Orfattigdom eller poesi
- Det er ikkje dokumentert at Jesus banna, men Gud veit, seier språkorakelet Sylfest Lomheim til Radio Røynda.
Lomheim som du høyrer i Språkteigen på P2, som som har skrive ei bok med same namn trur det er sunt å banna. Sjølvsagt kan for mykje banning vitne om ordfattigdom, men på den andre sida kan banning vera vakker ordkunst. Reine poesien. Fellestrekket i all banning er at orda må vera etablerte som tabu. Elles skil banninga seg veldig frå land til land.
Norsk banning
Vetle-Ivar bannar på norsk
Dette er meiningar og påstander som er musikk i øyro til Vetle-Ivar. Han bannar sjølv ein del og då helst ved hjelp av orda; Fan og Satan.
På den måten er Vetle-Ivar typisk norsk. For her i Norden har banninga vanlegvis fokus på Gud og Jævelen. I USA ligg senteret for banninga under beltestaden.
- USA har vaginalt og analt fokus, seier Lomheim.
Og i Europa er det skilnad på korleis vi bannar. I katolske land som td Spania og Italia er dei veldig kreative og blandar element frå kjønn, mor og religion noko som kan gi bannskap som dette:
"Eg drit i nattverdsbrødet!"
Soprano-mafiaen bannar på typisk amerikansk.
Fleire døme og meir banningshistorikk får du denne utgåva av Radio Røynda