Hopp til innhold

Bekreftar «Troll 2»

Snart eitt år er gått sidan premieren på «Troll». I dag kan Netflix stadfeste at oppfølgjaren er på veg.

KVALIFISERTE IKKE: En Amanda-nominert film må ha gått på kino. Dermed var ikke suksessen "Troll" aktuell.

Det blir meir troll og meir spektakulær norsk natur i Troll 2, ifølgje regissøren.

Foto: Netflix

Read the english version here.

«Troll» har over 100 millionar avspelingar sidan premieren, ifølgje Netflix.

Den norske filmen er den mest sette ikkje-engelskspråklege filmen på strøymetenesta nokosinne.

Les også Netflix-filmen «Troll» på topp over hele verden: – Helt fantastisk

Troll

For regissør Roar Uthaug har responsen vore overveldande.

No skal han ta historia vidare i «Troll 2».

Eit stort eventyr i norsk skala

– Det som er veldig gøy å sjå er at vi kan lage ein liten, i internasjonal samanheng, norsk film, som kan nå ut så breitt.

Roar Uthaug, filmregissør

Regissør Roar Uthaug avsløre at han skal til nye stader i Noreg for å spele inn ein oppfølgjar av Netflix-suksessen.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

Det var ikkje gitt at «Troll 2» skulle bli ein realitet før Netflix gav grønt lys, men:

– Eg trur vi alle hadde det veldig gøy med å lage den første filmen, og alle ville halde fram med det eventyret.

Saman med manusforfattar Espen Aukan frå den første filmen, jobbar dei no tett saman på historia vidare.

– Eg kan ikkje gi bort for mykje, men det kjem til å vere basert på både norsk folklore og eventyr, og også norsk historie, seier Uthaug.

No er han og teamet bak i gang med å sjå på casting og innspelingsstader.

I den første filmen fekk vi mellom anna sjå Dovrefjell, Hunderfossen og Oslo sentrum i ruinar.

– Eg har ikkje lyst til å avsløre for mykje endå, men vi skal nok nokre andre stader i landet òg.

Fascinert av oppfølgjarar

Filmhistoria er fylt med oppfølgjarar, både suksessar og store fall.

– Nokre av dei største favorittfilmane mine er oppfølgjarar, seier Uthaug.

Han nemner titlar som «Terminator 2» og «Aliens», som begge er filmar kjent for å ha overgått originalfilmane sine. Derfor er han godt fornøgd med å halde fram eventyret til «Troll».

Troll

Ein actionfylt scene frå den første filmen.

Foto: Jallo Faber / Netflix © 2022

Ideen til ein oppfølgjar kom allereie medan den første filmen låg på klipperommet. I rulleteksten blir det hinta til at noko nytt er på veg, i ei lita scene frå Dovrefjell.

Men ifølgje Uthaug var ikkje det nødvendigvis eit hint til film nummer to.

– Det høyrer på ein måte litt til sjangeren å hinte at det kjem litt meir.

Oppfølgjaren har alt vore etterspurd i fleire internasjonale filmmagasin. Ein falsk trailer har også dukka opp på nett for fleire månader sidan.

Kontroversen rundt Amanda

Ei av dei store sakene mot slutten av sommaren, var at filmen «Troll», trass millionar av sjåarar, aldri vart nominert til bransjeprisen Amanda.

Det er fordi komiteen krev at filmane har vore vist på kino, medan Uthaugs film gjekk rett til ei strøymeteneste.

Han kallar det gammaldags.

– Eg tykkjer det er trist for dei som har jobba hardt både framme og bak kamera. Det at dei ikkje får den same anerkjenninga som dei som gjer den same jobben på ein kinofilm er synd.

Roar Uthaug, filmregissør

Uthaug tykkjer det er synd at strøymefilmar ikkje kan bli nominert.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

Også oppfølgjaren skal etter planen rett ut på Netflix.

Tonje Hardersen, leiar av Amandakomiteen stadfestar overfor NRK at dei diskuterer moglege endringar til prisen.

Eit av punkta som blir vurdert er å innføre ein eigen kategori for strøymefilmar.

– Får vi sjå eit nytt troll, fleire troll ...?

Uthaug er ordknapp og vil røpe få detaljar på kvar oppfølgjaren tek historia vidare.

Men samansverjinga frå den første filmen, der mellom anna deler av staten og kongehuset har halde eksistensen til trolla skjult frå allmenta, kan dukke opp igjen.

Troll

Det har kanskje ikkje vore mykje diskusjon om troll si eksistens, men at dei har vore sentrale i norske eventyr er sikkert.

Foto: Netflix

Uthaug fortel at han også har fått e-postar av personar som trur det ein gong vandra kjempar ute i norsk natur. Kjempar som no har vorte til stein.

– Dei har takka meg for at nokon endeleg fortel sanninga, seier han lattermildt.

Uthaug kan berre røpe ein liten detalj:

– Det einaste eg kan er vel å sitere ein karakter i den første filmen: «Det er nokon som alltid har visst.»

ENDRINGSLOGG: 19.09.23 kl. 19:31.

Etter at saka blei publisert har vi endra 100 millioner menneske til 100 millioner avspelingar.

Kulturstrøm

  • – Bare så vidt han er en artist

    Flo Rida (46) er for mange unge studenter selve lyden av barndommen deres, og torsdag kveld opptrådte han i Norge.

    Han byr på nostalgi – ikke ulikt nylig norgesaktuelle Pitbull, en annen 2010-tallshelt innen partymusikk fra Florida.

    Og nostalgi selger tydeligvis: Amerikanerens konsert på studentfestivalen Uka – Norges største kulturfestival – ble fullstendig utsolgt.

    Men var det kveldens forestilling verdt de 800 kronene som hver student punget ut med? Overhode ikke, mener NRK P3s anmelder Even Samir Kaushik.

    Flo Rida på UKA 2025 i Dødens dal, Trondheim
    Terningkast 2 Konsert

    «Minimal innsats og gigantisk gevinst»

    ANMELDELSE: Flo Rida på Uka

  • Tidligere Kiss-gitarist er død

    Familien bekrefter til Variety at Ace Frehley er død, 74 år gammel. Litt tidligere meldte TMZ at han lå i respirator etter hjerneblødning.

    Frehley fikk en hjerneblødning etter at han falt i studio for et par uker siden.

    Frehley var med å starte Kiss i 1973, sammen med Gene Simmons, Paul Stanley og Peter Criss, Bandet som er kjent for pyro, ansiktssminke og kostymer.

    Kiss fikk ordentlig suksess da de ga ut konsertalbumet Alive! i 1975. Ace Frehley forlot bandet i 1982, men ble gjenforent med bandet i en periode på midten av 90-tallet.

    Han har holdt flere solokonserter i Norge, blant annet på Rockefeller i Oslo i 2015.

    En gruppe mennesker med masker som spiller instrumenter på en scene
    Foto: PAUL WARNER / AP / NTB
  • – Meir nedtona, meir angst

    Kor roleg, tilslørt og plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre nedstemt og trist?

    På «How Did I Wind Up Here?» tøyar Spellemannprisen-vinnande Jouska (30) grensene for kor mykje skjør angst sjangeren toler, og lagar eit nydeleg album i prosessen, skriv NRK P3s kritikar Sofie Martesdatter Granberg.

    Albumet blir gitt ut 17. oktober.

    en person som sitter på gulvet ved siden av en gitar
    Terningkast 5 Musikk

    «Kor plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre trist?»

    ANMELDELSE: «How Did I Wind Up Here?» av Jouska