”Den som ikkje har sett gullstøv dukke opp i sanden i eit elveleie, veit ikkje kva begjær er. Den makta som da grip ein innanfrå gjev ikkje rom for normale kjensler fordi den er djevelsk. Den som ikkje har opplevd kva plass dette fantastiske metallet har i ei ung eventyrleg sjel, forstår ikkje at gullfeber har eit sterkare tak i menneske enn nokon annan feber”
(B.Werner: ”Guldets Magt” 1904)
Kortvarig feber

I sjølvlaga båtar gjekk turen 1200 kilometer oppover Yukon River. Her hadde sunnmøringane ein særlig fordel sidan dei var dugande båtbygjarar og sjøfolk. Foto:NRK
Gullrushet i Klondike varte berre i tre år, frå 1896 til 1899. Men gullet trekte menneske til seg som ei magnet mot eit av dei mest ugjestmilde områda i verda. Det var forbausande mange nordmenn med. Sjølv om det ikkje finst noko register over nordmenn i Klondike, er det grunn til å tru at det var over 1000 nordmenn som søkte lukka. Mellom desse eit stort tal sunnmøringar og ein del reinsamar frå Finnmark. Me veit at i 1901 var det 32 mann frå Stranda på Sunnmøre i Klondike. To reinssamar som prøvde seg som gullgravarar var Isak Hætta og Alfred Nilima. Begge kom heim til Finnmark som velståande menn.
Det var andre det ikkje gjekk så vel med. Mange opplevde at dei rett og slett kom for seint. For dei som hadde størst sjanse til å bli rik, var dei som kom fyrst. Då rushet var på det største, i 1898, var sjansane for å finna gull på eige skjerp minimale. I tillegg var det sjukdom og slit. For dei fleste var det ein kamp for å overleva. Nokre som la ut på reisa kom aldri lenger enn til Dawson City. Så mange som halvparten av dei som kom til Dawson City, blei ei stund i byen før dei selde utstyret og drog sørover igjen, like blakk som då dei drog frå heimstaden.
Romantikk

Chilkoot-passet, ein av dei tyngste og mest berykta vegstrekka på turen til Klondike. Gullgravarane måtte finna seg i fleire turar opp og ned passet. Foto: NRK
Bøker og filmar om Klondike har vore med på å romantisera gullgravarlivet og hendingane i Klondike. Og mens gullfeberen rasa, og folk selde alt dei eigde for å dra på leit etter gullet i den Canadiske villmarka, var det ingen som var interessert i å fortelja sanninga. Handelsmenn og politikarar i byar som tente godt på gullfeberen, var ikkje tent med å fortelja at det ikkje berre var å plukka gullet rett frå elva. Historiene om ein og annan ”tenderfeet” (grønskolling) som fann gull, var nok til at folk haldt på håpet heile den lange vegen ut i villmarka. Og vegen var lang, ufattelig lang.
Jack London

Jack London blei ikkje rik på gull, men fekk mange gode historier med seg frå gullgravarlivet i Klondike. Foto: Arkiv
Ein av dei mest kjente personane som deltok i gullfeberen i Klondike, var forfattaren Jack London. Han prøvde seg som gullgravar i Klondike i 1897, utan hell. Men London blei rik på erfaringar. Observasjonane han gjorde, var gull for forfattarskapen. Den fyrste samlinga med noveller frå Yukon og Alaska, The Son of the Wolf, kom ut i 1900. London levde eit aktivt liv, og ved sida av forfattarskapen heldt han foredrag og jobba som journalist. Jack London reiste også til fleire andre eksotiske stader, mellom anna på seglarekspedisjonar i det Karibiske hav og i det sørlige Stillehavet. Det er ikkje berre boka The Son of The Wolf, som er spor etter livet i villmarka. Andre bøker frå villmarka er, The call of the Wild, White Fang og The Sea Wolf. Dei fleste bøkene hans er oversett til norsk.
Brå optimisme

Dawson City på slutten av 1800-talet, ein raskt veksande by. Foto: NRK
Amerikansk historie er full av gullrush, og dei skapte brå og veldig optimisme. I California var det eit kjent gullrush i 1849, og i kjølvatnet kom mindre gullfunn i Oregon, Washington, Idaho og British Columbia. Men det største rushet kom altså i 1896, med funnet av gull i klondike. Grunna fattigdommen som rådde både i USA og Europa, hadde mange ein draum om rikdom. For mange var vilkåra så elendige, at berre det å ha pengar nok til å overleva var eksotisk nok.
Økonomien i USA hadde fått seg ein kraftig knekk i 1893, og året etter var fire millionar amerikanarar arbeidsledige.
Det kan høyrast merkelig ut, men ein kan seia at Klondikegullet var det som fekk slutt på depresjonen. Laurdag 17. juli 1897 blei funna i Klondike kjent i USA, og innan sju dagar var gått, kunne amerikanske aviser fortelja at depresjonen var over og at pengane sirkulerte igjen.
Kjelder:
Gullfeber av Einar Sæter
Klondike av Tor S Halvorsen
Guldfeber av Ulf Beijbom (svensk)
Guld av Johann Willsberger (dansk)
Gullfeber i Klondike, fjernsynsprogram. sendt på NRK i 1966.