Morild Ertresvaag blei kjærast med ein tysk soldat under andre verdskrig, mens foreldra var aktive kommunistar og motstandsfolk.
— Mor merket at det var noe jeg holdt hemmelig. «Se meg i øynene og si at du ikke går med en tysker», sa hun, men da måtte jeg jo si at «Jo, jeg gjør det», forteller 93 år gamle Morild i Radiodokumentaren.
- Hør radiodokumentaren:
Lebensborn
Morild var ikkje aleine. Kanskje så mange som hundre tusen norske kvinner hadde eit forhold til menn i tysk teneste, og forholda resulterte i mellom 10.000 til 12.000 born.
Far til Morild var fagforeiningsmann og levde på flukt og i skjul store delar av krigen.
Gestapo sat vakt i leilegheita deira natt og dag i tre veker, utan å få tak i han, mens mora Ragnhild blei bragt til fangeleiren på Grini.
(Teksten fortsetter under bildet.)
Samstundes var Morild blitt gravid med Max, som var i tysk marineteneste i Oslo.
— Nå har dere tatt både landet vårt og jentene våre. Jentene våre kan dere beholde, men landet vil vi ha tilbake, var beskjeden den unge soldaten fekk av far til Morild.
Seks veker før Morild skulle føda ordna Max plass til henne på føde- og mødreheimen i Hurdal. Hurdalsverk var ein del av Lebensborn-prosjektet som Heinrich Himmler starta for å sikra utviklinga av den ariske rasen.
Ugifte mødre som venta born med tyske soldatar kunne koma dit og føda. For Morild var det enklare å dra dit enn på offentleg sjukehus. Dottera til Max og Morild blei fødd i oktober 1942.
Skammen
— Jeg tenkte nok at mine foreldre skammet seg og at de var bedrøvet.
Då Ragnhild slapp fri frå Grini etter elleve månadar arrangerte ho bryllaup for dottera. Ingen i familien ønskte å vera med, og to tyske kollegaer av Max var vitne under den enkle seremonien på Stortinget.
Då vielsen var over, var Morild blitt tysk statsborgar, og som tysk sivil måtte ho forlata landet. 23 år gammal sat ho på overfylte tog gjennom eit utbomba Europa med ein ni månadar gammal baby på armen.
Nytt liv i Tyskland
— Jeg satt på kofferten min i gangen, med barnet på fanget. Jeg husker jeg hadde med meg en flaske kaffe, som jeg ville hive ut når den var tom. Det satt en tysker i sivil ved siden av meg. «Ikke kast den» sa han. Han var fra Hamburg og hadde fått beskjed om at hele familien var utbombet. En tom flaske kunne være verdt mye. Det var så rart å tenke på.
Morild tok namnet til Max, Nirschl, og kom til ein liten landsby utanfor München. No har ho budd der i 70 år. Max tenestegjorde i Norge resten av krigen, og kom seinare i fransk fangenskap i tre år.
Det skulle ta heile fem år før det unge paret blei gjenforent, og då dei møttes att var dei på mange vis framande for kvarandre. Dei fekk tre jenter saman, og levde saman til dei var 70 år.
Max døydde for to år sidan, og på gravstein har Morild gravert sitt namn inn ved sida av hans. Berre sluttdatoen står open.
«Max og Morild - ei historie om kjærleik, svik og lojalitet». I radiodokumentaren laurdag 9.mars kl 10.03 på NRK P2. En dokumentar av Kari Hesthamar, teknisk regi er ved Kåre Johan Lund, og konsulent Vibeke Haug.