Hopp til innhold
Anmeldelse

«Med så eindimensjonale personar, er det ein bragd å skape ei så god bok som dette»

Nina Lykkes fastlege slyngjer ut diagnosar over samtida med vidd og ironi. Dessverre er nesten alle personane i romanen klipt ut av papp.

Bokomslaget til Full spredning og portrettbilde av Nina Lykke
Foto: Forlaget Oktober og AGNETE BRUN
Bok

«Full spredning»

Nina Lykke

Roman

2016

Oktober

Fastlegen Elin har bikka 50 og bruker fritida i sofaen. Der sluker ho TV-seriar og vin i store kvanta, mens legeektemannen joggar eller går på ski. Stabile forhold, heilt til eksen frå ungdommen, Bjørn, dukkar opp på Facebook.

«A few stolen kisses and no harm was done», som Bob Dylan syng, men det stoppar ikkje der.

Dermed flyttar Elin frå sofakroken og inn på kontoret der ho fører lange samtalar med skjelettet Tore – eit naturleg inventar på eit legekontor – mens ekteskapet kollapsar. Det går ut over nattesøvnen og ikkje minst går det ut over pasientane: No seier ho høgt det ho før har halde inne med. Elin tek livsløgna frå det eine gjennomsnittsmennesket etter det andre, og skandalen er eit faktum. Parallellen til lærar Ingrid i romanen «Nei og etter nei» er tydeleg, både når det gjeld samtidsdiagnose og erotiske forviklingar.

For lite jantelov i velferdsstaten

Dei moderne pasientane har lese seg opp på nettet og veit kva dei vil ha. Legen skal levere varene: skrive ut ein resept på noko som gjer livet lettare, eller sende dei vidare til psykolog.

«Å, som jeg hater de velfødde og bortskjemte små forbrukerne som sitter der og strekker de fete lankene sine ut etter stadig flere velferdsgoder (…) vi har for lite jantelov, det er det som er problemet.»

Den nye Elin har fått nok. Ho vil ikkje lenger vil rydde opp etter ektemannen og fikse alt det pasientane ikkje gidd å ta tak i.

Fleirdemensjonal kritikk og flate personar

Nokon må ta seg saman og det er ikkje Elin, men alle andre, faktisk. Det er moro å lese, det er sikkert moro å diskutere i lesesirklar og klasserom: «Har Elin rett? Grei ut og drøft påstandane.»

Men etter kvart som poenget er knadd og formulert på ulike måtar, melder den kritiske ettertanken seg. Elin, som fører ordet, tek stor plass, men gjev likevel såpass lite av seg sjølv at interessa for henne dalar etter kvart. Ho veit at ho lurer seg sjølv, men eg blir sitjande å tenkje på at Trude Marstein og Anne Oterholm har gått inn i denne grumsete delen av sinnet der attrå møter lag på lag med vilje på langt meir interessant vis.

Det kjem lite ut av barndomserfaringane hennar, som elles er dramatiske nok. Og det er smått utruleg at smartingen Elin har vore gift med ein mann utan eigenskapar eit halvt liv utan å oppdage det. Den mest interessante personen i romanen nest etter Elin, er kontorskjelettet Tore.

Sagt på ein annan måte: Med så eindimensjonale personar er det ein bragd å skape ei så god bok som dette. Kritikken av livsløgner hjå pasientar i velferdsstaten er frisk, og treffer meir enn berre pasientgruppa. Ei sterkare integrering av tematikk og personar ville gjort «Full spredning» til ein skikkeleg susar.

Bokomslag «Full spredning» av Nina Lykke
Foto: Oktober forlag

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober