Burøe melder Podme til politiet
Komikar Ørjan Burøe melder podkastplattforma Podme til politiet, skriv Journalisten. Bakgrunnen er ein episode av podkasten «Tusvik & Tønne» frå 2019, der Burøe meiner han blir skulda for seksuelle overgrep.
Komikaren har tidlegare bede Podme sletta episoden, men har fått nei, og går altså no til politiet med saka.
Dagleg leiar og ansvarleg redaktør Kristin Ward Heimdal seier dei ikkje ser noko juridisk grunnlag for å avpublisera innhaldet, og at dei tek politimeldinga med ro.