NRK Meny
Normal

Desse avisene blir mest lest

Aftenposten er den største papiravisa, målt i lesartal, medan VG blir mest lest på nett og mobil, ifølge tala frå MBL.

Avislesing

Aftenposten er stadig den mest leste papiravisa.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

Tendensen med færre som les papiraviser, medan fleire loggar seg på nett og digitale tenester held fram. Det viser tala som Mediebedriftenes Landsforening, MBL, la fram i dag. Statistikken omfattar dei mediehusa som er medlemmar i MBL.

Fagbladet Journalisten har også laga ei grafisk framstilling av opplagstala som blei presentert i dag.

Papir

Abonnementsavisa Aftenposten er framleis den papiravisa som blir mest lest. Det er klart framfor laussalsavisa VG. Deretter er det eit godt sprang ned til Dagbladet og Dagens Næringsliv.

Dei ti mest leste papiravisene i 2015, daglege lesarar

Aftenposten

524.000

VG

390.000

Dagbladet

247.000

Dagens Næringsliv

221.000

Bergens Tidende

170.000

Adresseavisen

159.000

Stavanger Aftenblad

131.000

Klassekampen

103.000

Morgenbladet

98.000

Fædrelandsvennen

73.000

Nett

For å bøte på dei tapte inntektene frå opplagsfallet til papiravisene, samtidig som avisene ikkje har klart å tene tilstrekkeleg på nettannonsar, har det dei siste åra kome betalingsløysingar på dei fleste nettaviser. Tala viser at VG framleis er klart mest lest på nett. Deretter følger Dagbladet og Aftenposten, før det er langt ned til dei neste på lista.

Dei ti mest leste nettavisene, daglege lesarar

VG

1.920.000

Dagbladet

1.237.000

Aftenposten

827.000

Dagens Næringsliv

351.000

Bergens Tidende

188.000

Adresseavisen

155.000

Bergensavisen

115.000

Stavanger Aftenblad

113.000

Fædrelandsvennen

60.000

Nordlys

57.000

Mobil

Mobilen har blitt ein av dei viktigaste stadene folk oppdaterer seg på det som skjer i verda. Mediehusa har difor satsa mykje på dette dei siste åra. Topplista er ganske lik den som er for nett. Men det er store sprik i tala. VG som toppar er nesten dobbelt så store som nummer to, Dagbladet.

Ti mest leste aviser på mobil, daglege lesarar

VG

1.300.000

Dagbladet

704.000

Aftenposten

441.000

Dagens Næringsliv

162.000

Bergens Tidende

114.000

Adresseavisen

103.000

Stavanger Aftenblad

65.000

Bergensavisen

60.000

Nordlys

55.000

Fædrelandsvennen

42.000