Shoaib Sultan
Foto: PrivatDet er Framstegspartiets medlemsavis Fremskritt som har teikningane på trykk i morgon.
- Det er nærliggjande å tru at dei berre gjer dette for å provosere, seier generalsekretær i Islamsk Råd Norge, Shoaib Sultan.
- LES ÒG:
Han meiner Framstegspartiet berre er ute etter bråk.
- Det meiner vi er uheldig i den situasjonen vi er i, og det minner mest om barn i trassalderen som seier og gjer ting berre for å sjokkere, seier Shoaib Sultan.
Lèt seg ikkje provosere
varslar i dag at Framstegspartiet vil lansere sine eigne karikaturteikningar av Muhammed i samband med ein artikkel om ytringsfridom i medlemsavisa Fremskritt.
Trykkinga av teikningane skal vere godkjent av partileiar Siv Jensen.
- Dei er kjent for å bruke slike middel for å skape debatt, seier SV-politiker og somalier Hamsa Mohamed.
Hamsa Mohamed vart provosert då Muhammed-teikningane til danske Kurt Westergård dukka opp i Jyllandsposten i 2005, men no lèt han seg ikkje provosere. Han meiner at klimaet blant muslimane er annleis no. Dessutan trur han at folk vant seg til at Frp ropar høgt.
- LES ÒG:
- LES ÒG:
- Eg trur at dei har fått lite att for den debatten som var omkring angrepet på karikaturteiknar Kurt Westergaard. Eg trur dei ynskjer å bruke den debatten, men det gjer dei på etterskot, seier Hamsa Mohamed.
Tonar ned saka
Redaktør Geir Mo tonar i dag ned saka.
Foto: Solum, Stian Lysberg / ScanpixIfølgje Drammens Tidende er Framstegspartiet si stortingsgruppe budde på storm. Og i løpet av dagen i dag har saka tydeleg laga nok storm til at partiet ikkje vil snakke meir om det. Redaktør for partiavisa, Geir Mo, tonar ned saka og seier at det ikkje dreiar seg om bilete av Muhammed eller nokon Gud.
- Eg synest at Frp skal få lov til å bruke ytringsfridomen. Det har dei rett til på same måte som alle andre, seier Hamsa Mohamed.
Dersom det viser seg at Framstegspartiet har laga nye teikningar av profeten, trur ikkje Hamsa Mohamed det vil utløyse nokon strid av same dimensjonar som sist.
- Det kjem sikkert til å verte lagt merke til, men eg trur ikkje folk kjem til å reagere like sterkt som dei gjorde då Muhammed-karikaturane dukka opp for nokre år sidan, seier Hamsa Mohamed.
Frp-politiker fjernet omstridt profilbilde. Reportasje fra Dagsrevyen 15.01.2010.