Hopp til innhold

Rekonstruerer Finansdepartementet rute for rute

Når snekkarar og målarmeistrar skal skru saman det verneverdige Finansdepartementet igjen, må dei tenkje som om det var 1904.

I ein gammal tobakksfabrikk på Ensjø i Oslo blir det hamra, pussa, bora og saga. Her blir Finansdepartementet skrudd saman att etter øydeleggingane 22. juli. Eit stort lag av møbelsnekkarar og målarmeistrar passar på at bygget skal tilbake slik det var før bomba gjekk av julifredagen i fjor.

Finansdepartementet er nemleg eitt av fire bygg frå Regjeringskvartalet som er verneverdige. I tillegg var to bygg i ferd med å bli utreda for vern før 22. juli, og har difor også fått status som verneverdige bygg.

Det vil seie at alt som høyrer til desse bygga, det vere seg skruar, vindaugsrammer og glas, er verneverdig og skal takast vare på.

– Det har vore ein vanskeleg rekrutteringsprosess, møbelsnekkarar veks ikkje på tre. Vi har henta nokre frå Polen og Sverige, men det er også nordmenn som jobbar her, fortel Truls Bratfoss, målarmeister og prosjektleiar.

Han er sjef for dei 18 snekkarane og målarane som jobbar her.

LES: – Nå er det bare et tomt skall igjen

– Ei tolmodsprøve

Dei byrja arbeidet i oktober med å sortere alle vindauga og rammene. Restar og glas vart samla i åtte store conteinarar.

– Heldigvis var 90 prosent av romma merka på førehand. Det vil seie at det står nummer på rammene som forklarar kva vindauge som høyrer til kva rom, forklarar Bratfoss.

Først fjerna dei målinga, eit kontinuerleg arbeid som dei enno ikkje er ferdige med. I januar byrja dei for fullt med rekonstrueringa, som blir utført av snekkarane og glasmeistrar.

Møbelsnekkar Henrik Lind kom frå Sverige for å vere med på arbeidet. Det vart meir komplisert enn han hadde trudd.

– Det er ei tolmodsprøve, men tolmod har ein når ein er møbelsnekkar, smiler han.

– Den største utfordringa er at det ikkje er fabrikkprodusert, men handverk. Det er ingen vindu eller beslag som er like, eigentleg. Ein må ta vindu for vindu. Vi forsøker å spare på så mykje som mogleg og reparerer med nye bitar.

(Artikkelen held fram under biletet)

Henrik Lind

Møbelsnekkar Henrik Lind viser kvar det gamle handtaket skal sitte. Ingen handtak eller vindauge er like, noko som gjer dette til ein omfattande jobb.

Foto: Maren Kvamme Hagen / NRK

Måtte tenkje som i 1904

Mange av beslaga til vindauga mangla, så dei måtte rett og slett finne gamle verktøy som kunne lage gamle beslag. Mellom anna må skruane skruast inn for hand, og dei er spesialbestilt frå Tyskland. Finansdepartementet stod ferdig i 1906, og er i jugendstil.

– Hovedutfordringa var å tenkje slik som dei gjorde i 1904-1906, då dei bygde dette. Vi må gå tilbake i tid og tenkje slik som snekkarane gjorde på den tida, seier Truls Bratfoss.

Dei har sett på bilete, lest i bøker og tatt utgangspunkt i det som står igjen for å danne seg eit bilete av korleis bygget såg ut.

(Artikkelen held fram under biletet)

Finansdep

Det er no opna opp inn mot Finansdepartementet.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Sikring på vindauga redda liv

Kvar fredag leverer dei fire rom, som tilsvarar 26 rammer. Til saman er det 300 vindauge som skal på plass. 40 rom står så langt ferdige.

– I det tempoet vi køyrer no, så har vi enno eitt år att før Finansdepartementet står ferdig, seier Erling Nordsjø.

Han er prosjektleiar i Statsbygg, og var med i arbeidet frå og med den 24. juli.

Nordsjø jobba med sikringsarbeidet i Regjeringskvartalet før 22. juli - sikringsarbeid som kan ha redda liv. På innsida av vindauga var det nemleg sikkerheitsfolie, som gjorde at glaset ikkje datt ut av ramma.

På yttersida av vindauget, derimot, var det ikkje slik sikring og alt glaset vart spreidd utover. I nokre av romma satt det seks millimeter glasbitar i veggen.

– At glaset ikkje datt ut av ramma, berga mange liv. Sikkerheitsfolien vil på ny bli lagt på igjen i alle rom, seier Nordsjø.

(Artikkelen held fram under biletet)

Statsbygg

Noko av det mest tidkrevjande arbeidet er å sette saman desse vindauga.

Foto: Maren Kvamme Hagen / NRK

Puslespel av glas

Rekonstrueringa er gjort i tett samarbeid med Riksantikvaren. Til og med glasbitar blir tatt vare på. I eit hjørne ligg store blyvindauge, som nærmast liknar på store glasmåleri.

– Dette er rimeleg tidkrevande arbeid for glasmeisteren. Her må vi støpe om blyet og sette saman glasbitane på nytt, forklarar Bratfoss.

For å skaffe glas som passar, har dei måtte leita utanfor noregsgrensene.

Statsbygg og Riksantikvaren har vurdert om bygget skal tilbake slik det var i byrjinga - eller i den nye versjonen som stod før 22. juli. Riksantikvaren ønskte mellom anna å bruke den opprinnelege fargen på bygget, som er litt mørkare enn den som var før 22. juli.

– Om vi skulle tilbakeføre til den opprinnelege fargen hadde vi fått eit problem med dei som er der no, Finansdepartementet. Vi kom fram til eit kompromiss om at Statsrådens kontor og møterom skulle få ha dei opprinneleg fargane. Men vi får bruke fargane som var før terrorangrepet på resten av bygget, seier Nordsjø.

I eit hjørne ligg delar frå containaren, delar som det ikkje har vore mogleg å slå fast kvar høyrer til.

– Kva som skal skje med dei? Nei, det veit vi ikkje enno, seier Bratfoss.

Men alt skal bli tatt vare på.

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)