Hopp til innhold

Bokmessedirektør: – Norske forfattarar vil få massiv merksemd i Tyskland

I 2019 er Norge gjesteland ved bokmessa i Frankfurt. Norge blir også synlege på fleire andre arenaer i bokbyen.

Bokmessa i Frankfurt

NOREG I SENTRUM: Dei jobbar mot Bokmessa i Frankfurt i 2019. I dag var dei samla i Norge. F.v. Halldór Gudmundsson, prosjektleiar for «Norge i Frankfurt 2019», NORLAs direktør Margit Walsø og Juergen Boos, direktør for Bokmessa i Frankfurt.

Foto: Agnes Moxnes

I tillegg til at Norge skal vere gjesteland på verdas største bokmesse, Bokmessen i Frankfurt, skal Norge presentere både norsk litteratur og kultur i Tyskland på same tid.

– Bokmessa i Frankfurt er mykje meir enn bøker. Det er musikk, kunst, arkitektur og teater, seier direktøren av bokmessa i Frankfurt, Juergen Boos, som besøker Norge i desse dagar.

Direktøren er i Norge for å få betre innsikt i norsk litteratur og anna kultur. Han skal blant anna treffe ei rekke forfattarar og besøke museum medan han er i Norge.

– Frankfurt skal vere kulturens svar på OL. Og det skal vere ei politisk scene. I fjor då Frankrike var gjesteland, var både Frankrikes president Emmanuel Macron og Angela Merkel der, seier Boos.

Norske kunstnarar tek over kunstmuseum

Når Norge er i sentrum i Frankfurt neste år, er det ikkje berre på bokmessa i oktober. Med seg i kofferten tek Norge med seg eit litteraturprogram, som vil finne stad i heile Tyskland frå januar 2019.

LES OGSÅ: Kronprinsessen utnevnt til litteraturambassadør

I tillegg blir det utstillingar, konsertar og scenekunst med norske kunstnarar i Frankfurt by hovudsakleg hausten 2019.

– Eg er veldig spent på korleis Norge kjem til å presentere seg i Frankfurt. Det vil vere 10 000 akkrediterte journalistar på bokmessa. 60 % av alt som blir rapportert handlar om gjestelandet, seier Juergen Boos.

Eit av høgdepunkta norske kunstnarar kan by på er utstillinga ved Museum Angewandte Kunst (MAK). Heile museet blir via norsk kunst og kultur i ein periode på tre-fire månadar.

Det er museumsdirektøren, Matthias Wagner K, som skal lage utstillinga «House of Norway».

– «House of Norway» vil gje norske kunstnarar, designarar, arkitektar og andre fagmiljø høve til å vise fram Norge og det norske på ein overraskande måte for eit tysk og internasjonalt publikum, fortel Wagner K i ei pressemelding.

Kostar 50 millionar

Prosjektet «Frankfurt 2019» kostar Norge i overkant av 50 millionar kroner. Staten Norge har alt finansiert deler av prosjektet med 30 millionar kroner. Nå har Senter for norsk litteratur i utlandet, NORLA, som ansvarleg for prosjektet, skaffa nye samarbeidspartnarar.

Det betyr at prosjektet «Norge som gjesteland på bokmessen i Frakfurt 2019» er nesten fullfinansiert.

– Frankfurt-prosjektet er den største satsinga på norsk kultur internasjonalt, og legg til rette for økt kultureksport, seier kulturminister Trine Skei Grande.

Kulturstrøm

  • Brad Paisley til Norge neste år

    Countryartisten Brad Paisley vil opptre 11. juni i Ålesund og 13. juni på Hamar neste år.

    Konsertene er en del av Paisleys verdensturné «Truck is Still Working», melder Live Nation.

    Paisley har gjestet Norge flere ganger tidligere.

    Brad Paisley spiller gitar
    Foto: Rob Grabowski / AP / NTB
  • Bjørn Eidsvåg utnevnt til St. Olavs Orden

    Hans Majestet Kongen har utnevnt artist, komponist, tekstforfatter og teolog Bjørn Eidsvåg til kommandør av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden, melder Kongehuset mandag.

    Den Kongelige Norske St.Olavs Orden tildeles som belønning for utemerkede fortjenester for Norge og menneskeheten, og ble innstiftet av Kong Oscar i 1847.

    Bjørn Eidsvåg har runda 70 og er Nitimens hedersgjest
    Foto: Kristian Aune
  • Forfatter Henning Hagerup (66) er død

    Forfatter Henning Hagerup er død som 66 år gammel. Det opplyser Kolon forlag i en pressemelding.

    – Henning var en av Norges fremste essayister, kritikere og oversettere, og han var min venn, rådgiver og mentor i nærmere 30 år, skriver forlegger i Kolon, Bjørn Aagenæs i pressemeldingen.

    – Henning hadde mye ugjort, og vi hadde en hel del planer om fremtidige utgivelser, skriver han videre.

    Han var barnebarn av forfatter Inger Hagerup.

    Henning Hagerup
    Foto: Ingrid Pop / KOLON FORLAG