Hopp til innhold

Anonymitet aukar nedlastinga

No stig talet på ulovleg nedlastingar att i Sverige.

Sverige internett
Foto: Montasje: NRK/Magne Hansen, foto: Colourbox

Den ulovlege nedlastinga av film og musikk gjekk ned med 30 prosent då IPRED-lova tredde i kraft 1. april i år, og det vart mogleg for opphavsretteigarane å forfølgje nettbrukarar som driv med fildeling.

Lovar anonyme IP-adresser

Men no aukar altså fildelinga igjen, og er allereie på same nivå som i januar. Dette heng truleg saman med at mange breibandselskap annonserer med anonyme IP-adresser, som ikkje kan sporast tilbake til brukarane. Desse selskapa har no fått mange nye kundar.

- Vanlegvis lovlydige svenskar, tek no sjansen på å drive med fildeling att, rapporterer Berit Rekaa frå Stockholm.

Om breibandselskapa verkeleg kan halde det dei lovar med anonyme IP-adresser er ikkje sikkert.

Dette er vanskeleg juridisk, Regjeringsretten har nemleg slått fast at IP-adresser skal sjåast som personopplysingar i Sverige, og dette kan dermed ikkje leverast ut til kven som helst. Det store spørsmålet vert kven som skal kunne få ut desse opplysingane om IP-adressene.

LES ÒG: Trekker Telenor for retten

LES ÒG: Piratene til kamp for anonymisering

I tillegg kjem Sverige truleg snart til å vedta datalagringsdirektivet til EU. Det er sannsynleg at dei då må oppgje IP-adressene likevel. Dermed er det fare for at breibandsselskapa ikkje kan halde IP-adressene anonyme særleg lenge.

- Må meine om fildeling

Fildelinga har engasjert mange i Sverige, spesielt unge menneske.

- Det har vorte eit spørsmål om integritet for mange. Det byrja med at IPRED-lova og Pirate Bay-dommen gjorde svenske ungdommar vart medvitne om personvern og fildelingsproblematikk. Som eit resultat har Piratpartiet vorte valt inn i Eu-parlamentet , fortel Berit Rekaa.

Det svenske Piratpartiet vart valt på at dei vil sikre personvern på nettet. Valresultata har fått følgje også for dei andre politiske partia i Sverige.

- Andre politiske parti har no innsett at dei må ha ei meining om fildeling. For eitt år sidan var det ei sjølvfølgje at fildeling ikkje kunne tillatast, men no vaklar partia. Dei snur kanskje ikkje heilt, men dei snakkar om at ein må finne ei ordning, og følgje med i teknologien i 2009, seier Rekaa.

Kulturstrøm

  • Ingen nordmenn har klart det etter dem

    Lørdag 19.oktober 1985 ringte telefonen i leiligheten der Morten, Magne og Pål bodde i London. Det var med beskjeden om at låta deres Take On Me hadde nådd 1.plass på den amerikanske Billboard Hot 100-lista. Nå hadde a-ha den singelen som var mest spilt på radioer og mest kjøpt av folk i hele USA. Etter det har ingen nordmenn hatt musikk på toppen av den listen!

    -Vi startet på toppen sier Magne Furuholmen i intervjuet du kan høre i Musikklivet, og denne endret alt.

    Take On Me startet som "The Juicy Fruit Song", med bare melodien og riffet til Magne og Pål i deres første band Bridges. Mortens sang på refrenget er inpirert av Richard Strauss «Also sprach Zarathustra». Tempoet er like raskt som en moderne technolåt. Og videoen med tegneseriesekvensen var banebrytende, og ofte etterlignet siden.

    40 år senere listes Take On Me fortsatt opp blandt popens beste låter. Riffet gjør sangen gjenkjennlig på få sekunder. Og fortsatt er det nesten umulig å synge som Morten på refrenget, som går over 2 1/2 oktav.
    - Den var ikke laget for å være noen sing-a-long, forteller Magne i Musikklivet.

    Morten Harket, Magne Furuholmen og Paul Waaktaar-Savoy
    Foto: Michael Ochs Archives / Getty Images
  • – Bare så vidt han er en artist

    Flo Rida (46) er for mange unge studenter selve lyden av barndommen deres, og torsdag kveld opptrådte han i Norge.

    Han byr på nostalgi – ikke ulikt nylig norgesaktuelle Pitbull, en annen 2010-tallshelt innen partymusikk fra Florida.

    Og nostalgi selger tydeligvis: Amerikanerens konsert på studentfestivalen Uka – Norges største kulturfestival – ble fullstendig utsolgt.

    Men var det kveldens forestilling verdt de 800 kronene som hver student punget ut med? Overhode ikke, mener NRK P3s anmelder Even Samir Kaushik.

    Flo Rida på UKA 2025 i Dødens dal, Trondheim
    Terningkast 2 Konsert

    «Minimal innsats og gigantisk gevinst»

    ANMELDELSE: Flo Rida på Uka

  • Tidligere Kiss-gitarist er død

    Familien bekrefter til Variety at Ace Frehley er død, 74 år gammel. Litt tidligere meldte TMZ at han lå i respirator etter hjerneblødning.

    Frehley fikk en hjerneblødning etter at han falt i studio for et par uker siden.

    Frehley var med å starte Kiss i 1973, sammen med Gene Simmons, Paul Stanley og Peter Criss, Bandet som er kjent for pyro, ansiktssminke og kostymer.

    Kiss fikk ordentlig suksess da de ga ut konsertalbumet Alive! i 1975. Ace Frehley forlot bandet i 1982, men ble gjenforent med bandet i en periode på midten av 90-tallet.

    Han har holdt flere solokonserter i Norge, blant annet på Rockefeller i Oslo i 2015.

    En gruppe mennesker med masker som spiller instrumenter på en scene
    Foto: PAUL WARNER / AP / NTB