eg gjera forskjellige ting kvar dag. Filma, redigera, tenka ut idear, lesa, skriva og prata i telefonen. Er forresten minst glad i å prata i telefonen.

Mi interesse for alt som skjer i den rare verda me lever i, starta heime på garden som ligg på Tysnes i Hordaland. Garden eg vaks opp på ligg like ved sjøen, og med fjellet i ryggen. Mykje av min barndom gjekk med til å vera med dyra på garden, ligga og fiska småfisk frå brygga, rota rundt i fjæra og fanga strandreker.
Før eg kom hit til Newton gjekk eg tre år på skule i Volda. Der lærte eg å bli fjernsynsjournalist og å laga dokumentarfilm. Eg har òg jobba i fleire aviser, gått på teaterskule, reist rundt i verda og skrive romanar for ungdom og historiske skodespel for barn og vaksne.
No når eg har begynt i den nye drømmejobben min her i Newton, spørst det om eg får tid til å skriva så mange bøker og skodespel på ei stund. Det som er fint med å jobba i ein redaksjon, er fellesskapet og det å laga noko saman med andre. Når eg skriv bøker sit eg heilt åleine, og det er litt kjedelig for ein person som er glad i å møta nye folk!
Det beste med å jobba i Newton, er at eg kvar dag blir minna på at me lever i ei underlig og fantastisk verd. Og at eg får møta mange glupe folk som er proppfull av spennande kunnskap. Eg håpar at eg klarar å gi noko av denne kunnskapen og undringa vidare til dei som ser på Newton.