Hopp til innhold
Anmeldelse

Svartglødande romankunst

Når du lengtar etter å kome i fengsel, alternativt: håpar at kjellarbua treng grundig opprydding, ja, då er det skralt stell. Carl Frode Tiller er framleis noregsmeister i kunsten å skildre ekstremt forknytte, forstilte og fortvilte menneske.

Carl Frode Tiller

«Her er ein mann i bitter strid med seg sjølv og verda», skriv litteraturkritikar Marta Norheim om Terje, hovudpersonen i Carl Frode Tillers nye roman.

Foto: Mariam Butt / NTB scanpix

  • TITTEL: Begynnelser
  • FORFATTAR: Carl Frode Tiller
  • FORLAG: Aschehoug

Det er Terje denne gongen, og han talar direkte til oss. Ikkje at det treng å vere så spesielt, men i dei siste romanane sine har Tiller valt å la eit kollektiv av andre personar få gje sine versjonar av kven hovudpersonen er. Slikt skaper naturleg nok store tolkingsrom, ettersom ulike versjonar kjem til syne.

Når Terje tek ordet, er det likevel meir enn nok å gruble over for den som har hang til slikt. For her er ein mann i bitter strid med seg sjølv og verda.

Fanga i sitt eige tankespinn

Vår mann arbeider i ein miljøetat, truleg på fylkeskommunalt nivå. Han er sterkt engasjert i natur- og miljøvern, og ser seg som ein «byråkratiets Noa». I sine beste stunder går han opp i naturen og den fantastiske kompleksiteten der, eller han forklarer om denne til politikarar som er redde for at miljøvern skal koste noko.

Men når naturelskaren møter andre menneske, blir det problem. Sjølvrefleksjonane når raskt eit invalidiserande nivå, og omverda ser ein taus mann, alternativt ein mann som speler utsøkt dårleg teater, med replikkar og gestar som for det meste ligg i registeret frå uforskamma via grov og destruktiv til direkte vondskapsfull. Vi som ser innsida, veit at han forstiller seg og vurderer forstillinga – for ikkje å seie forestillinga – heilkontinuerleg. Både kjærleik og venskap blir sett på prøve.

Kva er det med Terje?

Carl Frode Tillers Begynnelser

Romanen opnar med at han ligg på sjukehus etter eit sjølvmordsforsøk. Frå dette nullpunktet der han verken kan snakke eller forstille seg, følgjer vi han bakover i tid, kapittel for kapittel. Etter kvart som stadig fleire brikker fell på plass, kjem det eit bilde til syne. På siste side, når vi er framme ved starten tittelen spelar på, er det framleis brikker som manglar. Det er heilt greitt, vi har fått vite nok.

Kva er det med Terje? Alle menneske som er ærlege mot seg sjølv, vil vite at dei har ein flik av det vi kan kalle Terje-syndromet. Det moderne vestlege mennesket lir av sterk sjølvrefleksjon; det er ei side ved moderniteten som har blitt ytterlegare forsterka av dei stadige sjølvpresentasjonane og tilbakemeldingane på sosiale media. Dette siste er ikkje Terjes arena, han har låst seg godt nok fast i sitt eige tankespinn.

Du er i ferd med å bli psykotisk, Terje, tenkte eg, men eg visste at det var berre ønsketenking, eg var ikkje i stand til å flykte inn i ein psykose, eg sat fast i meg sjølv.

Carl Frode Tiller / Begynnelser

Det er mørkt, men det er uhyre sterk lesnad. Når denne mannen strir med seg sjølv og taper igjen og igjen, sporar det lesaren til å tenkje over kven det er som kjempar der inne, og då er vi godt i gang med livsgåtene. Det er også sterkt fordi Tiller plasserer dette plaga mennesket inn i vår tid og let han vise fram ei typisk og svært komplisert side ved det moderne livet. Men ikkje minst er det medrivande lesnad fordi vi bokstavleg talt blar oss bakover i historia til Terje.

