Av:
Lars Amund Vaage
«Tangentane»
Oktober 2005
Det står i Bibelen at unge menn skal ha store draumar, og det høyrest ganske fint ut. Men når halvgamle gubbar gjev seg til å drøyme store draumar, ja då er det straks meir komplisert. Er det midtlivskrisa, er han blitt godt galen eller er det ein fin ting når ein sokneprest med gråstenk prøver å realisere ungdomsdraumen han ikkje hadde mot til å satse på den gongen han var ung?
Frelsar eller Freistar
Det fine med Lars Amund Vaages roman «Tangentane» er at den ikkje svarer på dette spørsmålet. Presten, som går med ein pianist i magen, er patetisk og latterleg, men han er også eit kjempande menneske som nektar å akseptere at herfrå og ut skal det vere gravferder og kyrkjekaffiar medan kona dyrkar hobbyar som makramé og blomsterdekorasjon. Presten prøver å forstå det som skjer, men han greier ikkje å finne ut om det er Frelsaren eller Freistaren som kallar han vekk frå prestegjerninga. Tolkingsuniverset hans går i oppløysing, bibelversa og dei faste formularane han har berga seg med før, stokkar seg og blir til nonsens.
Den som følgjer med i samtidslitteraturen vil kjenne den kriseramma mannen. Han kan heite Doppler, eller Wankel, eller Tommy Kristoffersen. I dei mest alvorlege tilfella har han ikkje eingong namn. Dei som kjenner Lars Amund Vaages forfattarskap vil også kjenne den spesielle krisa som oppstår der den sunne fornuft opphøyrer og valet står om å ta det store spranget ut i det ukjente, anten dette heiter kunst, psykoanalyse eller kanskje galskap.
Sider ved deg sjølv
Men vår mann er ikkje ein Wilhelm Reich eller ein habil pianist som i tidlegare bøker av Vaage. Vi veit ikkje om han har eit grensesprengande talent som må realiserast, eller om han berre er ein surrekopp som kjedar seg på jobben.
Dermed blir det opp til lesaren å finne ut kva slags kar sokneprest Ulvik er, og kva det er som rir han. Og mens ein lurer på det, og mens ein kanskje til og med morar seg over stakkaren, kan ein heilt uforvarande risikere å kjenne att sider ved seg sjølv.
Kulturnytt, NRK P2, 14. september 2005
Lyd og video
- Lars Amund Vaage
- Anmeldelse «Tangentane»
- Bokanmeldelser
- Lars Amund Vaage
- Anmeldelser romaner/noveller
Lenker