Fryktar prishopp

Prisane på bøker kan auke raskare viss fastprisen forsvinn, fryktar Forleggerforeningen.

Bord med bøker av Anne B. Ragde
Foto: Ellinor Hansen / NRK

Den norske Forleggerforening viser til ein studie frå 2008 av den britiske forskaren Francis Fishwick.

Geir Berdahl

Leiar i Den norske Forleggarforening, Geir Berdahl, trur bokprisane vil stige dersom fastprisen fell vekk.

Foto: Erlend Aas / Scanpix

- Fishwick viste at prisane i Storbritannia auka, med meir enn konsumprisindeksen, seier leiar i Den norske Forleggerforening, Geir Berdahl.

LES ÒG: Vil gjøre bøker billigere

Francis Fishwick har evaluert det britiske bokmarkedet etter at avtalen om fastpris på bøker fall vekk i 1995. Han konkluderer med at prisen på bøker stig raskare i land med frie prisar enn i land med fastprisavtalar.

Vil ha frie prisar

I Noreg har vi faste prisar på nye bøker i utgjevingssåret og de fire første månadene i det påfølgande året. Dette er bestemt i Bokavtalen som varer ut neste år. No skal departementet avgjere om bransjen skal få videreføre avtalen.

Seksjonleder Henrik Lande, Konkurransetilsynet

Seksjonsleirar i Konkurransetilsynet vil fjerne fastprisen, seier seksjonsleiar Henrik Magnus Lande.

Foto: Konkurransetilsynet

Konkurransetilsynet er blant dei som no anbefaler frie prisar på bøker.

- Eg trur at å avvikle fastprisordninga vil føre til reduserte prisar på bøker, vonleg auka utval og sal av fleire titlar, seier seksjonsleiar i Konkurransetilsynet, Henrik Magnus Lande.

Billegare bestseljarar

Rapporten til Fishwick gjev han delvis rett i at prisane vil gå ned. Bestseljarane vil verte billegare, medan smal litteratur vil verte dyrare. Og i Storbritannia vert det dessutan seld fleire bøker enn før.

- Det er bra å selje mykje bøker. Det er bra for lesarane, men dei som driv med dette skal trass alt leve av det. Det vil «svelte ut» systemet dersom det vert for billeg, seier Berdahl.

No er det opp til Kulturdepartementet saman med Fornyings- og arbeidsdepartementet om vi framleis skal ha fastpris på bøker i Noreg.

  • Synest du at ein bør halde fram med å ha ei fastprisordninga på bøker?

Kulturstrøm

  • Phil Spector er død

    Musikkprodusenten Phil Spector er død, 81 år gammel. Det melder TMZ. Amerikaneren sonet en fengselsstraff for drap med en minstetid på 19 år for å ha drept skuespilleren Lana Clarkson i 2003.

    Phil Spector
    Foto: Pool / REUTERS