Hopp til innhold

Festivallegen forteller

Moldejazz har selvfølgelig sin egen festivallege - Kjetil Ytre-Arne er mannen som tar seg av det jazzmedisinske. Han forteller at jazzmusikere stort sett er som alle andre.

Kjetil Ytre-Arne

-Eg har hatt jobben son såkalt festivallege på Moldefestivalen i over 20 år no. For uinnvidde kan opplysast – min jobb er å yta legetenester til musikere og evt funksjonærer ved festivalen, slik at ein får avvikla festivalens ulike arrangement best mulig.

Mange myter

Det har vore mange myter om jazzmusikarar opp gjennom tidene, men det er sikkert ikkje så mange lenger som trur at jobben min består i å skaffe meir eller mindre tvilsomme medikamenter til omreisende lugubre jazzjunkies. Den tida er over for lengst, - og var det også lenge før eg starta i denne jobben. Jazzmusikere er stort sett sunne og greie folk, som dei fleste andre.

Leger og jazz

Eg blir for resten ofte spurt om kvifor så mange legar er interesserte i jazz, - som om det er noe rart. Eg bruker ofte å stilla det motsette spørsmålet tilbake, nemleg kvifor så mange jazzmusikarar er interesserte i medisin, noe eg har erfart fleire gonger, - utan at eg får noe bedre svar tilbake. Men eg skal ikkje leggja skjul på at enkelte musikarar har lært meg eit og anna medisinsk knep som ikkje var ein del av pensum på doktorskulen, - men gjerne kunne ha vore det for den del.

I tidlegare tider var det som regel travel aktivitet for oss i sanitetsteamet ved festivalen. Men vi har lært av livet, og dei seinere åra har det blitt mindre å gjøre, sikkert takka vere hardt og planmessig forebyggande arbeid gjennom mange år.

Fotball med komplikasjoner

Ta for eks det at vi fekk slutt på den årvisse forballkampen mellom musikarlag og presselag. Det var ofte relativt stygge bataljer, - eg husker at eg sjøl fekk ødelagt resten av ferien et år på grunn av at eg pådrog meg to knekte ribbein i ein slik kamp – og det etter kun å ha deltatt i det medisinske støtteapparatet.

Tidlegare var det også mykje nakke og ryggplager hjå mannlege musikarar, og stadig spørsmål etter å få akutt behandling av desse plagene etter avslutta spelejobber på kveld og natt. Pussig nok har desse plagene så og sei blitt borte etter at den kvinnelege fysioterapeuten i teamet blei bytta ut med ein mann i stedet.

Enkelt og greit

Formålet med jobben min er jo å få folk til å vera i stand til å gjennomføra dei konsertane dei er komne til Molde for å gjera, og det medfører ofte krav om at mine behandlingstiltak skal ha effekt der og da. Dette er ofte ei stor utfordring, og eg må nok i enkelte tilfelle ty til løysingar som ikkje akkurat etterlever Voltaires læresetning om at - :”Legevitenskapens kunst består i å underholde pasienten mens naturen helbreder sykdommen”. – uten at eg her ser meg tid til å utdjupa dette nærare.

Som regel er det relativt enkle og greie ting eg blir kontakta om, gjerne bare et spørsmål som – ”er det farlig doktor ?” Musikarane er jo på farten fra festival til festival heile sommaren og det er vanskeleg å få kontakt med helsepersonell med den reise og døgnrytmen eit omreisande festivalmusikerliv medfører.

Musikere og management

Enkelte ganger treng det ikkje vera noe gale i det heile tatt, men det er apparatet rundt artisten – det såkalla managementet som krev at ein skal skaffe legehjelp. For eksempel, for ein del år siden gjekk det alarm i festivalstaben om at ein eldre nokså kjent musikar på vei til Molde hadde hatt problem med helsa, og hadde måtta avlysa ein spelejobb dagen før ankomst til Molde. Eg blei derfor varsla om å vera i beredskap straks vedkomande artist kom til byen. Han ankom hotellet i 11-tida om kvelden, og da han var vel installert i sin suite på Hotell Alexandra, troppa eg opp med legekofferten, banka på og blei slept inn av ein bekymra manager. Eg presenterte meg for artisten og spurte så om han hadde noen problem eg kunne hjelpe han med, og fekk følgjande svar: ”Yeah – do you have a cigarette ?”

Kulturstrøm

  • Endrar på Taylor Swift-billettar i Sverige

    Ticketmaster gjer endringar på billettane som er selde til konsertane Taylor Swift skal halde i Stockholm neste veke, melder Expressen.

    Dei rundt 200.000 selde billettane var personlege. Det vil seie at den som kjøpte billettane, også var den som måtte bruke dei i dåra.

    Ordninga fekk kritikk, og no har Ticketmaster snudd.

    – Arrangøren har fjerna den tidlegare regelen for å gjere det enklare for fansen å bruke billettane sine, skriv dei ein e-post til kjøparane.

    Taylor Swift opptrer i en rosa paljettdrakt på Monumental stadium på Eras Tour-konserten i Buenos Aires i Argentina i november i 2023.
    Foto: Natacha Pisarenko / AP
  • Det kan bli streik under filmfestivalen i Cannes

    Ei veke før filmfestivalen i Cannes startar, kan det bli streik i filmbyen, skriv NTB,

    Rundt 100 personar, blant dei kinomaskinistar, billettseljarar og pressekontaktar, protesterer mot lønns- og arbeidsvilkår.

    Dei seier at dei ikkje ønsker å sette festivalen i fare, men få merksemd rundt spørsmål dei har prøvd å løfte fram i lang tid.