Regjeringspartia Høgre og Frp gjekk på store nederlag i valet. Blant anna går både Bergen og Tromsø frå blått til raudt styre. Fleire spekulerer no i korleis dette vil påverke regjeringa, og tre kommentatorar NRK har snakka med meiner det er store sjansar for at Thorhild Widvey blir bytta ut.
– Det er godt mogleg at det er Widvey som må gå. Vi har ein kulturminister som ikkje har markert veldig stor interesse for eller kunnskap om kultur, seier Hilde Sandvik, debatt- og kulturredaktør i Bergens Tidende.
– Ikkje på linje med kulturfeltet
Mode Steinkjer, kulturredaktør i Dagsavisen, meiner det går mot eit skifte.
– Widvey sa i går at kultur hadde spelt ei stor rolle i denne valkampen. Det er ein valkamp eg ikkje har sett. Det er ganske symptomatisk for korleis ho har styrt som kulturminister. Ho er ikkje hands on på kulturlivet i Noreg, seier han.
Hilde Sandvik, debatt- og kulturredaktør i BT.
Foto: Jan M. Lillebø / Jan M. LillebøOgså samfunnsredaktør i Nordlys, Lasse Jangås, trur kulturministeren sit utrygt:
– Ja, ho kan bli bytta ut. Widvey er ikkje på linje med kultur- og kunstfeltet i Norge, seier Jangås.
VG siterer i dag kjelder i regjeringspartia som seier at det kan bli endringar. «De fleste mener det vil komme i høst, mens andre mener de kan utsettes til våren for å få ny giv inn i neste høsts budsjett arbeid frem mot 2017-valget», skriv avisa.
Kommunikasjonssjef i Kulturdepartementet, Hanne Gjørtz, skriv i ein e-post til NRK:
– Kulturministeren har sjølvsagt ingen kommentar til denne type spekulasjonar.
– Kultur ikkje framme på dagsordenen
Kulturkommentatorane trur elles ikkje det blir store endringar i kulturpolitikken, verken i Oslo, Bergen eller Tromsø.
– Som alltid i valkampar er kultur nesten ikkje framme på dagsordenen. I NRKs store valdebatt om kultur nyleg kom det heller ikkje fram tydelege skiljelinjer, seier Sandvik.
– Eg ser rett og slett ikkje for meg dei store kulturpolitiske endringane i Bergen.
LES OGSÅ: Veljarane rømde frå Frp
Kva kulturpolitikk har MDG?
I Oslo kjem Miljøpartiet Dei Grøne på vippen, og må bestemme seg for om dei vil samarbeide med høgre- eller venstresida. Mode Steinkjer i Dagsavisen meiner dei ligg nærmare Arbeidarpartiet enn Høgre kulturpolitisk.
– MDG har ikkje markert seg som det store kulturpartiet når det gjeld handling og å leggje økonomi bak. Samtidig er dei ganske tydelege på kvar dei vil med kulturpolitikken. Dei støttar til dømes ei kampsak i Oslo, som er bibliotekfilialar i kvar bydel. Vi får veldig mykje gatekunst dersom MDG får viljen sin, seier han.