Lesaren veit frå starten av boka korleis det går, spørsmålet blir dermed eit stort kvifor. Det kjende Tiller-landskapet blir skildra frå ein annan vinkel. At Terje formidlar naturkunnskap og kuriosum til alle som vil høyre og dermed også til lesaren, er bra for både romanen og hovudpersonen.

Burleske filmscener

Tillers forfattarskap har fått mange karakteristikkar, komisk er ikkje blant dei. Men i «Begynnelser» går han til tider gjennom det svarte og ut på andre sida. Det hysterisk fryktelege bryllaupet mellom Turid og Terje endar med at den alkoholiserte mora drikk seg dritings og søstera gjer eit halvhjarta, men spektakulært forsøk på å ta livet sitt, medan svigermora skjer tenner og tenkjer på alle pengane ho har lagt ut for denne festen. Her kan ein sjå for seg kva ulike filmskaparar frå Bergman via Kaurismäki til Sofia Coppola kunne fått ut av manuset.

Det er rom for meir svart komikk av dette slaget i forfattarskapen. Ikkje for å ta brodden av dei problema og tilstandane han fører oss inn i, men for å tilføre oksygen når ein slit med pustevanskar i det lukka universet. Dei fleste overlever, trass alt.

  • Fleire meldingar frå NRK:
Spionenes arv - forside

​«Spionenes arv» av John le Carré: Kaldkrigsspionen George Smiley er John le Carrés viktigste og mest berømte karakter. I «Spionenes arv» er han tilbake mellom permene. En ren glede for leseren.

Toril Brekke, Alle elsket moren din

«Alle elsket moren din» av Toril Brekke: Det forsømte barnet er ein kjend figur i samtidslitteraturen. Toril Brekke er av dei som greier å skildre slike frå innsida, noko ho viser på ny i romanen «Alle elsket moren din».

David Lagercrantz: Mannen som jaget sin egen skygge

​«Mannen som jaget sin egen skygge» av David Lagercrantz: Med Lisbeth Salander – langt på vei – henvist til listen over viktige bipersoner, er det få gode grunner igjen til å fortsette Millennium-serien. Bortsett fra pengene.

Kulturstrøm

  • Ny undersøkelse: Færre leser for barna sine

    Stadig færre foreldre leser høyt for barna sine. Andelen boklesere i befolkningen synker sakte, viser Leserundersøkelsen 2024, som blir sluppet i dag, skriver Den norske forleggerforeningen i en pressemelding.

    – Foreldres lesing er avgjørende for barns ordforråd og leseglede. Nå faller også disse tallene, dette er dramatisk, sier Trine Skei Grande, administrerende direktør i Forleggerforeningen.

    Én av fire foreldre leser aldri høyt for barna sine. I 2017 svarte 93 prosent av foreldre med barn under 10 år at de leste høyt for barna sine. I 2023 var tallet 75 prosent. Samtidig viser undersøkelsen at de som leser for barna sine, gjør det oftere enn før.

    Leseundersøkelsen har blitt gjennomført av Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen siden 1977.

    – Leserundersøkelsen bekrefter at vi trenger et krafttak for lesing, sier Trine Skei Grande i Forleggerforeningen og Anne Schiøtz i Bokhandlerforeningen.

  • Årets verk og Årets utøver

    Årets verk og Årets utøver 2023 ble delt ut i Spillerom, NRK P2, søndag 21. april. Dirigent og fiolinist Lars-Erik ter Jung er kåret til Årets utøver 2023. Tre vinnere får prisen Årets verk; Jan Erik Mikalsen for Fleurs, Nils Henrik Asheim for Organotopia, Tine Surel Lange – Two sides of the River. Prisene deles ut av Norsk komponistforening.

    Årets utøver og Årets verk 2023
    Foto: Kristin Kverndokk / NRK
  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober