Hopp til innhold

– Robin Williams hadde tre år igjen å leve

Enka etter komikar og skodespelar Robin Williams fortel han rett før han tok sit eige liv fekk ein sjokkbeskjed.

robin williams foran en plakat av seg selv

TUNG BESKJED: Skodespelaren og komikaren Robin Williams sleit med Parkinsons sjukdom og i tillegg demens i månadene før han døde. Kona Susan Williams opnar seg no i eit intervju opp om korleis han hadde det i vekene før han gjekk bort.

Foto: FRED PROUSER / Reuters

Den Oscarvinnande skodespelaren Robin Williams døde i august 2014. Enka hans fortel no for første gong i eit intervju om beskjeden han fekk rett før han tok sit eige liv:

– Legane sa at han hadde maks tre år igjen å leve og at det ville ha blitt svært tøffe og vanskelege år. Den siste månaden før han døde greidde han ikkje å samle seg mentalt og stå i mot sjukdomen. Det var som om demninga brast, fortel Susan Williams i eit TV-intervju til amerikanske ABC News.

Robin Williams Good Morning Vietnam

PRIS: Ein av rollene Robin Williams vann Grammy for var for beste album i filmen Good Morning Vietnam.

Foto: Buena Vista Pictures

Ramma av Parkinsons og demens

Tre månader før han døde fekk Robin Williams slått fast at han hadde Parkinsons sjukdom og i tillegg demens:

– Han fekk sterke både fysiske og psykiske plager i månadene før han døde. Han sleit mentalt grunna Parkinsons sjukdom og demens. Han var lei av alle plagene. Då han fekk Parkinsons-diagnosen tenkte han dette er det som vi har leita etter og no har vi funne kva det er. Vi kjende oss letta over å ha funne ut kva det var som feila han, men vi tenkte også kva betyr dette, fortel enka.

På spørsmål om enka eller andre i familien klandrar seg sjølve for dødsfallet svara ho dette:

– Ikkje i eit sekund. Vi gjorde alt vi kunne. Ingen kunne ha gjort noko meir for Robin. Alle gjorde det beste dei kunne. Denne sjukdomen er som eit sjømonster med symptom som femti tentaklar som viser seg når dei vil. Sjukdomen er kjemisk krigføring i hjernen og ein kan ikkje finne den før nokon dør. Det er ingen kur.

Robin Williams og dattera Zelda i 2011

MED FAMILIE: Dette bildet er frå 2012 og viser Robin Williams saman med dottera Zelda Williams. Robins vann Oscar for rolla han spela i klassikaren Good Will Hunting frå 1997. Filmen blei gjennombrotet for blant andre Matt Damon.

Foto: FREDERIC J. BROWN / Afp

Tok siste farvel

Robin Williams sleit i fleire periodar med rus og i tillegg kronisk depresjon. Dei siste åtte åra var han heilt rusfri, men han var plaga av paranoia og depresjon. I tillegg kom Parkinsons sjukdom og demens. Susan Williams fortel at ho ikkje ber nag til mannen:

– Etter han døde har eg sagt til han at eg tilgjev han heilt av heile mitt hjarte. At han var den modigaste mannen eg nokon gong har kjent og at han levde i eit mareritt.

Robin Williams blei 63 år gamal. Han vann Golden Globe, Grammy, Emmy og Oscar for sitt arbeid som både skodespelar og komikar.

Kulturstrøm

  • Tre store motehus blir bøtelagt av EU-kommisjonen

    Motehusa Gucci, Chloé og Loewe blir bøtelagt med over 157 millionar euro for å ha gjennomført prising som er i strid med EU sitt reglement, kjem fram i ei pressemelding frå EU-kommisjonen.

    Motehusa skal ha fastsett vidaresalsprisar i strid med EU sine konkurransereglar.

    Motehusa skal ha avgrensa moglegheita for uavhengige tredjepartsforhandlarar til å sette eigne prisar for produkt designa og selt under merkevarene.

  • Musikalen Les Misérables er 40 år

    I år er det 40 år sidan musikalen Les Misérables hadde premiere på West End i London.

    Les Misérables er ein av dei mest spelte musikalane i verda. Det trass i at musikalen ikkje blei godt mottatt i 1985. Etter kvart vann musikalen fleire prisar.

    Musikalen flettar saman fleire menneske sine skjebnar som lev i Frankrike på starten av 1800-talet.

    en gruppe mennesker som går nedover en gate med en brann i bakgrunnen
    Foto: Lasse Berre
  • Swift med flest førsteplassar på Billboards albumliste

    Taylor Swift har stor suksess med sitt nye album «The Life of a Showgirl». Artisten er no den soloartisten med flest førsteplassar på Billboard albumliste, melder NTB.

    Swift har med det gått forbi både Drake og Jay-Z. Det nye albumet til Swift debuterte på førsteplass ei veke etter at det blei gitt ut.

    Utanom hennar første album, har dei gått rett inn på førsteplass. Ho er oppe i 15 og nærmar seg å ta rekorden frå Beatles som har 19.

    Albumcover til Taylor Swift
    Foto: NTB