Det er over 65 år sidan den andre verdskrigen tok slutt, men Rochus Misch, som var ei av livvaktene til Hitler, får meir fanpost enn nokon gong. No har han ikkje lenger moglegheit til å svare på alle helsingane, ifølgje eit intervju Daily Mail har gjort med han.
Rochus Misch viser fram bilete frå tida då han var livvakt for Hitler.
Foto: JOHN MACDOUGALL / AFP–Breva kjem frå Korea, frå Knoxville, Tennessee, frå Finland og Island, og ingen av dei har eit vondt ord i seg, seier Misch, som no må trappe ned på brevskrivinga grunna alderen.
Levde i bunkeren
Misch reiste med Hitler frå bunker til bunker under den andre verdskrigen. I 1945 flytta han og resten av Hitler sitt personale inn i Führerbunkeren utanfor Berlin, og Misch var ein av dei siste som forlot bunkeren etter at Hitler tok sjølvmord.
Han er den einaste nolevande personen som jobba så tett på nazileiaren.
Tom Cruise sa nei til møte
Dette har gjort den tidlegare livvakta til kjendis. Blant anna blei han spurt om råd av Christopher McQuarrie, som skreiv filmdramaet «Valkyrie», med Tom Cruise i hovudrolla. Filmen tek for seg eit attentatforsøk på Hitler i 2004, og sjølv om Misch ikkje er med i handlinga i filmen, kunne han gje bakgrunnsinformasjon om hendingane.
Men hollywoodstjerna Tom Cruise hadde ikkje lyst til å snakke med Misch, ifølgje The Los Angeles Times.
– Ondskap er ondskap, uansett kva alder den tek, skal Cruise ha uttalt.
- SJÅ NETT-TV:
Bruno Gantz spelte Hitler i storfilmen «Der Untergang» frå 2004. Ein av karakterane i filmen er bygd på Rochus Misch.
Foto: Anonymous / ApNy spelefilm
Fleire karakterar i kjende filmar er basert på Rochus Misch. Han har blitt portrettert i 1981-produksjonen «The Bunker», i storfilmen «Der Untergang» frå 2004 og i TV-produksjonen «Die Letzte Schlacht» («The Bunker»).
93-åringen gav ut boka «Der letzte Zeuge. Ich war Hitlers Telefonist, Kurier und Leibwächter» («Det siste vitnet ») i 2008 i Tyskland, og ein spelefilm basert på den er under arbeid.
- LES OGSÅ: