Hopp til innhold

Fredar fotgjengarfelt i Abbey Road

Overgangsfeltet som vart berømt gjennom Abbey Road-albumet til The Beatles har fått status som «verneverdig».

Abbey Road

Turistar poserer i det verndeverdige overgangsfeltet i Abbey Road.

Foto: ANDREW WINNING / Reuters

Verdas mest kjende fotgjengarovergangar , udødeleggjort på coveret til Beatles-albumet Abbey Road, har vorte erklært som britisk nasjonalarv.

Abbey Road, en ikke helt vanlig dag i 1969

Biletet av Paul, John, George og Ringo kryssar fotgjengarovergangen på Abbey Road rett utenfor Abbey Road Studios i London.

– Denne fotgjengerovergangen er verken eit slott eller ein katedral. Men takka vere Beatles og ein ti minutt lang fotoseanse ein morgon i august 1969, har denne overgangen vorte ein betydningsfull del av vår nasjonale arv, seier den britiske ministeren for turisme og kulturarv, John Penrose.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Truleg einaste verna overgangsfelt

Onsdag kunngjorde han at overgangen var verneverdig, og den hamnar dermed på listen over britiske nasjonalskattar. «Verneverdig» er den lågaste kategorien av freding i Storbritannia, noko som tyder at ein vil måtte få ei tillating til å fjerne det berømte overgangsfeltet i Abbey Road.

– Det er første og truleg siste gang, at eit fotgjengarfelt kjem på lista, seier Toby Sargent, talsmann for det britiske kulturdepartementet til Politiken.dk .

Abbey Road Studios

Abbey Road Studios vart verna tidlegare i år.

Foto: Jas Lehal / Scanpix/Reuters

Tidlegare i år vart også platestudioet i Abbey Road erklært verneverdig . No har altså nok eit minnesmerke knytt til The Beatles vorte kulturarv.

Er allereie tukla med

Men sjølv om fortgjengarfeltet no er freda, er det ikkje nøyaktig det same som The Beatles gjekk over. Det vart nemelg flytta nokre meter for 30 år sidan, av omsyn til trafikken.

Og på grunn av alle turistane som gjerne vil krysse gata som Paul, John, George og Ringo, er det ofte trafikkproblem i gata.

– Det kunne for eksempel vere ein gyldig grunn til at ein fekk medhald i å fjerne feltet. Trafikkproblema kan verte så massive, at ein vel å droppe den store turistattraksjonen, seier Toby Sargent til politiken.dk.

Kulturstrøm

  • Taylor Swifts «reklamefilm» for det nye albumet inn på kinotoppen i USA

    To uker før utgivelsen av Taylor Swifts nye album, «The Life of a Show Girl», ble det offentliggjort at albumet ville få følge av en 89 minutter lang kinofilm med musikkvideoer, bak scenen-filmer og låttekster.

    På tre dager – 3. til 5. oktober – som filmen «The Official Release Party of a Show Girl» var å se på 3702 amerikanske kinoer, spilte den inn 33 millioner dollar, ifølge Deadline. Det tilsvarer nærmere 330 millioner norske kroner.

    (NTB)

    Taylor Swift - nært kvinne med mørk blondt langt hår, rød leppestift og vi ser kanten på en rød kjole
    Foto: Jordan Strauss / AP
  • Robbie Williams-konsert i Tyrkia avlyst

    En kilde ved provinsmyndighetene i Istanbul oppgir «sikkerhetsbekymringer» som årsak overfor nyhetsbyrået AFP uten å utdype. Williams skriver også på Instagram at sikkerhet er årsaken til at konserten blir avlyst, og beklager sterkt for at han ikke får opptrådt.

    Konserten i Istanbul ville funnet sted på samme dato som Hamas-angrepet mot Israel i 2023 som førte til krigen i Gaza. I forkant av konserten hadde mange aktivistorganisasjoner tatt til orde for at den måtte avlyses, og Williams ble omtalt som «sionist». Det var også planlagt demonstrasjoner.

    Williams, som har en kone som er jødisk, opptrådte i Israel både i 2015 og 2023. Han måtte tåle mye kritikk for at han gjorde det.

    (NTB)

    Robbie Williams - nærbilde av mann med mørk grått hår og rosa dress
    Foto: Chris Pizzello / AP