Hopp til innhold
Anmeldelse

Kloke ord frå dødsriket

Når den døde prostituerte snakkar, er det vel verdt å lytte. Stridsberg har skrive ein naturstridig roman – og kjem unna med det.

Sara Stridsberg

Sara Stridsberg skriv vakkert om det forferdelege på ein særeigen måte.

Bok

«Kjærlighetens Antarktis»

Sara Stridsberg

Oversatt av Monica Aaasprong

Skjønnlitteratur

2019

Aschehoug

Kristina går på gata og ho går på heroin. Du har sikkert sett henne, eller hennar folk: «Jeg var allerede død, det hadde jeg vært lenge, som et begravelsesfølge vandret vi gjennom Stockholm, jeg og vennene mine.»

Så er steget over til den verkelege døden verken stort eller skremmande. Ein dag blir Kristina, eller Inni som ho blir kalla, plukka opp av ein kar som valdtek, drep og parterer henne.

Boka opnar med denne ugjerninga, og i resten av romanen er Inni død. Ho fortel historia frå ein tilstand der ho kan gå nær på dei levande, følgje med på det dei gjer, men utan å sjølv bli sett eller høyrt.

Romanen sirklar kring mordet, livet som levande og tilværet som død. Stadig nye detaljar kjem fram etter kvart som historiene vert fortalde på ny og på ny.

Frå innsida

«Går det an å skrive poetisk om kriser, sjølvmord og forsømte barn utan å hamne ut i harmonisering eller utidig estetisering?» Dette spørsmålet stilte eg sist eg hadde ein Stridsbergroman til vurdering og svaret var ja den gongen og det er ja no også.

Stridsberg held seg i randsonene, anten det no handlar om rus, psykiatri, fattigdom eller alt på ein gong. Men ho nærmar seg ikkje som ein sosiolog, ein journalist eller ein sosialarbeidar. Her er verken analysar, avsløringar, moralsk indignasjon eller hjelpetiltak.

Vi er heile tida på innsida: Når jomfruskotet med heroin breier seg i årene, når ho og Shane vil ta seg av den vesle sonen Valle men ikkje greier å leggje frå seg sprøyta, når ho skal passe på veslebror sin og han druknar, når hennar eiga mor er hjelpelaust rusa, når valdtektsmannen parterer henne. Inni er heile tida inni det. Av og til dagklar, men like gjerne ør, rusa, halvvegs i draumen. Det er vakkert og det er forferdeleg, men det er ikkje spekulativt.

Varm som Antarktis

Kvifor er det ikkje spekulativt? Det har eg grubla over. Eg trur det må vere fordi Stridsberg er så kompromisslaust lojal mot personane sine og fordi ho skriv med ein sjeldan poetisk råskap. Den openbert fiktive historia er ikkje funnen på, den er dikta. Og som diktverk av høg kvalitet vekkjer dette «begravelsesfølget» av eit persongalleri djup medkjensle.

Kjærleiken er vakker, men størst av alt er rusen. Foreldre vil ta vare på barna sine, men er for hekta på heroin eller på kvarandre. I døden ser Inni det klarare.

Men kva med tittelen? «Kjærlighetens Antarktis» peikar mot kulde. Men om kjærleiken i romanen er vanskeleg, så er han langt frå kald. Kanskje tvert om kjærleiken er så varm at han gjer skade, slik menneskeleg aktivitet skadar isen på polane.

Då gjev tittelen meining og romanen får nok ein dimensjon.

Passar for deg som:

  • ikkje er redd for mørke skildringar
  • har sans for vakkert språk

Kulturstrøm

  • – Bare så vidt han er en artist

    Flo Rida (46) er for mange unge studenter selve lyden av barndommen deres, og torsdag kveld opptrådte han i Norge.

    Han byr på nostalgi – ikke ulikt nylig norgesaktuelle Pitbull, en annen 2010-tallshelt innen partymusikk fra Florida.

    Og nostalgi selger tydeligvis: Amerikanerens konsert på studentfestivalen Uka – Norges største kulturfestival – ble fullstendig utsolgt.

    Men var det kveldens forestilling verdt de 800 kronene som hver student punget ut med? Overhode ikke, mener NRK P3s anmelder Even Samir Kaushik.

    Flo Rida på UKA 2025 i Dødens dal, Trondheim
    Terningkast 2 Konsert

    «Minimal innsats og gigantisk gevinst»

    ANMELDELSE: Flo Rida på Uka

  • Tidligere Kiss-gitarist er død

    Familien bekrefter til Variety at Ace Frehley er død, 74 år gammel. Litt tidligere meldte TMZ at han lå i respirator etter hjerneblødning.

    Frehley fikk en hjerneblødning etter at han falt i studio for et par uker siden.

    Frehley var med å starte Kiss i 1973, sammen med Gene Simmons, Paul Stanley og Peter Criss, Bandet som er kjent for pyro, ansiktssminke og kostymer.

    Kiss fikk ordentlig suksess da de ga ut konsertalbumet Alive! i 1975. Ace Frehley forlot bandet i 1982, men ble gjenforent med bandet i en periode på midten av 90-tallet.

    Han har holdt flere solokonserter i Norge, blant annet på Rockefeller i Oslo i 2015.

    En gruppe mennesker med masker som spiller instrumenter på en scene
    Foto: PAUL WARNER / AP / NTB
  • – Meir nedtona, meir angst

    Kor roleg, tilslørt og plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre nedstemt og trist?

    På «How Did I Wind Up Here?» tøyar Spellemannprisen-vinnande Jouska (30) grensene for kor mykje skjør angst sjangeren toler, og lagar eit nydeleg album i prosessen, skriv NRK P3s kritikar Sofie Martesdatter Granberg.

    Albumet blir gitt ut 17. oktober.

    en person som sitter på gulvet ved siden av en gitar
    Terningkast 5 Musikk

    «Kor plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre trist?»

    ANMELDELSE: «How Did I Wind Up Here?» av Jouska