Faktaboks
Utdrag frå Vetle-Ivars Faktaboks:
FAKTABOKS!! Giovanni Giacomo Casanova levde frå 1725. Han daua i 1798. Kom frå Venezia. Var Eventyrar, diplomat, finansmann og forfatter. Studerte jus og teologi, men blei jaga frå presteseminaret grunna nokre kjærlighetshistoriar.
Svensk Casanova
Den italienske Casanova er ganske velkjend. Den svenske er meir ukjend, men kjærleikslivet hans er minst like imponerande.
For den svenske Casanova var ein svær svart okse, som budde i Varabo, saman med ein 52 år gamle bonden.
På nabogjerda til Casanova var det plenty med kyr, for der dreiv ei landbruksbedrift med kjøtproduksjon.
Det var desse kyra oksen Casanova gjekk og og sikla på. Og han nøydde seg ikkje med å sjå.
For i følge vitne pleidde Casanova å hoppa over grinda for å koma seg inn til kyrna, eller han gjorde ein vri - og sprang rett gjennom grinda når kåtskapen vart for stor.
Avkastning
Dette resulterte i minst ni drektige kyr, noko som eigarane av kyra ikkje likte. Dei gjekk til sak mot Casanova og krevde nær 50 tusen i erstatning.
Casanova og eigaren hans nekta å betala, og dermed hamna saka i Lidköpings Tingrett.
Korleis rettsaka gjekk, kva som skjedde med oksen Casanova -og meir fakta frå Faktaboksane til Vetle-Ivar høyrer du i denne utgåva av Radio Røynda.
Redaktør Finn Tokvam og Vetle-Ivar
Radio Røynda er laga av Finn Tokvam, Vetle-Ivar og musikken er av Finn-Erix.