Hopp til innhold

Kva bør du sjå på kino i jula?

Jula er kinotid for svært mange, men kva for kinofilmar er det verdt å få med seg i år?

Legenden om Narnia: Reisen til det ytterste hav

Familiefilmen 'Legenden om Narnia - Reisen til det ytterste hav' kan nok fort verte ein populær film på kino i jula.

Foto: 20th Century Fox / Filmweb

Programleiar i Filmbonanza i NRK, Vegard Larsen, og filmmeldar i Dagbladet, Inger Merete Hobbelstad plukkar ut sine favorittar blant kinopremierane i jula.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Film om dei stakkars stjernene

Ein av filmane som har premiere 25. desember er Somewhere av Sofia Coppola. Ho fekk sitt store gjennombrot med filmen Lost in Translation i 2003. Somewhere fekk den prestisjefylte Gulløven ved filmfestivalen i Venezia tidlegare i år.

– Det er ein film veldig mange har sett fram til. Ho går her igjen inn i det tomme livet til dei rike og berømte, og ser det gjennom ei absurd linse, seier Inger Merete Hobbelstad.

Filmen tek opp litt av den same tematikken som Lost in Translation, og sjølv om den første filmen kanskje er meir velluka, meiner Hobbelstad at Somewhere er verd å få med seg. Vegard Larsen er ikkje heilt samd.

Somewhere er i tommaste laget for min del. Ho lagar ein film for ein elite og overklasse som det er vanskeleg å relatere seg til, vi berre observerer det tomme Hollywood-livet, seier Vegard Larsen.

Video Filmtrailer - Somewhere

Sjå traileren til 'Somewhere' av Sofia Coppola.

Noomi Rapace i drama

Vegard Larsen

Vegard Larsen, programleiar for Filmbonanza.

Foto: Dagbladet

Filmbonanza-programleiaren synest heller ein bør sjå filmen Om guder og mennesker. Den franske filmen er basert på ei sann historie og handlar om ei gruppe munkar i eit kloster i Algerie.

– Det er ein svært stillferdig film, men julas vakraste og såraste film, meiner Vegard Larsen.

Inger Merete Hobbelstad gler seg også til Om guder og mennesker. Men også ein svensk film er på lista over filmar ho gjerne vil få med seg i jula.

– Pernilla Augusts regidebut Skyggesiden skal vere eit svært sterkt drama frå Sverige, med Noomi Rapace, sist sett som Lisbeth Salander, i hovudrolla.

Video Filmtrailer: Om guder og mennesker

Filmtrailer: Om guder og mennesker

I tillegg kan ein sjå den franske filmen Konserten, og The Town med Ben Affleck på kino frå 25. desember.

Tid for familiefilm

Inger Merete Hobbelstad

Inger Merete Hobbelstad, filmkritikar i Dagbladet.

Foto: Alexander Fredriksen / NRK

Jula er også for mange tida for familiefilm, og 1. juledag har filmane Legenden om Narnia - Reisen til det ytterste hav og Megahjerne permiere.

Medan Megahjerne er ein animasjonsfilm basert på superheltsjangeren, er Narnia-filmen den tredje i rekkja i filmatiseringa av bøkene til C.S. Lewis.

– Dette er kanskje den mest fragmenterte av bøkene, det slit dei litt med å gjere til ei god dramatisk forteljing. Men den har definitivt sine kvalitetar, seier Hobbelstad.

Video Filmtrailer: Legenden om Narnia

'Legenden om Narnia - reisen til det ytterste hav' kjem på kino i jula.

Juleklassikarar heime i stova

Ogs skulle ikkje nokon av årets premierer falle i smak, kan ein alltid finne fram nokon av dei gamle juleklassikarane, meiner Larsen og Hobbelstad.

Men dei er begge samde i at mange av julefilmane er ganske enkle og sentimentale, og toler kanskje ikkje å verte sett om att og om att.

Skyggesiden

Noomi Rapace speler hovudrolla i 'Skyggesiden'.

Foto: Rolf Konow / Rolf Konow

– Ein av dei filmane som ein fint kan sjå igjen er derimot Die Hard 1 og 2, som i aller høgste grad er julefilmar, meiner Hobbelstad.

Ho synest også A Christmas Carol av Charles Dickens er ei historie som framleis held mål, sjølv etter å ha vorte filma i eit utal versjonar.

– Den ultimate julefilmen, filmhistorisk sett, er It’s a wonderful Life av Frank Capra, synest Larsen.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

  • Kva film skal du få med deg i jula - og kva er den beste julefilmen som har vorte laga?

Kulturstrøm

  • Taylor Swifts «reklamefilm» for det nye albumet inn på kinotoppen i USA

    To uker før utgivelsen av Taylor Swifts nye album, «The Life of a Show Girl», ble det offentliggjort at albumet ville få følge av en 89 minutter lang kinofilm med musikkvideoer, bak scenen-filmer og låttekster.

    På tre dager – 3. til 5. oktober – som filmen «The Official Release Party of a Show Girl» var å se på 3702 amerikanske kinoer, spilte den inn 33 millioner dollar, ifølge Deadline. Det tilsvarer nærmere 330 millioner norske kroner.

    (NTB)

    Taylor Swift - nært kvinne med mørk blondt langt hår, rød leppestift og vi ser kanten på en rød kjole
    Foto: Jordan Strauss / AP
  • Robbie Williams-konsert i Tyrkia avlyst

    En kilde ved provinsmyndighetene i Istanbul oppgir «sikkerhetsbekymringer» som årsak overfor nyhetsbyrået AFP uten å utdype. Williams skriver også på Instagram at sikkerhet er årsaken til at konserten blir avlyst, og beklager sterkt for at han ikke får opptrådt.

    Konserten i Istanbul ville funnet sted på samme dato som Hamas-angrepet mot Israel i 2023 som førte til krigen i Gaza. I forkant av konserten hadde mange aktivistorganisasjoner tatt til orde for at den måtte avlyses, og Williams ble omtalt som «sionist». Det var også planlagt demonstrasjoner.

    Williams, som har en kone som er jødisk, opptrådte i Israel både i 2015 og 2023. Han måtte tåle mye kritikk for at han gjorde det.

    (NTB)

    Robbie Williams - nærbilde av mann med mørk grått hår og rosa dress
    Foto: Chris Pizzello / AP